Ice Queen

kaldt.jpeg

Morn! Let's get started

Då sat eg her då, med føtene godt planta på bordet og headsettet på hovudet, for det har seg nemleg slik at uansett korvidt eller breidt eg vrir og vrengjer på det så er eg temmeleg avhengig av musikk. Men det er det nok eit fleirtal ungdom som allereie er. Berre så synd at flesteparten sløser bort I-pod plassen sin på Paris Hilton, Aylar og Britney Spears. Missforstå meg rett no, Det er synd på Spears som slit med alkohol, paranoia, sjølvmordstankar og på toppen av kaka, foreldreretten, men dette er ikkje eingong brøkdelen av grunnen til kvifor eg mislikar henne og hennar type musikk. Paris Hilton kan for det første ikkje ein gong syngje. Ho er ein bortskjemt hotellarving, og etter inntrykket å dømme gjer ho alt for å kome ut i media. Det var ikkje mange som trudde at det var ho som song da ho gav ut den første låta. Songen var altså så datalagd at du måtte vere rimelig døv for ikkje å gjennomskode heile fasaden. Og Aylar... Kvifor ho kom seg inn på hitlistene i det heile er ikkje godt å seie. Ho er glamourmodell, og etter alle artiklar og innlegg å dømme, er ho og stolt over rollen som horemamma. - "Horemamma? ho er jo berre jentungen!" sa ein bekjend av meg då han las dette, for det er faktisk det desse artistane er, i alle fall ein del av dei. PR-kåte tenåringar med kameravennleg utsjånad.

Det er ikkje gale å vere pen. Ulempa er å ha såpass lite mellom øyrene at du missbruker utsjånaden din for å framstå som... Ja, samme kan det vere, positivt er i alle fall det siste det er snakk om her. Eg må nesten innrømme at eg syntes litt synd på Paris då ho vart køyrt til fengselet, men same kan det vere, å bruke opp depresjonen min på hennar ulukke er berre egoistisk, tykkjer eg.

No er det då altså Marilyn Manson som strøymer frå høgtalarane i headsettet og inn i mine nokså tilfredsstilte øyrer. Eit lite flir flyg over andletet mitt i det eg tenkjer på kva som skjer når eg flyttar ut. Eg kjem til å verte kalla for ”nomaden”, av di eg sikkert må flytte annankvar månad pga utkasting i forbindelse med alt for høg speling av ”satanmusikk”. Jauda, eg ser på ei nokså interessant framtid, må eg seie. I går natt sat eg og tasta med kjæresten over internett, slik som eg plar, og la tilfeldigvis fram framtida mi som superbestemor. Det kjem til å bli interessant, i og med at framtidsplanane mine faktisk inneheld motorsykkel, kvar einaste tarantella på marknaden, og ein ektemann med ei lysande framtid som spåmann. borneborna mine må sjølvsagt elske meg, men det kjem seinare.

Eg har utvikla den uvanen at dersom eg syng mens eg skriv, så skriv eg til slutt ned teksten til songen, i staden for det eg eigentleg skulle skrive. Dette byrjar å bli irriterande, ettersom eg alltid må ha musikk når eg skriv. Det faktum at ”det er berre å la vere å syngje då, veit du!” er vanskelegare enn det ser ut til. Når du har fått ein song på hjerna, så må du liksom berre vræle med når songen fyrst blir sett på, det er sikkert mange einige med meg i. Men det kan vel kanskje hende at det har litt med teksten på songen at folk ber meg om å halde brødsaksa igjen når eg høyrer på musikk og skriv. Men allikevel, YOU POISONED MY LIFE, SO I TAKE THIS KNI……Oops……

Tru. - Har du lyst, har du vel lov?

