Her kan du laste ned utleigeskjema

Utleigeskjema.pdf

Utleigeansvarleg: Even Gjerde mob: 91719666

Ordensreglar for Adolfbuda

Leigetakar sine plikter i høve bruk av lokala:

Huskeliste når ein skal lage til eit arrangement:

• Slå på kjøleromskompressor dersom kjølerom skal nyttast. (Husk ventilering av bøttekott).
• Slå på varme og still inn termostatane på varmeomnane.
• Ved bruk av oppvaskmaskin må ein hand-tørke bestikk, glas og tallerkenar for å unngå flekker.
• Husk å opne kraner for kaffitrakter, oppvaskmaskin og konvekssjonsovn.
• Sjekk at der er oppvaskmiddel, kaffifilter, såpe og tørkerullar på WC, o.s.v.


Huskeliste ved opprydding og avslutting av leigeperioden:

• Slå av alle varmeovner, (om vinteren skal kun varmepumpe stå på)
• Slå av musikkanlegget.
• Tørk av alle bord og benker.
• Steng kraner for kaffitrakter, oppvaskmaskin og konveksjonsovn.
• Alle koppar og kar skal vere vaska og sett på rett plass.
• Slå av kjølekompressor for kjølerommet.
• Sjekk at alle vindu er ordentlig lukka og sikra.
• Slå av alle lys.
• Sjekk at alle dører er ordentlig låst.
• Ta med heim for vasking alle oppvaskfiller og tørkeklutar og lever desse tilbake til Adolfbuda i rein tilstand dagen etter. Dersom buda er utleigd til leigetakarar utanfor Gjerdsvika kan vasking av oppvaskfiller og tørkeklutar avtalast med utleigeansvarleg.
• Forlat Adolfbuda i same stand som du sjølv ynskjer å finna ho i når du skal leige henne.
• Lever nøkkel til utleigeansvarleg for Adolfbuda.
• Informer utleigeansvarleg dersom noko er i ustand, er blitt knust eller manglar.
• Syt for at rett betaling av husleige skjer uoppfordra til Adolfbuda sin konto: 3910.10.96754

Vi håpar at arrangementet vart fint, og at du vil nytte Adolfbuda ved eit seinare høve!

Med vennleg helsing
Styret