Her er forslag til vedtekter for Adolfbuda SA datert 22.04.2012
Vedtekter for Adolfbuda SA.
§ 1. Selskapets namn er Adolfbuda SA
§ 2. Selskapet hovudkontor og adresse er i Gjerdsvika i Sande kommune.
§ 3. Selskapets formål er å ta vare på bygningar og tilbehør og vidareføre bygda sin sjøbud historikk og samstundes skal selskapet som eigar og drivar av adolfbuda, sørgje for at buda skal være eit kultursenter og en møteplass for folk i alle aldrar og for mange slags aktivitetar. Slik skal selskapet halde ved like og bygge nye sosiale nettverk som fremjar trivsel, busetnad og næringsliv.
§ 4. Kvar medlemmsandel skal koste kr. 1000.- Eigarar av andelar i SA skal kunne opparbeide andelar gjennom å utføre arbeid for selskapet. Ordinært årsmøte fastsett kva som til ein kvar tid er gjeldande timesats for slikt arbeid.
§ 5. Det øverste organ i selskapet er ordinært årsmøte. Innkalling til årsmøte skjer med 14 dagars varsel, og ved informasjon på selskapet si internettside, og ved oppslag på Gjerdsvika Samvirkelag. Saksdokumenta kan leggast ut på selskapet sin internettside. Rett til å møte på årsmøte har alle som er medlemmer i selskapet. Kvar andelseigar har ei røyst. Årsmøtet gjer vedtak med simpelt fleirtall av dei oppmøtte medlemmane.
§ 6. Kvart medlem skal ha rett til vedtekne rabattar ved leige av Buda. Dersom eit medlem ikkje lenger ønskjer å være medlem i selskapet, kan medlemmet krevje å få tilbakebetalt sitt innskudd til pålydande. Krav om dette skal sendast styre, som har ein frist på ein månad til å foreta tilbakebetaling. Medlemsandelar kan overtakast av livsarvingar. Melding om slik overdraging skal gis skrifteleg til selskapets styre.
§ 7. Selskapet skal ikkje utbetale utbytte på medlemsandelar, overskot i selskapet skal brukast til å oppfylle selskapets formål etter § 3.
§ 8. Selskapets styre skal ha frå 3 til 5 medlemmer. Det skal veljast 2 vara medlemmer til styret. Styreleiar velges av årsmøtet. Styreleiar og styremedlemmane vert valt for 2 år av gangen.
§ 9. Dersom selskapet ikkje er revisorpliktig i medhold av norsk lov, kan årsmøtet likevel velje at selskapet sitt rekneskap skal reviderast. Til revisor kan det da også veljast ein regnskapskyndig person som ikkje er registrert eller Statsautorisert revisor.
§10. Det ordinære årsmøtet skal behandle:
Styrets årsmelding.
Rekneskap.
Val av styret og formann til styret.
Val av revisor dersom årsmøtet bestemmer at det skal velges revisor.
Øvrige saker som er nevnt i vedtektene.
Eventuelt.
§11. Selskapet tegnes av styrets formann og to styremedlemmer i felleskap.
§12. Dersom det viser seg at selskapet ikkje er teneleg for det formål det er oppretta for, skal det kunne oppløysast. Oppløysing kan skje med meir enn 2/3 fleirtal av medlemmane i ordinært årsmøte. Dersom ein ikkje ved første gangs avstemming oppnår nødvendig fleirtall, skal det kunne innkallast til ekstraordinært årsmøte der selskapet skal kunne oppløysast dersom meir enn 50% av dei frammøtte medlemmane stemmer for dette. Ved oppløysing skal all andelskapital tilbakebetalast til medlemmane til pålydande. Overskytande kapital i selskapet skal fordelast til best for bygda. Vedtak om kva som er beste for bygda skjer med minst 50% av dei frammøtte sine stemmer.
§13. For alle forhold som ikkje er regulert i disse vedtektene så gjeld bestemmelsane i Samvirkelova.
Gjerdsvika 22.04.2012