Det er nok mange som kanskje trur eg er satanist, men sanninga er at nei, det er eg ikkje. Eg seier ikkje at satanismen er vakker, eg sprer ikkje rykte om at eg er satanist, eg deltek ikkje i satanistiske ritual, eg har ikkje lest den omvendte bibelen og eg ofrar ikkje mitt eige blod for å kunne be til den falne engel. Men om folk absolutt vil tru at eg faktisk er satanist, så vær så god. Eg er ikkje satanist fordi om eg høyrer på musikk med makabre tekster, og går i svarte klede. Nei, eg er berre meg sjølv. Tenk over det, ser du for deg meg vaklande rundt iført miniskjørt, høge rosa stiletthælar, smurt inn i brunkrem til eg er nesten svart, sminka til eg ser ut som eg har fått eit malingsspann i andletet, og med hjarte til å stappe ei stakkars gneldrebikkje ned i den minimalistiske veska mi, så det stakkars kreket held på å stryke med av luftmangel? Nei, tanken åleine gir meg brekningar. Eg har ingenting imot at andre kler seg på den måten, og har dyr i handveskene sine, men tanken på meg i ein slik situasjon, er berre heilt fullstendig feil, i mine auge i alle fall. Eg skal ha ein søt liten tarantella, men eg skal for alt i verda ikkje stappe han ned i ei likkiste av slangeskinn. Det stakkars krypet fortjener vel betre behandling enn det, tykkjer du ikkje?

Fakta er at eg ikkje anser meg sjølv som tilhengjar av nokon religion i det heile. Men det at eg ikkje anser meg sjølv som kristen betyr ikkje at eg automatisk blir ein ”outkast” av ei anna verd. Eg har akkurat dei same meiningane, og dei same måla. Eg har berre bestemt meg for at eg ikkje tykkjer det er heilt sannsynleg at det skal sitte ein gud på ei sky og befale vind, ver og besvare alle mulige kveldsbøner, som om han ikkje hadde anna å gjere. Eg trur heller ikkje det er tilfeldig at eg går rundt her på denne jorda og kan bestemme akkurat det eg vil. Eg trur ikkje at det berre sa ”POFF” og så var verda til. Men at det skal sitte ein Gud på trona si, med Jesus ved si høgre hand og bestemme kven som skal døy, kven som skal leve, kva folk skal gjere med livet sitt, og kven som skal øydelegge meir enn dei reparerar, i hytt og gevær.. Det er berre litt for urealistisk for meg. Sånn er altså mitt syn på kristendommen. Kanskje om tjue år, har eg plutselig konvertert til Islam, og sit på ei matte og ber til ein eller annan gud eg ikkje hugsar namnet på, kven veit. Dette er nå i alle fall det eg meiner akkurat no.

Men kanskje er satanismen ikkje så grotesk, som han er framstilt. Kanskje er han heilt vanleg, sånn som kristendommen eller jødedommen. Det er vel heller tvilsomt, men ordet ”Satanist” tyder ikkje nødvendegvis, blod, drap, død, helvete, svart, ondt eller makabert. Satan sit ikkje nede i helvetet sitt og svir av seg halen mens han ler ondt, slik som i teikneseriane. Berre fantasien kan sjå føre seg korleis det er. Det er ikkje sikkert det finnest eit helvete heller. Ein kristen eg har snakka med seier det på denne måten: ”Dersom Gud har skapt alt som er, slik som bibelen seier, ville han då ha skapt eit helvete med ein djevel til å lage trøbbel for seg?”. Dette er eigentleg eit godt spørsmål. For det første må ein jo finne ut om det fins ein gud, (noko eg ikkje trur), og så må ein finne ut om ein trur at satan finnast, så kan ein jo byrje å lure på korleis universet eigentleg vart til, og så har ein plutseleg spora heilt av! Nei, enkelt er det ikkje, men ein må vel ha lov til å tru det ein vil… Eller??

Spolert badeglede.

Ja, no er sommaren for lengst komen, sjølv om det ikkje alltid ser heilt slik ut. Det er slik i år som i fjor, at stranda er overfylt med ei masse kvit gugge kvar einaste gong nokon skal dit og bade. Kanskje er det ikkje farleg, men i alle fall utruleg ekkelt og ikkje særs innbydande for andre en måsen, som alltid går der og skrik når det ikkje er folk der. Men kvifor er alt dette feittete ekle stoffet å finne på vatnet akkurat på sommaren? Eg for min del tykkjer det er meir innbydande å bade på vinteren. Ikkje på grunn av temperaturen, men fordi at vatnet er klarare og reinare på den tida av året. Dette stoffet kjem kvar sommar, og øydelegg ofte badegleda for mange. Det er ikkje få gongane syster mi, eller for den del bror min har sagt at dei ikkje vil gå på stranda og bade, og om vi ikkje heller kan gå ein annan plass.

