Vedtekter for Adolfbuda SA.

§ 1.  Selskapets namn er Adolfbuda SA

§ 2. Selskapet hovudkontor og adresse er i Gjerdsvika i Sande kommune, Møre og Romsdal.

§ 3. Selskapets formål er å ta vare på bygningar og tilbehør og vidareføre bygda sin sjøbud historikk og samstundes skal  selskapet som eigar og drivar av Adolfbuda, sørgje for at buda skal være eit kultursenter  og en møteplass for folk i alle aldrar og for mange slags aktivitetar. Slik skal selskapet halde ved like og bygge sosiale nettverk som fremjar trivsel, busetnad og næringsliv.

 § 4. Kvar medlemmsandel skal koste kr. 1000.- Eigarar av andelar i SA skal kunne opparbeide andelar gjennom å utføre arbeid for selskapet. Ordinært årsmøte fastsett kva som til ein kvar tid er gjeldande timesats for slikt arbeid. 

§ 5. Det øverste organ i selskapet er ordinært årsmøte. Innkalling til årsmøte skjer med 14 dagars varsel, og ved informasjon på selskapet si internettside, og ved oppslag på Gjerdsvika Samvirkelag. Saksdokumenta kan leggast ut på selskapet sin internettside. Rett til å møte på årsmøte har alle som er medlemmer i selskapet. Kvar andelseigar har ei røyst. Årsmøtet gjer vedtak med simpelt fleirtall av dei oppmøtte medlemmane.

 § 6. Kvart medlem skal ha rett til vedtekne rabattar ved leige av buda. Medlemsandelar skal ikkje tilbakebetalast.

 § 7. Selskapet skal ikkje utbetale utbytte på medlemsandelar, overskot i selskapet skal brukast til å oppfylle selskapets formål etter § 3.

 § 8. Selskapets styre skal ha frå 3 til 5 medlemmer. Det skal veljast 2 vara medlemmer til styret, desse vert valde for 1 år. Styreleiar velges av årsmøtet. Styreleiar og styremedlemmane vert valt for 2 år av gangen.

 § 9. Dersom selskapet ikkje er revisorpliktig i medhold av norsk lov, kan årsmøtet likevel velje at selskapet sitt rekneskap skal reviderast. Til revisor kan det da veljast ein regnskapskyndig person som ikkje er registrert eller statsautorisert revisor.

 §10. Det ordinære årsmøtet skal behandle:

  • Styrets årsmelding.
  • Rekneskap.
  • Val av styret, vara og formann til styret.
  • Val av revisor dersom årsmøtet bestemmer at det skal velges revisor.
  • Øvrige saker som er nevnt i vedtektene.
  • Eventuelt.

 §11.  Selskapet tegnes av styrets formann og to styremedlemmer i felleskap.

 §12.  Dersom det viser seg at selskapet ikkje er teneleg for det formål det er oppretta for, skal det kunne oppløysast. Oppløysing kan skje med meir enn 2/3 fleirtal av medlemmane i ordinært årsmøte. Dersom ein ikkje ved første gangs avstemming oppnår nødvendig fleirtall, skal det kunne innkallast til ekstraordinært årsmøte der selskapet skal kunne oppløysast dersom meir enn 50% av dei frammøtte medlemmane stemmer for dette.  Ved oppløysing skal kapitalen i selskapet fordelast til det beste for bygda. Vedtak om kva som er det beste for bygda skjer med minst 50% av dei frammøtte sine stemmer.

 §13.  For alle forhold som ikkje er regulert i disse vedtektene så gjeld bestemmelsane i Samvirkelova.     

 Gjerdsvika,     26 / 04  2012

Ordensreglar for Adolfbuda

Leigetakar sine plikter i høve bruk av lokala:

Huskeliste når ein skal lage til eit arrangement:

• Slå på kjøleromskompressor dersom kjølerom skal nyttast. (Husk ventilering av bøttekott).
• Slå på varme og still inn termostatane på varmeomnane.
• Ved bruk av oppvaskmaskin må ein hand-tørke bestikk, glas og tallerkenar for å unngå flekker.
• Husk å opne kraner for kaffitrakter, oppvaskmaskin og konvekssjonsovn.
• Sjekk at der er oppvaskmiddel, kaffifilter, såpe og tørkerullar på WC, o.s.v.


Huskeliste ved opprydding og avslutting av leigeperioden:

• Slå av alle varmeovner, (om vinteren skal ein (1) varmeomn stillast på 10 grader)
• Slå av musikkanlegget.
• Tørk av alle bord og benker.
• Steng kraner for kaffitrakter, oppvaskmaskin og konveksjonsovn.
• Alle koppar og kar skal vere vaska og sett på rett plass.
• Alle golv skal vaskast.
• Alle toalett skal vaskast.
• Slå av kjølekompressor for kjølerommet.
• Sjekk at alle vindu er ordentlig lukka og sikra.
• Slå av alle lys.
• Sjekk at alle dører er ordentlig låst.
• Ta med heim for vasking alle oppvaskfiller, tørkeklutar og golvklutar og lever desse tilbake til Adolfbuda i rein tilstand dagen etter.
• Ta med heim all søppel frå arrangementet.
• Forlat Adolfbuda i same stand som du sjølv ynskjer å finna ho i når du skal leige henne.
• Lever nøkkel til utleigeansvarleg for Adolfbuda.
• Informer utleigeansvarleg dersom noko er i ustand, er blitt knust eller manglar.
• Syt for at rett betaling av husleige skjer uoppfordra til Adolfbuda sin konto: 3910.10.96754

Vi håpar at arrangementet vart fint, og at du vil nytte Adolfbuda ved eit seinare høve!

Med vennleg helsing
Styret