Klart for Hids-fest-i-dal!
Stig Gjerde og Trond Hide gjentek suksessen frå i fjor og er godt i gong med førebuingane til årets Hids-fest-i-dal. Forskjelen i år er at arrangørane har flytt festivalen til tre veker tidlegare på sommaren for å utnytte sommarlyset. Det vil seie at festivalen går av stabelen allereie no på laurdag, 26 juni.
Det kan ved første augekast synest som om Herr Hide og Herr Gjerde ikkje heilt veit kva dei styrer med. På styremøtet over kjøkenbenken på Bøen gard, ligg papirene litt her og litt der og Trond fiskar ned endå ein bunke frå skapet over kjøleskapet. Det er trass alt ein forbetring frå i fjor, då alle papira vart borte. Men sjølv om ting tilsynelatande er kaotiske, er kvar minste detalj på stell.
- Når det gjeld musikk, finnest det ingen kompromiss, seier Trond og Stig.
Utbetra vegen
Bon Scotch, Black Age, Fatty Sunroad, Number Seven Deli, Espen Tarberg & Johnny Hide er namna på artistane som skal boltre seg på scena laurdag. Festivalen i Hidsdalen vart første gong arrangert i fjor, og fleire enn 300 menneske fann vegen opp i fjellet. I år er grusvegen planert og grusa av Jan Kenneth Bergsnes, aldersgrensa er senka frå 20 til 18, og Stig og Trond har leigd inn eige ambulansepersonell. - Det er både for vår og publikum sin sikkerheit, seier Trond, som synest det er greit å ha helsepersonell for handa om ulukka skulle vere ute. Det kostar nokre tusen ekstra, men det er det verdt, meiner karane. Hidsfestidalen har også auka teltkapasiteten frå i fjor, då dei såg at mange trekte inn under duken utover natta. Dei håper på minst like mykje besøk i år, og har kapasitet til å ta imot fleire tusen.
Variasjon i band
- Kan de seie at det var ein suksess i fjor?
- Kva meiner du med suksess, kvitterar Trond.
- Om du meiner i popularitet så var det ein ubetinga suksess. Men om du meiner i kroner og øre, så gjekk det omtrent ut i null, seier Stig. Begge stiller seg sjølve som økonomisk ansvarlege og er glade for kvar sponsorkrone dei får. For å få ein festidal med kvalitet, må ein rekne med å bruke litt pengar. - Vi ønskjer å presentere lokale og nasjonale band, seier karane, som har fått band frå både Bergen, Haugesund og Oslo. I tillegg opptrer lokale band som Black Age og Fatty Sunroad. Billettar kan kjøpast på Kafé Kuling eller ved å kontakte Stig eller Trond.
- Vi er svært takksame for velvillegheita til frivillege i lokalmiljøet, seier Trond. - Utan dei hadde vi ikkje greidd å gjennomføre arrangementet.