Eg må innrømme at dette gjer meg passe irritert. Kvifor kan ikkje dei som dumpar dette i sjøen, finne ein annan plass å gjere av det? Dei få gongane stranda er rein, er det oftast for kaldt til å bade. Er det slik at stranda berre må sjå nærmast forureina ut på dei dagane som badegleda er størst? Eg har bada i år, men sjølv ikkje eg likar å bade i fiskefeitt (dersom det er det det er). Og kvifor har ingen gjort noko med det? Det er fleire som har klaga, veit eg. Men ingenting har vorte endra. fortsatt ligg dette tjukke feittete stoffet på strendene, fortsatt vegrar ungar seg for å gå uti for at det er så mykje kvite greier i vasskanten. Dei gongane eg har bada der har eg alltid hoppa "grasiøst" over det mest feittete punktet ytst i vasskanten. Det er flekkar lengre ute i vatnet og, men er det varmt nok og ein har bestemt seg for å bade, så gjer ein det. Tenk på dei minste, som ikkje klarar å hoppe langt nok til å unngå alt dette stoffet, og må vasse i det til dei kjem seg langt nok ut til å unngå det.

"Æsj!", seier eg. Men det er jo ingen som gjer noko med det, sjølv om diverse klagar vert sendt inn. Er det betre å forureine vasskanten i vika med ein masse feittete tull, enn å finne ei betre løysing? Og tenk på turistane! (enda så få som det kan vere). Er det innbydande å skulle sjå utover vika som både eg og andre tykkjer er ganske naturskjønn, for så å få auge på eit tjukt lag av kvitt slam på sjøen? kallar ein dette for fint? Eg kallar dette for eit stort irritasjonsmoment og til tider spolert badeglede. Tek eg feil der?

Viltaften på Adolfbuda Laurdag 30 September 2017
Viltaften på Adolfbuda Laurdag 30 September 2017
21.08.17 13:06
 
30.03.17 11:05
Opningstider treningssenter
Kvar dag mellom 06 - 23
27.03.17 23:09
Prisar treningssenter 2017
Prisar pr år
Ordinær pris pr år 1800,-
Pris tilsett sponsor pr år: 1450,- 
Pris privat sponsor pr år: 1450,-
Ordinær pris familie pr år: 3500,-
Pris familie privat sponsor: 2800.

Pris pr halvår
Ordinær pris pr halvår 1000,-
Pris tilsett sponsor pr halvår: 800,-
Pris privat sponsor pr halvår: 800,-
Ordinær pris familie pr halvår: 1800,-
Pris familie privat sponsor pr halvår: 1450,-

Månedsavgift
200,-

Vekesavgift
100,-

Betaling til kontonr 3910 53 69542. Merk med mobilnummer
27.03.17 23:07
Reglar treningssenter
ALDERSGRENSE
Du kan trene på senteret frå det året du fyller 15 år. Dei som er mellom 13-15 år, kan trene saman med foreldre/føresette. TILGANG/MEDLEMSSKAP
Du får tilgang til senteret ved betaling av medlemsskap, og tilgangen varer til perioden er utløpt. Din tilgang er knytta til ditt mobilnummer, som vert registret ved kjøp av medlemsskap.Dette er personleg, og kan ikkje nyttast av andre enn deg sjølv. Det er berre personar med abonnement som slepp inn på treningssenteret.Dei som slepp inn personar utan abonnement kan risikere utvising. SIKKERHEIT/ANSVAR
Du kan få tilbud om gjennomgang av maskiner og utstyr. Dette ved å kontakte ansvarleg for senteret. Du er sjølv ansvarleg for å være helsemessig skikka til å nytte treningssenteret. Treningssenteret har ikkje ansvar for skader på person eller gjenstandar, eller tap av gjenstandar.
27.03.17 22:37