Historie

Adolfbuda vart første gang sett opp av Adolf Sandanger i 1913. Ho var lokalisert til Gjerdssjøen.
Med Johan Gjerde (Haue Johan) inngår Adolf i 1906 leigekontrakt på grunn til sjøhus ved Gjerdssjøen.
Leigekontrakta vert imidlertid ikkje tinglyst før i 1913, - det kan tyde på at det var då han sette opp sjøhus på grunnen. Bilete frå 1920 viser at det var bygd trekai ut frå sjøbuda. Anlegget vart brukt til kjøp og bearbeiding av fisk og sild. Etter ca. 10 års drift vart dette sjøhuset flytta til sørsida av bygda, til Sandangersjøen. Mykje kan tyde på at han då frå 1923 auka drifta og sette opp i alt 3 sjøhus som stod etter kvarandre i lengderetninga. Kaianlegg vart bygd og etter kvart ut på såpass djupne at MRF kunne legge til med sine rutebåtar.
Salting av sild i tønner skapte arbeidsplassar for mange, både kvinner og barn i skulealder.
Trandamping var ein annan aktivitet – for å utnytte alt råstoffet.
”Hybel” for trandamparen var innreidd på loftet i fremste sjøhuset.
I 1998 skulle Sandanger Hermetikk utvide fabrikken og dei måtte då av plasshensyn rive dei 3 gamle sjøbudene som i si tid var oppførde av Adolf Sandanger. Sandanger Hermetikk tok kontakt med Gjerdsvika kulturlag og tilbaud dei budene gratis + kr 20.000,- . Kulturlaget kalla bygdefolket inn til dugnad, og budene vart tømde for inventar og fjerna.
Både inventar og materialar vart merka og lagra for seinare bruk.
Tanken til kulturlaget var å finne ein egna plass for å bygge budene opp att.
Kulturlaget kalla inn til bygdamøte våren 2000, og bygdafolket fekk seie si meining om prosjektet.
Det vart då bestemt at det ville være lite hensiktsmessig å sette opp att budene slik dei opphavleg hadde vore. Dei var ikkje isolerte, dei hadde svært lav etasjehøgde, der var ingen ventilasjon, ein del av materialane var svært dårlege og ein konkluderte med at dette måtte skikkeleg utgreiast.
Ein var også etter kvart vorte klar over at dette prosjektet ville verte for dyrt for kulturlaget.
Det vart derfor bestemt at ein måtte stifte eit eige lag som skulle stå for dette prosjektet.
Andelslaget Adolfbuda vart derfor stifta og ein tok kontakt med arkitekt Sporstøl i Ulsteinvik for at han skulle hjelpe til med å utforme bygget.
Ein kom i fellesskap frem til at ein skulle reise ei ny sjøbud i gamal stil og at ein skulle legge inn nødvendig ventilasjon, brannsikring, toalett og kjøkken. Dei beste materialane som ein hadde frå dei gamle budene skulle brukast til innvendig kledning av ”festsal”, slik at denne fekk eit miljø som kunne minne om budene til Adolf Sandanger.
Bygdefolket vart kontakta, også utflytta bygdefolk, og bedt om å teikne seg for andelar og eller dugnadsinnsats. Responsen var stor, og ein såg etter kvart muligheita for å kunne få til ei finansiering av prosjektet.
Gjerdsvika Småbåtlag vart spurt om tomt, og det enda med at Adolfbuda kjøpte 2 tomter på området til småbåtlaget ved Gjerdssjøen og der reiste den nye Adolfbuda.
Då bygdefolket starta å rive budene, vart dei med ein gong omtalte som Adolfbuda, og då laget vart stifta, så var det ikkje nokon som helst diskusjon om namnet. Det var vel heilt naturleg at ein brukte dette namnet i og med at Adolf Sandanger var den som fekk sett opp budene, og gamalt folk som huska tilbake til 1930 åra fortalte at det var dette namnet som vart nytta om dei.