Bokmelding: Nåde/Mercy

Eigentleg skulle eg lage bokmelding berre på boka Nåde av Linn Ullmann. Men fordi Nåde og Mercy av Jodi Picoult har fleire likheitstrekk vart eg nøydd til å slå dei saman. Ikkje berre har dei same tittel, men i begge bøkene vert nådedrapa gjort av ein kjærleg elskar. I Mercy er det ein ung mann som frir sin kone frå pinsler, medan i Nåde er det kona til den aldrande mannen som sett ei sprøyte på ektemannen.
Begge ofra er kreftsjuke og hadde kome til å dødd innan kort tid.
Eg synest Picoult er flinkare til å problematisere kjærleiken, - og dei mange aspekt ved den - enn Ullmann. Stadig sett Picoult ting på spissen og får lesaren til å reflektere: “ I think what was killing Maggie wasn`t the cancer, but knowing that she would be leaving Jamie behind.”
Eller ” Or did he kill her just so he could release himself from the pain by watching her suffer..?”
Dessutan krydrar Picoult historia si med fleire bifortellingar, og sett stadige spørsmålsteikn med styrka og storleiken til kjærleik. Drapsmannen Jamie vert unekteleg samanlikna med den den tilsynelatande moralske politimeisteren som er utru mot kona si. For kva er den verste handlinga? Begge vert gjort i blind kjærleik, utan å tenkje på konsekvensane. Eller snarare; på trass av dei.
Det er drapsmannen som får lesaren sin sympati.

Am com vs fjernsynsteater

Det vert likevel litt for drøyt at mannen tek livet av kona med ei pute over hovudet! Eg mistenker Picoult for å bruke denne metoda berre for å krongle til gongen gjennom rettsapparatet for drapsmannen; det vert rett og slett saftigare, meir underhaldande for oss å lese. Særleg truverdig er det ikkje.
Men det er ein vesentleg forskjel på dei to bøkene. I Mercy har drapet funne stad, i Nåde byggjer heile handlinga opp mot akta. Ullmann let heller kjenslene og skildringa av ekteskapet til hovudpersonane Johan og Mai drive historia fram. Johan forstår ikkje at ei som Mai kan elske ein som han. Han kallar henne for hans nåde. Ein fin allegori på Guds tilgjevande kjærleik. Og sjølv om eg i utgangspunktet likar kjenslemessige skildringar framfor spektakulære hendingar, og språket til Ullmann er sobert og gripande, så vert ikkje sjølve historia gripande nok. Sjølv om forfattaren har fiffige detaljar om hovudpersonane; som at Johan Sletten alltid plukkar på det eine augebrynet sitt så symmetrien i ansiktet er feil, så føler eg at eg ikkje riktig vert kjent med dei. Dei er rett og slett for lite autentiske, som fjernsynsteaterfigurar med tenkjande saudeblikk ut i lufta og med stive samtaler på riksmål. Høyr berre:
” - Du er kald, Mai.
- Jeg er ikke kald. Faen heller, Johan!
- Jeg utstår ikke tanken på å bære det fram. Jeg utstår det ikke, hulket hun.”

Eg kan ikkje hjelpe for å høyre Lise Fjeldstad inne i meg når eg les slikt. Og nokre gonger er det minsanten mor til forfattaren som tek over høgtlesinga inne i hovudet mitt:
” - Vil du vite hva det var?
- Jeg vet ikke om jeg vil vite akkurat det, Mai.
- En pike. ( Liv Ullmann tek ei pause og ser ut i lufta med tenkjande blikk. Så kviskar ho nesten umerkeleg, og ender setningen halvt spørjande, medan det stive blikket rettast endå høgare opp i lufta: )
- Det var en pike. ”

Nåde

Historia tek seg imidlertid opp då Johan har ein samtale med sin avdøde ekskone. Då vert situasjonen litt bisarr og spissfindig, men syt likevel ikkje for at landinga til boka endar akseptabelt. Til det er tema for betent. Legen i boka, Emma Meyer, seier nemleg til Mai etter at ho har tilstått: ” Han kom til å dø snart likevel. …..Du skal drikke en kopp kaffe og spise en brødskive. Etterpå skal du gå hjem og sove. Og så, om noen timer, kan dagen begynne”.
Eg synest Ullmann kastar inn håndkledet for fort, nærast berre for å verte ferdig med boka. Med eit så viktig, og omdebattert tema, vert det ein banal avslutning på det som kunne ha vore ein veldig bra bok.


(...om eg hadde skreve den, he he)

Bokmelding: Drageløperen

Aller først: tilståing

Eg må først få bekjenne at eg feilaktig har innbilt nokre uskuldige sjeler med å påstå at forfattaren av Drageløperen, Khaled Hosseini, var den same som Khalid Hossain - han som i si tid skreiv ”Pakkis”. Nokså hårreisande, sjølvsagt, og eg kan ikkje svare på kvifor det ikkje gjekk av nokre varsellys då mi beleste journalistvenninne og bibliotekardotter Ingvild, sa til meg at desse forfattarane var ein og same person.
I staden for å nytte kritisk tenking (eg visste jo at forfattaren eigentleg var amerikansk) tykte eg det var ei nokså kul, og nyttig opplysing for ein arme filialstyrar å vite. Eg har difor prøvd å dytte denne ”nyttige opplysinga” over på alle eg kjenner.
Då eg sjølv skulle låne boka av fylkesbibliotekaren på Bokbåten, og igjen prøvde å brife og heve meg sjølv nokre hakk med denne totalt talentlause, og riv ruskande gale opplysinga, vart eg nådelaust avslørt.
Med eit overberande smil konstanterte han at nei, sjølv om namna var like, var det slett ikkje same forfattar som hadde skreve Pakkis og Drageløparen. Sjølv om eg prøvde å dekke over uvitenheita mi med eit fårete smil og ein teit kommentar (i grunn hadde eg lyst til å skulde på Ingvild, men det vart kanskje vel barnsleg), tok eg boka under armen og drog heim for å lese.

Bokmeldinga

Hosseini er altså ikkje norsk, men amerikansk. Han vaks opp i Kabul, og flykta til USA i likheit med hovudpersonen i Drageløperen. Boka har fått svært gode kritikkar, og eg hadde sjølvsagt store forventingar til boka. Desse forvenningane vart ikkje mindre då bokas første sider starta med ein nydeleg skildring av hazaraguten Hassan: ” – et ansikt som på ein kinesisk dukke utskåret i hardt tre: den flate, brede nesen, og øynene, smale og skrå som på et bambusblad; øyne som skiftet med lyset og kunne vere gylne, grønne til og med safirblå. Eg kan fremdeles se de små lavtsittende ørene og den spisse hakestumpen, et kjøttfullt tillegg som så ut som om den var kommet med som en ettertanke. Og den kløyvde leppen, litt til venstre for midtlinjen, der verktøyet til den kinesiske dukkemakeren må ha glippet, eller så var han ganske enkelt blitt trett og uforsiktig”
Sukk - denne skildringa av venen til hovudpersonen er som dykk ser heilt nydeleg, og eg kroar meg under ullteppet og ventar meg fleire slike språklege nytingar. Dei kjem diverre ikkje.

Likevel altoppslukande

I staden får eg ei historie som likevel er ein av dei beste eg har lese på lenge. Ei bok eg ikkje har greidd å leggje frå meg, og så intenst oppslukt trur eg ikkje har vore sidan eg las ”Stormfulle høgder” på nytt att for to år sidan.
Historia om Amir, sunnimuslimen som veks opp med ein velståande far i Kabul på 60 og 70-talet og vennskapet hans med tenerguten og hazaraen Hasssan, er levande skildra. Særleg er oppveksten i Kabul spennande, hjerteskjerande og interessant lesing.
Eg synest historia får ein dett når Amir kjem til USA, og allereie når det er att knappe 200 sidar anar eg grunntrekka i resten av boka.
Drageløperen er likevel altoppslukande lesing, den får deg til å kjenne på følelsane så det nesten er vondt å lese (Aurora vart svært forundra då eg i spenning greidde å slite av ein flik av arket i boka fordi eg heldt det så hardt) – men boka får deg også til å kjenne på andre kjensler; glede, håp - og ikkje minst avmakt over vondskapen som kan bu i menneska.

Sjelekvaler

Eg kan ikkje la vere å tenkje på Knut Hamsun når eg skal avslutte med ein oppsummering av boka. Hamsun angreip sine forfattarkollegar i slutten av førre hundreår, og meinte historiene deira var spekka av ein lang rekkje hendingar og skildringar av ulike menneske – utan å gå inn på det viktige ”indre sjælsliv”.
Hosseini gir ikkje ei skildring av sjelslivet på den måten Hamsun ønskte.
Likevel er det paradoksalt nok nettopp det han gjer.
Alle personane - og dei små og store hendingane – får direkte konsekvensar for korleis hovudpersonen Amir Djan ser på seg sjølv, og for kva menneske han er . Utan direkte skildringar av sjælslivet, men gjennom hendingane får vi eit bilete av ein gut som slit med nokre av dei verste sjelekvaler: skuldkjensle, forakt for seg sjølv, ønskje om tilgiving og håp om ein dag å få gjere bot.


