Adolfbuda - eit kulturelt sjøhus

Velkomen til det kulturelle sjøhuset Adolfbuda. Eit ramsalt fellesprosjekt med rom for mange slags aktivitetar. Huset er velegna både til bryllaup, åremålsdagar, firmafestar og konfirmasjonar for å nemne nokre av bruksområda.
Vidare er buda også jamt åstad for ulike konsertar, kunstutstillingar, stand-up og ikkje minst eit uttal sjømatbaserte etegilder. Med utgang frå salen til den store kaia på framsida er buda definitivt eit svært godt alternativ for di neste samkome.
Adolfbuda er utstyrt med eit godt kjøken, ventilasjonsanlegg, sitjeplassar til 100 - 140 pers i storsalen eller i mindre målestokk (20-30 pers) andre stadar i bygget. Huset har toalettfasilitetar også for bevegelseshemma og er elles tilrettelagt for at denne gruppa skal kome seg godt i kring i lokalet.