Lyst til å kommentere? Gå inn på www.vgb.no/27370

Fatter ikke hvorfor CSI er så populært

I mangel på bra serier denne høsten satte jeg meg godt til rette for å se CSI Miami som i følgje reklama er den mest sette serien i USA.
Jeg er sikkert sær altså, og skapfeminist, men fytti grisen, hvorfor skal alltid alle de kvinnelige skuespillerne være de babene, mens han som spiller den mannlige hovedrollen ikke bare har lyserødt hår, men i tilegg er kvapsete og nærmere 50 år! J.. drit!
Misforstå meg rett, jeg er en enkel sjel, synes godt at skuespillerne kan være vakre, damer som menn – men de må også ha noe mer. Når det gjelder mannen skal han ikke være fotomodell på tjue, men en passe mandig, passe følsom, og søt og interessant kar med litt glimt i øyet. Som Nate i Six feet under, som Kyle Maclahan i Twin Peaks, som Mr Big i Sex og singelliv, fanken heller, til og med Jack Frost har mer sjarm og sex appeal enn han typen der. Og de solbrillene! Opp og ned og se så kuul jeg er, asså.
My god. At det går an.
Da er den invalide vietnamveteranen frå Forrest Gump, som spiller i New York-varianten mange hakk bedre.
Jeg prøvde virkelig å sitte med et åpent sinn, prøvde å fengsles av historien, (jeg LIKER krim) prøvde å la meg rive med av plottet. Men lite troverdige historier, endimensjonale rollefigurer, og få eller ingen spennende relasjoner i kollegiet gjør at denne serien gidder jeg hvertfall ikkje å følge med på.
Og jeg er egentlig ikkje kjempestreng når det gjeld serier, selv om jeg aldri ble bitt av Lost- eller 24-basillen. Mine favorittserier er Sex og singelliv, Six feet under, Kalde føtter, Twin Peaks, Seinfeld og South Park - omtrent i den rekkefølgen. Til å begynne med likte jeg også Frustrerte fruer, men den sklei jo helt ut i en usannsynlig Donald Duck historie. For ikke å snakke om Greys Anatomy, legeromantikk på dustenivå. McDreamy? Gi meg George Clooney i Akutten i stedet!
Må bare beklage til dere som er fans av ovennevnte serier. Savner en skikkelig seriekveld å glede meg til. Hvor ble de av alle sammen?
Noen som kan foreslå en bra serie som ikke jeg har fått med meg??

Veske til eg og meg

Å gå med veske har eg alle tider sett på som ein vaksensyssel. Eg har fleire gonger prøvd å leggje meg til denne vanen – men eg slit. Sånn reint objektivt synest eg dei kan vere rett så fine – og kronargumentet er jo at dei er praktiske.
- Kva har du i veska di?
Norunn såg først overraska ut, deretter mistenksam når eg spurte ho om innhaldet i veska hennar. Eg tenkte eg skulle gå analytisk til verks – finne ut kva desse innretningane eigentleg inneheld. Når ho forstod at eg ikkje meinte å vere frekk, men rett og slett var ein novise – ei veskejomfru – då viste ho meg overberande innhaldet.
Og når eg rota rundt mellom sminkepungar og solbriller og tannstikkarar, fekk eg flashbacks til den gongen eg som lita jente fekk leike i veskene til mamma. Og tenkte at kanskje minstejenta rett og slett har eit traume fordi ho ikkje får oppleve dette med mor si – og at det er difor ho nektar å gje slepp på den gamle dameveska frå 40-talet som vart att frå loppemarknaden i fjor.
Av diverse grunnar har eg difor no investert i ei ganske fin veske. Problemet er berre at eg kvir meg for å bruke den. Eg seier til meg sjølv:
”- No må du hugse å ta med deg veska di, putt opp i telefonen, lommeboka og hugs no for guds skuld avtaleboka.”
Eg ser mismodig på den nye, ufjampelege veska, og innvendar :
”- Essa, eg har jo berre ein knøttliten lommebok – heilt utan pengevekt- og mobil? Eg berre puttar dei i lomma så slepp eg å dra på det styret der”.
Ved slike slappe haldningar kjenner eg at eg må verte streng med meg sjølv.
”- Hege, eg veit du har høge tankar om deg sjølv og dine organisatoriske evner, men har du gløymt kven som missa scoopet sitt førre veke berre fordi du hadde lagt att avtaleboka og i din superiorheit trudde at du kom til å hugse nummeret? Men når det kom til stykket viste det seg at du hadde greidd å slette nummeret både frå mobilen og hjernebarken? Og kven var det som hadde gløymt konferansen på Kjeldsund og kom ein og ein halvtime for seint? Og det berre fordi du tilfeldigvis såg eit bilde av arrangøren inne på dataen? Du kan berre ikkje rekne med at folk vil smile overberande av deg for alltid – du er nøydd til å skjerpe deg!” Skotsalva kjem med tette mellomrom, men eg prøver sjølvsagt å argumentere mot ho bitchen som våger å seie slikt til meg, og leiter etter noko som kan formilde, eller til og med framheve dei såkalla svakheitene mine til sjarmerande trekk. Eg stotrar:
”- …Men eg fekk jo med meg essensen, dessutan har eg jo mange ungar og mykje å tenkje på…” Og her må eg altså avbryte meg sjølv.
- Det er nettopp difor du må ha avtalebok og veske i umiddelbar nærleik til einkvar tid! Det er umogleg å hugse på alle dessa avtalene dine – det kjem til å ende med at du misser jobben!”
Eg sukkar og griper motvilleg tak i veska. Eg kan ikkje hjelpe for å kjenne det som at eg har fått eit handicap – ein byll å dra på.
”- Eg trur faktisk ikkje at personlegdomen min kler veske,” ber eg tynt, og klamrar meg til eit siste lite halmstrå.
Og endeleg får eg aksept hos den fornuftige delen av hjernen min.
- Hm , du har eit poeng der. Ta regnjakka til mannen din – der får du plass til både
avtalebok, mobil og lommebok. Eg trur sikkert det går an å smette nedi ein tyggispakke og nokre hårklemmer òg”.
Eg sukker letta over endeleg å vere einig med meg sjølv, og spring lett og ledig utan forstyrrande element på armen som sikkert hadde vorte lagt att ein plass likevel.
At jakkelommene ser svært mistenksame ut, får heller vere.

Kampreferat Gjerdsvika - Bergsøy

Gjerdsvika, kl 18.45:

- Eg MÅ ha kaffi mocca før kamp, sa Bente hesblesande i det ho sette seg inn i den slitne bilen til Aileen. Vi skulle spele mot topplaget Bergsøy, 90-modellane som hadde hovert litt over oss på si eiga heimeside. Berre av den grunn hadde vi bestemt oss for at dei i dag skulle få svi.
- Eg VIL ha pølse, sutra eg, svolten som eg er bestandig. Og prøvde å argumentere for kor viktig det er å unngå at eg får blodsukkerfall, fordi eg då både vert grinete og slakk.
- Vi kan gå på kafe etter kampen, slo Bente og eg fast, men fekk høglytte protestar frå Rita og Aileen.
- Neii!! Vi må sjå Grey`s anatomy, sa dei og fniste i kor over tanken på kor deileg Mcdreamy var.
Bente og eg såg på kvarandre og himla med augo.
- Den vesle spretten? Han er då ikkje noko å sjå på, avgjorde Bente. Og eg skjønte at for å få kaffi og pølse etter kamp måtte eg bruke sterke argument:
- Kvifor er det alltid slik at desse kvinnelege hovudrolleinnehavarane skal vere så utruleg teite og vimsete? Hu derre Meredith svimer jo rundt i sjukehuskorridorane som eit idiotisk nek! Eg prøvde mitt beste for å virke seriøs og serieanalyserende. Aileen berre såg uskuldig på meg og sa eg burde vere glad for at TV-figurane framstilte vimsing som sympatisk – med sterke hint om at eg jo var av den sorten.

Ca Herøybrua, kl 19.00:

- Å, kor sjuk eg er. Eg MÅ vere innbyttar i dag, sa eg for å snakke om noko anna.
- Eg er sjukare enn deg, eg er skikkeleg slapp, sa Rita.
- Na hai, eg er SÅ sjuk – det er ikkje noko snakk om anna enn at eg må vere ute, berre kjenn på panna mi, og guri, gi meg ei fille, her renn det over med snørr, det er skikkeleg overproduksjon, eg til og med frys, sa eg for å overdøyve dei svake protestane frå Rita.
- Pøh, det er berre noko du innbillar deg, du er akkurat som ein mann, spytta Aileen tørt.
- Kva? Eg har minst 38 i feber! Kva meiner du med som ein mann, sa eg påtatt indignert. Og snøyt meg litt ekstra.
- Du sutrar og vil ha masse sympati berre du er bittelitt sjuk, sa ho utan det minste teikn til medlidenheit.
- Eg ER sjuk, dermed basta, eg byrjar som innbyttar, eg er trass alt manager, sa eg bestemt og tok telefonen som ringde.
- Hei, det er Tanja, eg er på veg frå foreldremøte, dykk er nøydd til å starte utan meg, så startar eg som innbyttar når eg kjem.

Tett ved Bergsøy stadion, kl 19.10:

- Høyr her, eg er nøydd å få meg ein kaffi, køyr nedom Kalimera, sa Bente rett før vi skulle svinge ned til det hektiske stadionområdet til Bergsøy.
- Nei, då rekk vi jo ikkje varme opp! Prostesterte Rita.
- Essa, vi varmar då aldri opp likevel, rekk å få oss ein kopp sjokomocca før kamp, meinte eg. Dermed vrengte Aileen bilen med overraskande rallyevner vidare opp langs svingete veger, og landa med eit skrik på brusteinen ved kafeterien som sjølvsagt var stengt.
Det enda med at heile damelaget frå Gjerdsvika kom slentrande fem minutt før avspark med cola og sjokolade i hendene.
Dei unge jentene frå Bergsøy sendte oss nokre fjortisaktige blikk medan dei fniste og himla med augo mellom dei avanserte fotballtekniskeoppvarmingsseriøsejegskalblitoppspelarøvingane på den nye kunstgrasbana. Bente prøvde å psyke oss opp:
- Hallo damer, dei er kanskje betre enn oss reint teknisk, men vi slår dei suverent i intelligens, slo ho fast på si overbevisande måte. Ikkje det at høg IQ ville ha nokon innverknad på kampresultatet, men vi saug sjølvsagt til oss komplimentet, med mentaliteten ” vi tek imot det vi kan få”.
- Ja! Nærast ropte vi.
- Vi har meir humor og intelligens enn dei, og det er det som betyr noko her i livet, haussa vi oss opp utan å vere heilt sikre på om vi verkeleg kunne skryte på oss dette.

Kampen i gong: ca. 19. 45

Med ytst intelligent oppvarming og særdeles raske karbohydratar innabors feide vi over Bergsøydamene og underteikna, kremt, sytte for Gjerdsvik-leiing med eit glimrande (kremt igjen) mål på hovudet etter innkast frå Tanja.
Vi la merke til at Bergsøy-trenaren såg på colaflaskene våre med avsky, og at han forsikra småjentene sine om at damene frå Gjerdsvika heilt sikkert snart ville få eit blodsukkerfall og dabbe av pga altfor dårleg kondis.
Med sjølv om vi har vorte kalla både ”overgangskjerringer” og ”bitches” i kampers heite, så beit vi tenna saman og sytte for fleire praktfulle mål. Eg veit ikkje kor lenge eg kan drive dette vidare, for på eit eller anna tidspunkt er eg jo nøydd til å avsløre at sluttresultatet diverre ikkje gjekk i vår favør. Men om ein kunne ha lagt til eit skjønnselement og kanskje også intelligenskvotient i fotballdømminga, jau, då hadde nok Gjerdsvika hanka i land sigeren.
Og vi forsikra oss på heimturen med ein ny ladning sjokolade og cola i fanget (og rallykjøring for å rekkje Greys) at vi trass alt hadde gitt småripsa noko å bryne seg på, og at vi har det kjekt med fotballspelet vårt – anten vi vinn eller ikkje.
Og det jo det viktigaste – eller?

My boobs are ok..?

Den beste oppfinninga i verda er utvilsamt bystehaldarar. Første gongen eg fekk ein var det som om eg plutseleg skjønte relativitetsteorien, alle brikker fell på plass og eg kunne ikkje skjøne korleis eg i all verda hadde greidd meg utan dette vidunderet som sytte for at dei forhatte utvekstane haldt seg på plass når eg prøvde å springe omkring like fri og uanfekta som eg hadde gjort i tolv år før biologien og tyngdekrafta og alle innvikla, men nådelause vitskapar viste seg å halde stikk.
- Kjem det alltid til å vera vondt? Spurte eg mor mi når eg kjende på dei harde knottane som vaks fram under trøya mi. Og mor mi kunne ikkje anna enn nikke medlidande. Det var rett og slett traumatisk: å vera elleve år og van med å slåss med gutane i klassa kvar dag, for så å erkjenne at ikkje berre har dei på eit mystisk vis siste året vorte sterkare enn deg, i tillegg har du fått to ømme punkt plassert heilt talentlaust midt på kroppen som du må bale med resten av livet.
Etter kvart måtte ein prøve å forsone seg med desse som stadig vaks uhemma, og dum og uerfaren som eg var, prøvde eg å leva som før sjølv om eg rett og slett kjente det som at eg hadde fått meg eit handicap. Eg ville hoppe, springe, danse og slåss som før, men puppane sette rett og slett fysiske grensar; det var dritvondt!
Etter kvart som puppane berre vart større og større og aldri såg ut til å slutte å vokse, fekk eg meg ein kvit bomullstopp med lyseblå stripar som skulle halde boobsa på plass. Den tok eg på meg i skjul inne på do før gymtimen – veit ikkje om det var tida eller mine psykedeliske tvangstankar – men BH var faktisk ikkje noko ein burde skryte av å bruke i åttande klasse i 1988.
No for tida er det heldigvis annleis. Og sjølv om femogethalvt år med amming har gjort sitt beste for å syge konsistensen ut av jentene (som Scarlett Johanson kallar dei) så er det framleis litt att slik at ein kan rulle skinnfellane opp inne i koppane for å illudere at ein framleis har eit frontparti.
Takk og lov for alle dei sinnrike bystehaldarane, seier eg berre.
Det eg ikkje skjøner, er dei som ser på BH som ei slags tvangstrøye. Dei som likar å la dei dingle eller yppe eller hengje eller disse alt etter som kor ein ser det. Dei finst nemleg. Dei som synest det er ein fridomskjensle å la dei leva sitt eige liv under gensaren. Eg kjenner fleire som absolutt ikkje vil ha dei på seg, ei av dei er bestemor mi. Så snart ho hadde fri sikt på fjellet, kasta ho solivet og let fettvev og mjølkekjertlar i skjønn foreining få sjå lyset.
Eg derimot, må ha streng kustus på mine. Om dei svinsar og svansar heilt utan kontroll under kleda vert eg lett forstyrra og greier ikkje konsentrere meg om noko anna enn å prøve å halde svansinga på eit nokolunde akseptabelt nivå. Dessutan ser det ikkje særleg pent ut med to flate afrikapuppar som tittar ut nede ved bukselinninga.
Vel, kustus og kustus fru Blom. Eg er jo litt distre, og alle som har brukt såkalla omslagskjolar veit kor fort gjort det er at ulukka er ute om ein ikkje hugsar å feste ei ekstra sikkerheitsnål på strategiske stader. Det hugsar jo eg aldri.
Difor kunne eg ikkje skjøne kvifor bilettøren på ferja brukte så langt tid ved bilen min førre veke. Eg prata i mobilen, gestikulerte med armane medan eg smilte vennleg til ferjemannen og bøygde meg både hit og dit for å finne lommeboka, heile tida med unnskuldane smil til mannen som eg, ja, eg syntest nok at han såg litt rart på meg. Og sjølv om alle veit at menn med solbriller har eit bedragersk blikk, så tok eg det for gitt at han nøgde seg med å telje opp pengane han fekk og ikkje festa fokuset på kroppslege attributtar som har kjempa seg laus frå lunefulle omslagskjolar.
Men når han hadde gått oppdaga eg at jo, der sat eg med halve stasen ute.
Og kva gjer ein då? Anna enn å leggje seg ned på golvet og langsamt døy av skam, meiner eg?
Eg kunne jo: 1. latt puppen framleis vere ute i friluft, gått ut av bilen og inn i kafeen for å late som om dette faktisk er nyaste mote (bare tenk på korleis dei går på catwalken i Paris) 2. flørte litt med dei andre ferjemennene, så den eine som såg meg ikkje vart innbilsk, 3. innbille meg at puppestuntet gjorde ferjemannyrket plutseleg fleire hakk attraktivt.
Eg gjekk for siste løysinga.
Når vi endeleg kom fram til Lillehammer med foreldre og besteforeldre pent samla i stova, var puppestuntet det første eldstejenta på ti (stakars liten)fortalde til heile familien. Mor mi sende meg eit av sine ”typisk Hege-smil” og håpte i sitt stille sinn at eg ikkje hadde gjort det med vilje, medan Bestefar meinte at ”ja, ja, dei viser jo så mykje no til dags at det var vel ikkje meir enn ein fergemann kunne forvente." Lett for han å seie som er gift med bestemor, tenkte eg.

..Then again, kom plutseleg på at ein eller anna plass der ute finst eit foto av meg og nabofrua i halve vår prakt på Hane-høgda over bygda. (Dette må du sjå til å eliminere, frue!) Så kanskje ikkje eplene fell så langt frå stammen likevel?

Sommarmodus

Sjølv om ferien vart innleia med magekatarr og brekte armar, kjenner eg at feriestemninga no endeleg siv innover meg som søt jordbærfløyte. Dagane startar med seine morgonar i djup, draumerik søvn, før ein vaknar og letta kan slå fast at det framleis er ein halvtime att av Sommermorgen.
Med eit smil om munnen kan ein kroe seg saman under dyna om ein ser at det regnar ute, og lese ferdig boka ”Mercy” av Jodi Picoult. (for det er den einaste målsetjinga ein har for sommaren – å få lest nokre bøker, og etter Picoult er det Oddmund Waagsholm og Karsten Jensen og russiske novellar sin tur.) …Eller om sola skin om morgonen, så spretter ein opp og sniker seg ut døra medan ”Dei tre venene og Jerry” rumlar over TV-skjermen, og ein stilt kan gå ut og plukke dagens urter og putte dei oppi tekoppen og krølle seg saman i soveposen i hammocken og avslutte boka der. Og om ungane forstyrrar ein, så tek ein i bruk Danny Devitos replikk i filmen om Roald Dahl sin ”Matilda”: ”Go watch TV like a good kid !!”.
Og under frukosten, som er mellom 10 og 12 ein gong, snakkar ein om laust og fast, og Aurora proklamerar at ho vil bli kunstnar eller forfattar når ho vert stor, medan Eirik heller vil bli kokk og hjelper mamma med middagen kvar dag, og Matilde har sneke seg inn på badet og sminka både seg sjølv og naboguten Simon, og eg forklarer Aurora ordet ”kontradiksjon” og bankar inn i femåringen at Alice Cooper sin ”Poison” er ein av dei kulaste rockelåtane frå sist på 80-talet, fordi eg føler det som min plikt å syte for at ungane mine, og andre englar som er på besøk, får ein dose med popkulturelle referansar.
Om kveldane vert eg inspirert av kreativiteten til Veronica, Norunn og eg snakkar om boka vi skal skrive, og Aileen og eg diskuterer dilemmaet i ”Mercy” som er barmhjertigheitsdrap medan vi drikk eit glas med rosè-vin og utvekslar erfaringar om korleis ein lagar den beste spaghetti carbonaraen.
Og mannen min har endeleg løyst på dei strenge kriteriane for kva eg kan lage til i hagen, og har tillete den eine sitjeplassen etter den andre, og til og med støypt fundament til leveggen min, og eg er sjølvsagt glad for det, men er allereie i gong med å pønske ut korleis eg skal overtale han til å bygge eit orangeri til meg og vindruene mine. Og på ettermiddagen lagar eg og jentene akvareller og perlesmykke til mormor og farmor som snart har bursdag medan gutane er ute og fiskar, og sjølv om kanskje alt verkar fryd og gammen, så er sannheita at ein snart vert sprø av å ha ungar over og rundt seg 24 timar i døgnet (i skrivande stund er det 10 ungar her), og ein kan ikkje anna ein glede seg til at eg om ei veke møter mannen min i Dublin for seks dagar utan avkom. Og eg lurer på kor mange bøker eg kan lese på seks dagar, og har bestemt meg for å ta med fire, for ein skal jo trass alt sykle, og utforske og drikke vin og elske og bunkre opp harddisken med kulturelle evenement og syte for at ein har noko anna enn ”Ulysses” å snakke om når ein kjem heim att.
Og ferie er rett og slett herleg, dere.

H.N.S

Team Aileen med knepen seier

Søta, Vims, Beibi og Exotica. Søster og Frøken var ikkje til stades då bildet vart teke.

Søta, Vims, Beibi og Exotica. Søster og Frøken var ikkje til stades då bildet vart teke.

Team Aileen VS Frustrerte fruer

4. Fotballkamp

Kamp 1

Sidan alle damelaga trekte seg i siste lita før Sande-cup (referat kjem torsdag), fann Gjerdsvika damelag ut at dei kunne dele seg i to og ha eit utvida tvekampoppgjer mellom Team Aileen og Frustrerte fruer. Opplegget var tre kampar, der vinnaren var den beste av tre.
Frustrerte meinte Team Aileen var så utspekulerte at dei kledde seg i kvitt, hadde kallenamn og musefletter berre for å late som dei eigentleg ikkje var så seriøse. Dette var sjølvsagt ein teori som ikkje hadde rot i verkelegheita, sannheita var at delar av Team Aileen rett og slett likar å vise seg fram. Derav namnet.
I opptakta før kampen prøver Beibi å bestikke keeparen til Frustrerte med 100 kroner, men vert høfleg avvist av 2. divisjonsspelar Kirsti Sandanger. Ho sett då i verk plan B, og instruerar spelarane om å smile søtt til dommaren. Dette er nemleg eit triks som ser ut til å virke på dei fleste menn med tynne bein i svarte drakter - særleg på Åheim.
Dessverre går alle planer i vasken og Team Aileen må slukøra gå av bana med 0-1 til Frustrerte.

Kamp 2

I pausa skulder Team Aileen på at bana var altfor lita, og at dei dessutan vart psyka ut av alle som heiar på Frustrerte. ”Halve tribuna er på ein eller anna måte i slekt med Frustrerte”, sutrar Team Aileen og allierar seg med Toni for å få nokre oppbackande gloser frå sidelinja.
Stian fungerar i praksis til vanleg som trenar på kampane til damelaget, men no er det som om han ikkje skjøner at alle damene på bana framleis er heile damelaget, eller rett og slett vender dei andre damene ryggen i frykt for at han ikkje skal få kjøtkakar av kona Rita til kvelds. Saman med Vidar gir han myndige instruksar til Frustrerte på ekte managervis.
Heldigvis verker trenarkommandoane til Toni og heiaropene til Wenche som var med Team Aileen første omgang under namnet "Søster". No viser ho solidaritet og heier fram Teamet som ikkje greier å la vere å glise hoverande då dei går av bana med 3-0 i lomma.

Kamp 3

Før siste og avgjerande kamp er Rita sin plan å gjere Beibi så hot`n sweet kvelden før at ho ikkje vil greie å spele neste dag. Det ho ikkje veit er at Beibi har lang erfaring med alt som er heitt og søtt, og at ho har intensjonar om å dra med seg både Rita og Angela i fallet. Dagen etter kan ikkje Beibi dy seg for å knise litt då ho får gjentekne meldingar om kor dårleg lagkameraten er, og om ikkje oppmannen kan skaffe ein stand-in? Men no ser dei sleske kreftene i Team Aileen eit gylla høve til å vinne og sikre seg seiersbrølet frå tribuna. Derfor vert alle spake bønner møtt med empatilause glis.
Gliset stivnar imidlertid då Rita syt for det første målet i finalen. Nervøse trippar Team Aileen rundt som høner, og Beibi gir Søta ei overhøvling for at ho stolar litt for mykje på at dommaren bles frispark berre ho rullar seg ei ekstra runde når ho dett. Team ser ein stund ut til ikkje å tåle presset, og ved pause er stillinga framleis 0-1 til Frustrerte. Men då ser det ut til at Exotica har bestemt seg for å redde æra til dei nesten dobbelt så gamle lagkameratane, og med Riise-sikkerheit syt ho for å utlikne til 1-1. Det er som om dette inspirerar Søta, Vims, Beibi og Frøken, og Søta skårar mål nummer to, sjølv om Britt Sølvi tek i bruk sine mest dirty trics og forsøker å halde att Søta i puppen.
Men Frusrerte har framleis litt krutt att i skrottane sine, og Angela fyrer laust på Vims med eit eksplosjonsarta skot som dessverre for Frustrerte går rett over tverrliggaren. Rita gjer seg så heit som muleg og skyt att på Vims som denne gongen ikkje greier å redde med edderkopparmane sine. 2-2.
Spenninga stig, Stian og Vidar og Toni ropar i munnen på kvarandre, Vims vekslar mellom å bønnfalle og psykomotivere Team og tilslutt er det sindige Exotica som syt for at Team Aileen kan gå av bana med æra i behald. 3-2 i finaleresultat.

3-1 til Team Aileen i tvekampen.
Tji hi

Om tingas ibuande faenskap

Faenskapen i ulike ting og situasjonar kan vere utspekulerte og infame. Som når du står på flyplassen på Faial og har med deg ein baby på seks månadar som er pakka inn i fleire lag med tepper, - og det einaste teppet du greier å miste er det som oldemora til mannen din hekla for nærare hundre år sidan og som har gått i arv i generasjonar. Og du oppdagar det sjølvsagt først når flyet har letta og det går sakte opp for deg at det sannsynlegvis vert minst ti år til neste gong du kjem til Ponta Delgada, og må innsjå at du har cirka tre timer på å pønske ut ein plausibel forklaring for di nokså ferske svigermor.
Eller når du som syttenåring vaktar smykket du har fått av kjærasten lik ei løvemor passar avkommet sitt, men som likevel greier å rote det bort rett før den unge beilaren kjem på besøk og du vert stilt for retten og dømt utan nåde.
Eller når du er sjuk og bleik og lister deg gjennom butikken utan mascara og med fett hår og håper du slepp å møte på nokon du kjenner – det er sjølvsagt då dei har lina seg opp langsmed butikkhyllene, som om du var ein royal person som alle vil gripe fatt i og prate med, sjølv om du desperat dreg fingrane gjennom det tugga håret og stotrar fram at du er sjuk og sikkert full av basillar og dessverre må kome heim att i senga for ikkje å smitte dei snakkesalige.
Eller små, irriterande ting som at ein får mensen akkurat i det ein skal stille i kvit shorts som utøvar i Team Aileen under Sande-cup. Slike situasjonar høyrer definitivt til i kategorien tingas ibuandes faenskap.
Men finst det eit motsett uttrykk?
For nokre gonger klaffar alt. Som når ein nett har rydda og vaska i heile huset og teke inn små og store bukettar med blomster frå hagen, og alt ser shina og velstelt ut, og akkurat då bankar bygda si mest ærekjære husmor på døra for å selje lodd! Og i staden for å skysse ho av garde med dårlege unnskuldingar over rotet som at vi nett har kome heim att frå ferie, sjølv om alle veit at det allereie snart er to veker sidan, - i staden blid og stolt kan by inn på ein kopp te så ho får sjå heile herlegheita .
Det er i slike situasjonar ein tenkjer at dei gode kreftene faktisk nokre gonger er på di side.
Som når ein berre skal køyre ein tur ut til Veronica, og på dei fire minuttane det tek å kome seg ut til Hide, så strøymer stemma til Cyndi Lauper ut av høgtalarane i radioen. Og sjølv om ein ikkje har høyrt låta sidan 80-talet, så oppdagar ein at heile teksta ligg lagra bak i hjernebarken, og at melodien speaks right to you, fordi ein den dagen kanskje kjenner seg litt trist, og låta minner ein mellom anna om ungdomstida då livet var enkelt og lattermildt og ukomplisert og fylt med idealistiske drøymer og forhåpningar om framtida. Og det kjennes godt å dvele ved dette medan ein syng med skjerande stemme om ”True colors”.
Eller på ein søndag, då ein frenetisk leiter gjennom skap og skuffer med abstinensliknande symptom på jakt etter sjokolade, og terroriserar vener og mannen sin for å få dei til å skaffe ein sjokoladebit til ei kvinne i nød – då ho plutseleg kjem på at ho etter siste fråtsekveld kasta ein pose Smash langt oppi skapet for at den skulle vere ekstra vanskeleg å få tak i, og som ved eit mirakel har vorte gløymt og framleis ligg der og ventar på ho.
Slike augneblink er som drypp av lukke som kjem uventa og med perfekt timing.
Kanskje ein kan blande både det gode og det vonde og kalle det for tingas ibuande ironi?

H.N.S

Team Aileen opp i tet

hhhh.jpeg

3. Spørsmåls-quiz

Det er ikkje berre fysiske prøvelsar som vert sett på prøve i tvekampen mellom Frustrerte fruer og Team Aileen. Bente Krumsvik og Veronika Bonaa lagde difor til nokre intrikate spørsmål som kvart av laga fekk ti minutt å løyse. Team Aileen meinte på forhand at dei ville utfylle kvarandre godt, Aileen med nerde-kunnskapar i geografi, historie og sport, medan Hege meinte ho var ein racar på natur, kultur og vitskaps-spørsmål. Nøgde nikka dei til kvarandre og meinte at dette skulle nok gå bra.
Ansiktsuttrykka stivna fort då Bente las opp dei første spørsmåla. For er det eit historie- eller vitskapsspørsmål om kva tid Fridtjof Nansen vart fødd? Og kven går rundt og veit det? Og i så fall er dette noko du burde du vite, Aileen.
Og på kva måte døde faren til Harald Hårfagre? Og er det ikkje lov til å spørje mannen sin om dette, som trass alt er arkeolog, og som går forbi akkurat då, og som svarar at Halvdan Svarte gjekk gjennom isen på Randsfjorden akkurat idet Rita kjem forbi og difor meiner ho har ferska Team Aileen i juks!!
No må eg presisere at Frustrerte fruer på si side fekk god hjelp av Veronika, som hadde så lyst til å vere med på quiz, men som ikkje fekk lov, fordi ho rett og slett er for kunnskapsrik og kunne ha latterleggjort heile bunten, men som difor, i hunger etter å vise for heile verda at ho til dømes veit kven drøymedama til Gunnlaug Ormstunge er (men var det ikkje du som laga spørsmåla, hæ, hæ?) og sjølvsagt må utbasunere svaret til dei Frustrerte fruene.
Angela og Rita tok det heile med stoisk ro, og var i grunn litt lei av at Team Aileen såg ut til å ta konkurransen slik på alvor.
- Er det ikkje nokre spørsmål om kva storleik ungane nyttar på klede? Gliste Rita, og fekk oppbacking av Angela:
- For nokre dritspørsmål! Og rista på hovudet, men Frustrerte var likevel dei einaste som fiksa å nemne tre mannlege handballspelarar ( for eit teit, typisk sportsspørsmål, dette burde du også vite, Aileen).
Ikkje det at resultata var noko å skryte av for nokre av laga, men Team Aileen vann likevel med god margin med nokre glimrande svar på geografi, film og vitskapsspørsmåla. (Kremt, her er det eg som skriv. Veldig objektiv, altså)
2-1 til Team Aileen.

He he.

Frustrerte Fruer VS Team Aileen

axzczxc.jpeg

1. Sandvolleyball

- Det er på tide å jekke ned Aileen og Hege litt, meinte Angela og Rita etter å ha veksla oppgitte blikk over den evinnelege knivinga mellom lagvenane på fotballtreninga.
- Kva med å slå dei i sandvolleyball? Foreslo Rita utspekulert – handballspelaren som trena volleyball kvar vinter i hundre år i lag med venninna Angela.
- Eg ekje særleg god i volleyball, kom det overraskande frå Aileen, alle veit jo at ho trur ho er best i alt.
- Tull, sa eg, - klart vi slår dei, eg er dritgod. Fritt for å heite Nila Håkedal, fortsatte eg skråsikkert. Lite visste eg at Aileen med sine talentlause volleyeigenskåper skulle dra oss ned i skiten, med tåpelege unnskuldingar som at ho hadde på seg olabukse. Ikkje det at eg var så nauta bra sjølv heller, men trass alt betre enn det svake leddet i Team Aileen.
Dei frustrerte fruene som slett ikkje var like frustrerte som motstandarane, fekk ein knusande seier og gjekk hoverande ut av den nystarta tvekampen.
1-0 til Frustrerte.
Fanken.


2. Bordtennis:

Team Aileen var mektig lei av å høyre kor grundig dei frustrerte hadde slått dei i volley. Dei flirte difor vondskapsfullt då konkurransen denne gong handla om bordtennis. Dei frustrerte var nemleg intetanande om at Aileen og Hege hadde spelt bordtennis fleire gonger i vinter, Hege hadde til og med gullmedalje etter double-meisterskap på ungdomsklubben heime på Lillehammer å vise til.
Team Aileen veksla megetsigande blikk og svingde racketene med vande bevegelsar. Ikkje nåde her nei, no skulle Frustrerte få bite i det sure eplet.
- Kan eg få skrive at eg var best til å smashe? Spurte Hege etter å ha spelt ut Rita med ein fantastisk smash. Dette var ikkje Aileen utan vidare einig i, i og med at det i så fall gjaldt backhandsmashane. Dessutan såg jo alle at desse smashane ikkje alltid gjekk i bordet, men utgjorde ein viss fare for edlare delar på andre sida av bordet.
- Viss du skriv at eg er best til å skru ballane, så, sa Aileen ikkje heilt overtydd. Frustrerte var frustrerte ikkje berre fordi dei låg noko så grundig under, men også fordi Team Aileen ikkje såg ut til å kunne slutte å konkurrere innbyrdes.
Likevel vant Team Aileen denne gong med tre saftige sigre på rad – og utlikna difor til 1-1.

Feels good.

Frustrerte Fruer VS Team Aileen
1. Sandvolleyball

- Det er på tide å jekke ned Aileen og Hege litt, meinte Angela og Rita etter å ha veksla oppgitte blikk over den evinnelege knivinga mellom lagvenane på fotballtreninga.
- Kva med å slå dei i sandvolleyball? Foreslo Rita utspekulert – handballspelaren som trena volleyball kvar vinter i hundre år i lag med venninna Angela.
- Eg ekje særleg god i volleyball, kom det overraskande frå Aileen, alle veit jo at ho trur ho er best i alt.
- Tull, sa eg, - klart vi slår dei, eg er dritgod. Fritt for å heite Nila Håkedal, fortsatte eg skråsikkert. Lite visste eg at Aileen med sine talentlause volleyeigenskåper skulle dra oss ned i skiten, med tåpelege unnskuldingar som at ho hadde på seg olabukse. Ikkje det at eg var så nauta bra sjølv heller, men trass alt betre enn det svake leddet i Team Aileen.
Dei frustrerte fruene som slett ikkje var like frustrerte som motstandarane, fekk ein knusande seier og gjekk hoverande ut av den nystarta tvekampen.
1-0 til Frustrerte.
Fanken.


2. Bordtennis:

Team Aileen var mektig lei av å høyre kor grundig dei frustrerte hadde slått dei i volley. Dei flirte difor vondskapsfullt då konkurransen denne gong handla om bordtennis. Dei frustrerte var nemleg intetanande om at Aileen og Hege hadde spelt bordtennis fleire gonger i vinter, Hege hadde til og med gullmedalje etter double-meisterskap på ungdomsklubben heime på Lillehammer å vise til.
Team Aileen veksla megetsigande blikk og svingde racketene med vande bevegelsar. Ikkje nåde her nei, no skulle Frustrerte få bite i det sure eplet.
- Kan eg få skrive at eg var best til å smashe? Spurte Hege etter å ha spelt ut Rita med ein fantastisk smash. Dette var ikkje Aileen utan vidare einig i, i og med at det i så fall gjaldt backhandsmashane. Dessutan såg jo alle at desse smashane ikkje alltid gjekk i bordet, men utgjorde ein viss fare for edlare delar på andre sida av bordet.
- Viss du skriv at eg er best til å skru ballane, så, sa Aileen ikkje heilt overtydd. Frustrerte var frustrerte ikkje berre fordi dei låg noko så grundig under, men også fordi Team Aileen ikkje såg ut til å kunne slutte å konkurrere innbyrdes.
Likevel vant Team Aileen denne gong med tre saftige sigre på rad – og utlikna difor til 1-1.

Feels good.

Kvardagsliv i Gjerdsvik, del 13

Det er ganske slitsamt å vere ein drøymer, skal eg seie dykk. De trur kanskje at svevande menneske som lever oppe i skyene og tenkjer tankar som at ” når eg får meg galleri i New York” eller ”snart skal eg ta flysertifikatet og ha mitt eige fly med flotørar som kan lette frå vatnet inst i vika og fly til Lillehammer på to timar” må vere avslappande og spennande.
(Eller mest sannsynleg tenkjer du kanskje at ho Stormbringer, ho er jo klin gæren).
Det er i alle fall slikt drøymeri som gjer at nokre av oss vert litt i overkant distrè.
Dette kan vere overveldande irriterande, i alle fall om du konsulterar vener som til dømes Aileen, som tek til å bli lei av å passe på meg.
- Har du hugsa lommeboka? Kvar gjorde du av nøklane dine? Det er alle tider Geir som må vente på deg, ikkje sant? Eg las kjolebloggen din, mora di verker som eit fornuftig menneske – ganske lik meg – forstår ikkje kvifor ho fekk ei vime som deg!” Kan ho finne på å seie.
Men ho er no likevel litt sjølvmotsigande vil eg påstå. (For kven var det som reiste på julehandel til Ulsteinvik og la att lommeboka heime? Ikkje eg, i alle fall!) Og sjølv om ho trur min overaktive hjernehalvdel snart er i ferd med å bikke over til noko overnaturleg, er ho litt misunneleg på alle draumene mine også.
- Å, kvifor kan ikkje eg drøyme slik, sutrar ho når eg fortel at i natt fekk ho seg
silikonpuppar og rømte på kanalbåt til Spania med Webjørn etter at han var ferdig med baywatchvakta si på Hide. Eg prøver å seie til ho at ein ofte kan vere sliten etter ein natt med slike draumer, særleg når du har vore i slåstkamp med ein forkynnar frå baptistmenigheita, som etter å ha sneke seg inn i ei skuleklasse og hjernevaska dei, forfølgjer deg og innhentar deg på eit stup og konfronterar deg med den manglande kristentrua di. Ikkje berre berre med slike eksistensielle problemstillingar når ein skal kvile seg, skal eg seie dykk. Eller når alle fantasiane og ideane hopar seg opp og legg seg som ei tåke over den skrumpande systematikar-hjernehalvdelen din.
Det tek til dømes minst to timar for oss drøymere å hengje opp klede. På tur ned trappa til vaskemaskina finn eg ut at no skal eg jammen måle eit kjempestort bilete som kan henge på den høgste veggen, ei gigantisk dame, tenkjer eg medan eg går rett forbi vaskeromsdøra og ut for å finne ei avdanka dør eg kan måle på. – Skulle ha vore i umbrafarga tonar, eller som terrecottakrukka der, tenkjer eg vidare og studerer krukkefarga. – Hm, desse hadde vore fine om dei hadde vore patinerte med litt kvitmaling, kanskje med pelargoniar oppi? Skal tru kor benken vart av, dei kan stå på den, kanskje i enden av ein sti med lavendelhekkar – har eg lavendel, nei, men eg har isop og dei funkar betre her på våre traktar, tenkjer eg vidare, og går for å sjå om eg har nok isop, og Aurora kjem for å spørje om eg vil halde kattungen, og sjølvsagt vil eg halde kattungen, og jammen skal eg ringe faren min og seie at no er eg klar for å verte fostermamma for boxaren som skal omplasserast, og har vi staur og netting nok til å gjerde Doffen inne, åh – kor idyllisk det skal bli, men kva vil Geir seie, best å rydde og vaske slik at han ser at eg fiksar ungar og hundar og kattar utan å kny, og dermed kjem eg på at det var klesvasken eg skulle henge opp.
Og slik er det altså at det tek nokre timar før eg får gjort noko fornuftig. Ganske slitsomt eigentleg, særleg når stresset jagar gjennom ein når ein skal opne biblioteket for to minutt sidan og nøkkelen er sporlaust forsvunne.
Det er då ein skjømer at det snart er på tide å vakne.

Kvardagsliv i Gjerdsvik, del 12

Ferieliv

- Eg har ikkje med meg nokre kjolar, berre shorts og sandalar, sa mora mi - praktisk og informerande, med tydelege hemtydingar om kva som var i min koffert. Vi sto på farta til sol og sydenvarme, og mor mi likar å ha kontroll over store og mindre detaljar.
- Eg har med meg sju kjolar og fire par høghelte sko, sa eg uanfekta medan dei halv meter lange bremmane på den nye solhatten min gynga dekadent rundt meg.
- Kva?? Sa mor mi, mistruisk og oppgitt. Det var som om ho erkjente at etter over tredve år med gjentekne formaningar om å ta på seg tjukke strømpebukser og ikkje bade før 1. august, hadde vore totalt fånyttes. Eg let vere å seie at det faktisk låg TI ulike sommarkjolar i kofferten.
- Det viktigaste er å sjå glomorøs ut, sa eg, og prøvde å overtyde ho om at vi no skulle liggje rett ut i sola og late som om vi var berømte filmstjerner.
Eg såg at ho sende oppgitte blikk til far min, som for å seie " Vi som er slike fornuftige, ansvarsfulle, jordnære og ryddige menneske, korleis gjekk det til at vi skapte slikt eit høgtsvevande, forfengeleg vesen ?
Som omsorgsfull mor dytta ho nedi nokre ektra par sandalar og og ei tjukk fleecejakke just in case dottera sine vyar skulle vise seg å vere urealistiske. Eg himla med augo for å vise at eg var høgt heva over slike harry-tendensar, men for å ta vare på familiefreda let eg ho få vilja si.
Etter ein dag i Athen og springing ettter ungar i oppovarbakkane i Stoupa med høghelte sko, måtte eg smerteleg krype til korset.
No sit eg her, i fleecejakka på verandan (det er trass alt kveld og kjøleg i lufta)og må tåle "kva var det eg sa"-blikket til mor mi. Joggeskoa til eldstesonen sit på føtene, i bytte fekk han bruke solhatten til å fange firfislar i.

Kvardagsliv i Gjerdsvik, del 11

Månelandskap

I dag let eg eldstemann stå for middagen. Eg lagde pannekakerøra, og gjekk deretter og sette meg lutrygga framafor datamaskina med blankt saudeblikk medan eg drøymte om sol og sommar.
Sonen fiksa pannekakane på strak arm, runde og fine og akkurat passeleg steikte. Når eg var ferdig med arbeidet ville sonen ut, og eg fekk oppdraget med å passe på den siste kaka.
Det gjekk ikkje så bra.
Å stå framfor steikepanna er ein utruleg keisam syssel. Det minuttet pannekaka vert steikt, gjeld det difor å finne på andre, meir givande ting. Danse i stova til måpande blikk, til dømes. Som de skjøner, og forhåpentlegvis kjenner til, er det lett å gløyme pannekakar når ein har slikt eit takksamt publikum.
Resultatet vart ei pannekake like stiv som eit flatbrød.
Eg la han nedst i stabelen og lata som ingenting. Om mannen min hadde spydige kommentarar, kunne eg alltids skulde på Vetle.
Aurora var den som fekk den siste pannekaka.
- Det går jo ikkje an å rulle saman denne, sa ho og såg på pannekaka med mismodig blikk.
- Looks like the surface of the moon, sa Geir.
- Det var mamma som lagde måne-pannekaka, sa Vetle høgt og tydeleg for liksom å framheve sine eigne eminente pannekakeferdigheiter og trekke mora si ned i skiten.
Sjølvsagt sette mannen min det typisk ” ja, var det ikkje det eg visste, du er ei elendig husmor”-blikket sitt i meg. Eg let meg imidlertid ikkje affisere. Med heva hovud og overlegen mine forklarte eg ungane at det trass alt enda var snakk om mat, og sjølv om det ikkje gjekk an å rulle saman pannekaka på tradisjonelt vis, fekk ein ta i bruk kreative måter å fortære på.
- Det gjeld å tenkje alternativt, sa eg, og demonstrerte korleis ein kunne ete pannekaka, omtrent slik ein eter ein forvokst kjeks.
Eg kjende at blikket til mannen min framleis hang ved meg, og no kom det:
- Du må tenkje alternativt for å kunne ete maten til mamma, forstår du, sa han medan dottera ufrivilleg bles sukkeret ut over middagsbordet i det ho tok ein jafs av månen.

Kvardagsliv i Gjerdsvika, del 10

Brun versus kvit

Medverkande: Aileen, Rita, Veronika og Hege

Vi var på veg til Fosnavåg for å spele mot Bergsøy i første seriekamp borte. Det var berre så vidt vi fekk med oss vår nye storspelar Rita, veslejenta hennar hadde nemleg brent seg på varm saus og måtte sendast til sjukehuset. Rita måtte leggje ut om korleis det heile hadde gått føre seg. Fotballspelande mammaer er svært interessert i slike detaljar som gjeld ungane våre sitt ve og vel. Strategien over korleis vi skulle slå Bergsøy var ikkje så viktig, eller som Rita sa det, strategien var å slå dei. Men no måtte vi fyrst få alle detaljar om korleis veslejenta hadde brent seg. Sausen hadde vore i eit sausenebb, og nysgjerrige barnehender på uvante onklar sitt fang hadde treve tak i nebbet.
Aileen såg det heile levande føre seg. Med eit vitande blikk vendte ho seg mot Rita og spurte med alvorleg legesekretærmine:
- Var det kvit eller brun saus, då? Eg heldt på å køyre av vegen. Før Rita rakk å svare, såg eg på vår eminente midtbanespelar med eit hoverande glis.
- Kva har det å seie om sausen var kvit eller brun? Den er no vel like varm uansett kva farge den er? Sa eg hånleg over eit så teit spørsmål. Eg kunne ikkje dy meg for å vere spydig, eg syntest utsegnet var både litt morosamt og malplassert. Eg kjende meg nesten litt viktig over å kunne trakke ho ned i grusen på denne måten. (Eg er veldig glad i Aileen, altså, men som de har skjønt likar vi å konkurrere med kvarandre)Til mi forundring var det som om dei andre allierte seg mot meg.
- Nei, brun saus er varmare, slo Veronika veslevakse fast, og Rita nikka stadfestande at, jau, det hadde vore brun saus som hadde gitt veslejenta forbrenning. Eg kjende meg med eitt som om eg sto aleine mot ein hærskare med bollebakande besservissarar. Borte var all bekymring for barnet sitt ve og vel, no sto kampen om brun versus kvit.
- Du kan vel ikkje ein gong lage brun saus, du, svarte Aileen provoserande, og såg på meg si typiske konkurranseinnstilte måte. Rett nok hadde eldstejenta mi forrådt mora si og proklamert at ”mamman til Maria lagar betre pizza enn deg”, noko som Aileen sjølvsagt tolka som at ho var betre enn meg til å lage all slags mat, eit poeng eg måtte finne meg i å høyre til det keisamelege i fleire veker etterpå.
Men etter at eg først hadde forsvart meg med at eg sikkert lagar den aller beste brune sausen i heile Gjerdsvika, med skikkeleg kraft utan buljongtull, måtte eg prøve meg på reason når det gjaldt om brun eller kvit saus er varmast. Det bygga seg opp til kvasi-intellektuell diskurs i chryslern.
- Sausen må jo varmast opp til hundre grader uansett, det speler jo ikkje noko rolle om han er kvit eller brun, sa eg viktig, medan eg tenkte nøgd for meg sjølv at eg hadde jo trass alt kjemi frå universitetet å vise til.
Langsamt kom eg på at nokre hadde karakterisert Veronika som eit lite geni, og at det nemnde K100-studiet mitt trass alt enda med strykkarakter.
- Det er vatn som må varmast opp til 100 gradar. I brun saus har du jo vatnet oppi den brennheite mjøl- og smørblandinga, medan kvit saus kokar saaakte opp og verkar som han ALDRI vert varm, sa Veronika på si læraraktige og snusfornuftige måte med nasen halvvegs i sky.
Eg kjende at overmakta vart for stor. Dessutan var eg lite lysten på å vedgå at sausane mine har varierande resultat uansett om eg lagar dei kvite eller brune, - og at eg hadde ein stryk på curriculumen. Eg måtte ty til feige knep.
-Dette vert kvardagsliv, sa eg åtvarande med eit triumferande smil om munnen.
Det vart med eitt stille i bilen.
Og sjølvsagt tapte vi kampen mot Bergsøy. Var jo ikkje akkurat teamwork vi hadde lada opp med.

Kvardagsliv i Gjerdsvik, del 9

Tannpuss og sjokolade

- Eg gidd ikkje pusse tenner, eg går rett og legger meg, sa eg søvndrukken under ullteppe og sjokoladepapir i sofaen. Eg hadde fått med meg gullrekka gjennom halvope auger og kjende det var nummeret før dei glei heilt att.
- Du går og pussar tennene dine – du frikar jo heilt ut i anarki her!Nærast ropte mannen min i harnisk, og heldt fram:
- Dette gjenspeglar ein grunnleggjande slurvehaldning eg ikkje finn meg i! Sa han og prøvde å rive av meg teppet og dytte meg ut av sofaen.
- Eg nektar! Eg er så trøytt, sa eg, samstundes som eg ikkje kunne la vere å humre over kor mykje energi han brukte for å få meg til å pusse tenner. Eg gjorde sjølvsagt mitt beste for å egle han enno meir.
- Hent eit glas og tannkosten min så kan eg pusse på sengekanten, sa eg medan eg kvelte eit glis.
- Kvar skal du gugge?
- Ned att i glaset, sa eg med eit uskuldig smil, og kjende at eg vart stadig meir vaken. Han himla med augo. Mannen min er litt søt når det gjeld dette med tannpuss. Han har ein finurleg, nesten litt småmanisk side når det gjeld å ha peparmynte-pust morgon og kveld. Og berre for å presisere: eg pussar tenner morgon og kveld – men nokre gonger, nokre gonger når du er så trøytt at du kan risikere å snuble i trappa og forulykke, då er det kanskje best å leggje seg utan colgategliset, sjølv om ein har litt sjokoladesmak på tunga.
Berre for å overtyde mannen min om eg ikkje har slurvehaldning, måtte eg fortelje han om Monica Kandler, naboen vår for nokre år attende. Vi snakka om ei bok vi begge hadde lest, og ho fortalde meg at ho ein kveld hadde lege i senga, lest bok, og (hald dykk fast tannpuss-psykopatar;) åt sjokolade!
Med eitt var det som om innhaldet i boka forsvann, kunne eg fortelje mannen min, eg hang meg berre opp i dette fakta at ho fekk liggje i senga si og ete sjokolade! Eg såg ho for meg; halvvegs sittande i senga, med kvitt dynetrekk og smil-bitar på nattbordet. Eg fortalde mannen min at eg det einaste eg tenkte på var korleis ho hadde tenkt å gjere det med tannpussen. Henta Thomas tannglaset til ho? Stod ho opp att og gjekk den lange vegen til badet? Eg greidde ikkje la vere å spørje Monica den gongen. Og eg kjem heller aldri til å gløyme ansiktsuttrykket hennar – som om det å ete sjokolade på sengekanten var ein slags allmenn kvinnerett:
- Kva? Er du blitt tannlege-Kristian? Sa ho og lo over mi blotte uskuld. Alt dette fortalde eg mannen min denne kvelden. Han vart likevel ikkje overtydd, og det enda sjølvsagt med at eg tusla ned og pussa tanngarden. Eg er ikkje anarkist, heller. Dessutan var eg blitt lys vaken.

Kvardagsliv i Gjerdsvik, del 8

Nokre gonger kan nok middagsstunda heime hos oss virke som ei surrealistisk oppleving. For med både små og større barn rundt bordet kan det vere vanskeleg å halde eit seriøst nivå på konversasjonen.
I dag hadde vi laksekotelettar.
Som den pliktoppfyllande husmora eg er,kremt, steiker eg kotelettane på passe varme i nøyaktig fem minutt på kvar side. Då vert dei akkurat passe faste og fine i fisken.
Men det er sjølvsagt ikkje nok for menn som likar ihelsteikt mat og som difor reiser seg demonstrativt opp, (tolka med premenstruelle auge), og steiker koteletten på så hard varme at brannvarslaren (nesten) går av, og panna vert heilt svart.
Å få aksept frå venninner når eg klagar over uakseptabel middags-adferd frå ektemenn, har varierande resultat. Ingvild (Aursøy Måseide) fortalde at sambuaren hennar Arild heiv biffen i mikroen når ho hadde steikt han for lite. Ho meiner vidare at han bør oppmuntre ho når ho lagar mat, og skryte av resultatet - uansett korleis han smakar. I alle fall om han framleis vil at ho skal lage mat
Aileen (Tarberg) er jo stort sett ikkje einig med meg i noko, og tok Geir sitt parti også her. I likheit med han vil ho ha biffen så godt steikt at ein ikkje lenger smakar om det er kjøt eller eit stykke kol. Ho har ein teori på at det er fordi ho og Geir har same blodtype.
(Bullshit, spør du meg, dei er rett og slett like vrange begge to)
Sjølv om eg sjølvsagt vart litt såra og vonbroten over manglande verdsetting av middagen min, tenkte eg at dette i alle fall ikkje skulle leggje nokon dempar på familiestunda forøvrig.
- Eg såg i Dagbladet at dei har ein konkurranse om kven som kan lage den neste teikneseriestripa som skal kome på trykk kvar veke, begynte eg, og såg vekselvis frå barna til mannen min, i håp om at sistnemnde skjønte kvar eg ville.
- Ja vel? Sa mannen min.
- Det var gjennom konkurransar både Nemi og M vart oppdaga, heldt eg fram, medan eg nøye granska ansiktsuttrykket hans. Han åt den svidde laksen utan ei mine.
- Jau, kremt, eg tenkte at det kanskje går an å prøve lage nokre striper og sende inn? prøvde eg meg forsiktig. Eg sa ikkje at eg oppe i hovudet mitt allereie hadde vunne førstepremien på 50 000 og fått så mykje ære og berømmelse, og i media vart karakterisert som den nye Lise Myhre, slik at eg måtte vere gjest hos både Skavlan og på Senkveld, og vorte så populær berre av det, at eg tilslutt fekk mitt heilt eige TV-program; ”Det var ein gong eit menneske”. Eit portrettprogram med subtile referansar til teiknefilmen med same namn. Dette programmet resulterte sjølvsagt i ei bok og ustyrteleg masse pengar.
- Du har kanskje 300 striper liggjande klare? Mannen min kan vere irriterande sarkastisk, og eg kjende irritasjonen over svidde laksekoteletter og manglande tru på teikneserieferdigheiter begynte å verte i meste laget.
- Eg har det inne i her! Sa eg og pekte på hovudet mitt.
- Du hadde ikkje tru på slalomen min heller, du er rett og slett litt evil, sa eg kjærleg til han, medan eg smilte til barna mine og sa at no fekk dei pent ete opp fisken sin.
- Eg prøver berre å få litt realisme inn i alle desse ideane dine, smilte mannen min vennleg, som om han snakka til ein imbesill. For å bevare freda pensa eg inn på eit anna spor.
- Eg drøymte at eg var i Hellas i natt, med Vetle og Aurora. Eg hadde gløymt jobbpapira på biblioteket og fekk ein gresk bussjåfør med vakre, brune auge til å hjelpe meg å finne dei att, sa eg innsmigrande til familien, vel vitande om det vesle stikket til ektemenn med havblå auge.
- Eg drøymte om ein hest med sju bein, sa Isak.
- Eg trur ikkje eg drøymte nokon ting, sa Eirik.
- Vi drøymer berre ein gong kvar natt, sa Geir.
- Ikkje eg. Eg drøymer mange episodar kvar natt, kverulerte eg.
- Det er vitskapeleg bevist at ein berre drøymer nokre få minutt i løpet av ein søvnperiode, sa mannen min, tolmodig som til eit barn.
- Korleis veit du det? Eg drøymer mange gonger om natta, dermed basta, sa eg, smerteleg klar over at eg kanskje var den barnslegaste av alle rundt bordet.

Kvardagsliv i Gjerdsvika, del 7

Simply the best

Medverkande; Aileen Tarberg og underteikna Hege Norman Stormbringer

- Kva skal du konkurrere i då, utfor eller slalom, sa Aileen lettare hånleg når eg fortalde om planane mine om å debutere i NM for veteranar.
- Storslalom, svarde eg - dønn seriøs. For tre veker sidan sto eg på slalom att for fyrste gong på femten år, og kjende meg nærast som ein superhelt der eg suste nedover bakkane. Då ein kar, som vart norgesmeister for to år sidan, sa at eg og burde stille i NM, vart eg sjølvsagt svært innbilsk og lasta ned ideen på harddisken. Men å få støtte frå min næraste omgangskrets har sanneleg ikkje vore enkelt. Til og med mannen min har himla med augo over mi klokketru på eigne evner. ( Eg har ikkje sagt at norgesmesteren reint teknisk ikkje såg meg køyre i det heile, snakka med han litt seinare den dagen når eg tenkjer meg om)
- Eg er faktisk ganske god til å køyre slalom altså, sa eg lettare indignert til mi lite oppbackande venninne.
- Pøh, eg er mykje betre enn deg, prøvde ho seg og utfordra meg ytterlegare:
- Sei ein ting som du er betre enn meg i! Aileen har nokre gonger ein typisk barnsleg fjortis veremåte, sjølvsagt langt under min standard. Likevel kjende eg at eg vart kraftig provosert over at ho trudde ho var så mykje betre enn meg.
- Eg er ganske god til å stave, sa eg skråsikkert, nokså sikker på at no ville ho gje seg.
- Åja? Stav Ouagaoudogu og choledocholitiasis, sa ho på si utruleg irriterande måte.
- Det er jo berre fantasi-ord! Eg meiner i norsk og engelsk!
- Det fyrste er hovudstaden i Burkina Faso og det andre eit latinsk legeuttrykk. Du er faktisk ikkje så veldig god til å stave, eg har lest desse bloggane dine og dei er fulle av feil! Ho nølte litt for ho vedgjekk dette, men fann ut at ho måtte bruke dei kraftigaste skytsa ho hadde. Og ganske riktig, eg oppfatta dette som eit slags nådestøt, og må vedgå at det svei ganske kraftig.
- Okei då, staving på bokmål og engelsk, eg skal vedgå at nynorsk ikkje er mi sterke side, sa eg litt spakare, men enno ikkje villeg til å gje meg. Men tenkte med eitt at her er det kanskje betre å skifte spor:
- Eg har i alle fall betre rytme enn deg, sa eg triumferande medan eg for mitt indre auge såg Aileen for meg i ein slags Elaine-stil med nokre spastiske rykningar på dansegolvet på Adolfbuda.
- Du er jo ikkje noko betre, nærast ropte venninna mi medan ho illustrerte nokre obskøne bevegelsar eg liksom ajerar på dansegolvet.
Eg kjende at no var grensa mi nådd.
- Eg har rytme, så det så, sa eg, klar over at vi nå begynte å nærme oss eit alarmerande botnnivå i fjortis-diskusjonen. Det var som om det eine tok det andre.
- Eg har i alle fall veldig god rytme sånn generelt, sa venninna mi lettare fortørna.
- Rytme generelt? Kva meiner du?
- Rytme er rytme, slo Aileen fast og ville plutselig ikkje snakke meir om den saken.
Vi vart litt stille før eg skifta taktikk:
- Er ikkje du mi venninne? Burde ikkje du eigentleg støtte og ha tru på meg når eg seier eg skal stille i NM? Eg såg meg nøydd til å snakke til medkjensla i dette konkurrerande kvinnemennesket.
- Nei. Du kjem ikkje til å kome i mål ein gong, slo ho fast medan ho kasta på det pistrete håret og vrikka framover på ein utruleg provoserande måte. Eg let meg imidlertid ikkje vippe av pinnen.
- Aileen, kan du i det heile tatt seie ein positiv eigenskap eg har? Eller er du betre enn meg i alt?
Ho vart stille ein stund.
- Du er ganske flink til å skrive slike ord som ultrapostfeministisk, sa ho mumlande. Eg kjende at eg måtte hale orda ut av ho:
- Flink med frammandord meiner du?
- Ja, men eigentleg heilt tullete når du kan forklare det på enklare måtar, avslutta ho med eit kast på hovudet.

Rot = liv

No er eg lei av å ha dårleg samvit for rotet vårt. Kvar gong nokon kjem inn i huset krympar eg meg over alt som ligg flyt på upassande stader.
Men no har eg bestemt meg for at eg skal sjå med nye auger på dette. Livet er for kort til å gremmast (og alt for kort til å rydde heile tida).
Eg går vitskapeleg til verks for å verifisere teorien om at ein rotete heim er ein heim med hjartevarme og der allsidige interesser sett sine spor.
Eg har nett teke meg ein runde i huset for å samle data og rettferdiggjere det som ofte kan oppfattast som rot.
Gangen: Her snublar ein først over to ranslar, mange par sko i ulike storleiker, sykkelhjelmar og ein trepinne liggande på golvet. Tyder på aktive skuleborn som på veg heim frå skulen fann ein pinne som likna mistenkeleg på eit før-romersk sverd, og difor måtte takast med heim til våpenlageret på barnerommet og er såleis eit bevis på barn med livleg fantasi.
Kjøkenet: Ved sidan av ei inntørka peparmynteplante, brødskorpe på kjøkengolvet (gøymt vekk av treåringen som er løysingsorientert, livsnytersk og oppfinnsam som mamma, men lettare utspekulert også – ein eigenskåp tydelegvis nedarva frå faren) og tomme mjølkeglas på benken, ligg mellom anna ein stabel med post (nedst; uåpna rekningar). På bordet framfor peisen står to tomme koppar kaffe mocca etter hyggjeleg venninneprat, den eine koppen oppå Morgenbladet som ligg oppslått på side 20 der kvasi-intellektuelle Hege les om den (kremt) kjente filosofen og postmodernistiske teoretikaren Jean Baudrillard, men som har teke seg ein lengre pause der avsnittet byrjar med ” Fragmentarisk metaforkilde. Fraktal, viral.. sokal? Baudrillards fragmentariske kommentar til…”.
Under Morgenbladet igjen ligg Fransk på 15 minutt saman med ordboka og Magikeren av John Fowles der eg har kome til side 362, noko som bringer oss vidare opp på hemsen der eg for å få ei pause frå Fowles sitt hellenske 60-tals univers har dukka ned i den fascinerande boka Løvekvinnen av Erik Fosnes Hansen. Som ligg oppå ein bunke aviser, ein stabel med ferdigleste bøker som skal tilbake til biblioteket (øvst Krig og fred og religion og politikk og sånn av Anne Kat, satirisk samfunnskritikk som eg las med eit beundrande smil om munnen), Ein stabel bøker som skal lesast (øvst; Hjulskift av Vigdis Hjort. Etter Magikeren eg klar for litt husmorporno). På bokhylla, ved sidan av eit to år gamalt strikkeprosjekt, ligg ti, femten bøker om tekniske beskrivingar om korleis ein byggjer ein hot-rod, lagt der i eit anfall av irritasjon over fruer som faktisk ein gong i mellom ryddar, men som har ein lei tendens til å stue bort kjedelege bøker som handlar om TPI fuel injection eller noko slikt, og som av ein eller anna grunn er livsnaudsynte for motorfikserte ektemenn.
Dette bringer oss vidare inn på kontoret der det av sikkert plausible årakar ligg ei gute-underbukse i storleik seks år, to ulike sokkar, ei dokke pluss ein haug med bøker på golvet, også eit resultat etter ein nitidig leiting etter det tidlegare nemnde faglitterære verket.
Soverommet: Dyner og puter i søt samanfiltring, tyder på ... til trass for irritasjon over forsvunni bok. Nattbordet til ektemannen er belagt med eit fint lag støv og ein sokk fylt med to leikebilar, ein lommekniv, ein kulepenn og ein blyant, - ein presang frå femåringen på pappas bursdag. På kona si side ligg støvet under cirka hundre hageblader, aldri-ferdig-med-boka Jane Eyre av Charlotte Brontê, Newsweek for å utvide horisonten til wannabe-stjernereportarar, notatbok og penn i tilfelle geniale tankar skulle slå ned som lyn frå klar himmel nattestider.

Overtydd? Ja, ja. Om ikkje denne relativt overbevisande empirien underbyggjer teorien min, vart det ei i alle fall ei innføring om at bak kvar einaste ting som feilaktig kan mistenkast for å vere rot i heimen vår, ligg ei meir eller mindre fornuftig meining. Sånn nestan vitskapeleg dokumentert.


Trendy, no?

Eg har eit sårt punkt. Nesten som ei lita hemmelegheit. Før var eg litt stolt når eg takka nei, men no har det liksom ikkje rette svungen lenger når eg seier, " Nei takk, eg drikk ikkje kaffi."
Eg er jo over tretti. Skulle tru at eg no snart tok til å like dette svarte skvipet som alle drikk?
Ein anna ting er at eg ofte kjenner meg uhøfleg når eg kjem heim til folk og takkar nei. Noko som oftast takast som eit teikn på at eg ikkje har til hensikt å vere lenge. Men det har eg jo. Eg er ganske flink til å kjenne meg heime fos folk.
Som ein slags stille demonstrasjon mot detta kaffi-stresset har eg difor eit lager av te heime hjå meg. Alle som kjem kan velje i eit breitt sortiment te; fleire sortar urte-te, grøn te, vanleg te, og te nestan direkte flydd inn frå Kenya. Lettare hånleg pleiar eg å seie til gjestane mine at "men om du absolutt MÅ ha kaffi, så har eg nokre pulver-greier. Som om kaffi er way below min standard.
Men no har altså realitetane endeleg sege inne over meg. Eg kjenner meg rett og slett akterutsegla.
Eg - som er så hipp og trendy?
Gårkje an!
Difor har eg no bestemt meg for å kaste meg på kaffibølgja som skyl over oss. Og har eg fyrst har bestemt meg for noko, - då går eg systematisk til verks.
I går kjøpte eg meg ei espressokanne.
Espresso er nemleg eit av dei orda eg gjerne vil ha i vokabularet mitt. Og macchiato. Men då må eg sjølvsagt vite kva det er for noko.
Espresso er visstnok ein kaffidrikk frå dei sørlegare delane av Europa. Og sjølv om eg kanskje ser norsk ut, så kjennes heile mitt indre ut som eit flammande søreuropeisk inferno, og det er jo difor heilt naturleg at eg må like espresso.
Det fine med denne drikken er at du kan blande han med mjølk. Då vert det cafe-au-lait. Eller kaffelatte. Mjølkeskummar måtte difor også til. og sjølvsagt koppar i ulike storleiker og teskjeier som høyrer til.
Men sidan heile dette kaffistyret er så avansert har eg sett meg nøydd til skaffe meg ein veileiar.
Dette veit nemleg Bente Krumsvik alt om.
Problemet er berre at eg trur faktisk ikkje at eg heilt toler koffeinet. Eg vert nærast litt sånn småbrisen.
- Du må begynne i det små og starte med kaffe mocca, sa veileiaren min. - Så må du følgje opp med cappuchino og sjokoladekake.
Sidan eg er ein pliktoppfyllande elev gjorde eg som ho sa.
No ligg eg her. Fyllesjuk.
Så mykje for å verte trendy.

Kvardagsliv i Gjerdsvik, del 6

- Gå og hent litt sjokolade til meg, forlanga eg i godstolen framfor peisen. Vi hadde nett satt oss ned etter kjøtkakemiddagen, mannen min og eg.
Eg hadde lagt beinet høgt, etter at eg for ei veke sidan trakka over med venstrefoten på fotballtrening. Og har humpa på krykker sidan.
Det vil seie, når eg har orka å drasse på dei. Stort sett har dei berre vore i vegen. Difor har eg heller drege beinet etter meg så eg kunne ha begge hender fri.
Ei veke seinare innser eg at det kanskje har vore feilslått taktikk. Foten var blåare og vondare enn nokon sinne. Eg bestemte meg difor for å prøve å halde foten meir i ro, og sette meg godt til rette med kommandoane klare.
Diverre var ikkje mannen min like klar.
- Eg gidd ikkje reise meg, sa han, fullstendig blotta for empati og medkjensle over fotballøydelagde ankler.
- Eg er trøtt og sliten etter all jamringa di nattestider, fortsette han, framleis berre oppteken av sitt eige egoistiske ve og vel.
Eg visste kva som no kom:
- Du skjøner vel at det er ein balanse i det her? Eg gidd ikkje reise meg opp og hente sjokolade til deg fordi eg er trøytt og sliten etter at du held meg våken heile natta med det verkande beinet ditt!
- Det er di skuld, prøvde eg meg, og visste at eg no var på gyngande grunn: - Hadde du fylt bensin etter at vi såg Borat på kino, så hadde eg slept å gå ein kilometer med beinet mitt når eg gjekk bensintom på Moa!
- Du kunne jo berre fylt bensin sjølv, på vegen? Mannen min var like roleg.
- Eg fekk ikkje opp det fordømte bensinlokket! Eg var på djupt vatn no, eg visste det.
- Det er klart, det krev jo ein iq på meir enn 20, svarde mannen min irriterande spydig.
- Det står ”turn clockwise” på lokket, men det gjekk ikkje an å turne clockwise, ropte eg i eit forsøk på å vise at eg faktisk hadde prøvd meg på logikk før eg hysterisk skrudde lokket i alle retningar. Diverre gjekk det ikkje då heller. Eg sa ikkje til mannen min at eg hadde måtte bruke krøplingstatusen min og vinka til meg ein passande gubbe for å hjelpe meg.
Heile vegen tilbake frå bensinstasjonen og bort til parkeringsplassen på Moa medan eg drog klumpfoten etter meg, tenkte eg ut kva for slags mannfolk det kunne vere passande å spørje. Kvinnfolk var heilt utelukka, hadde ei anna dame greidd å få opp det hersens bensinlokket, hadde eg stryki med av såra stoltheit.
Eg vart faktisk overraska over meg sjølv over kor fordomsfull eg var: Eg fann ut at eg ikkje kunne spørje dei heilt unge gutane, dei hadde ikkje lenger særleg teknisk innsikt, dei var meir opptekne av utsjånad og finelektroniske ting enn bensinlokk, resonnerte eg. Dei eldre karane derimot, dei i sånn i seksti-sytti åra, karer som hadde arbeidd i industrien i førti år, fann eg ut at måtte vere dei rette å spørje.
Spørsmålet var om dei fanst på Moa ein laurdag formiddag.
Heldigvis hadde eg lukka med meg, og fann ein kar på laurdagshandel med kona.
- Høflege er dei også, desse eldre karane, tenkte eg nøgd medan han etter kvart fekk opp bensinlokket mitt.

- Det gjekk opp først når eg skrudde det andre vegen, sa eg til mannen min, med eit febrilsk hint om at opplysningane som sto på bensinlokket var riv ruskande gale, og at det såleis ikkje var eg som var dum, det var bensinlokk-lagarar som var teite.
- Det gjekk opp eit lys for deg, ja, mumla mannen min like roleg medan han spøkte med at han no skulle gå i gong med å spikke eit trebein til meg.

PS: Må eg berre få presisere at vi har eit særleg intrikat bensinlokk, altså. Med lås og alt mogleg.

Prev123Next