Tier der andre tør

tier.jpeg

Kommunikasjon [17.03.2007]

I eit samliv så er evna til det å tåle ei due, noko som kan vere sjølve lakmustesten i eit forhold. Den første sjenerte smygaren under dyna kjem ofte som ei påminning om at ting er i endring. Snart kjem buldringa tettare og meir høglydt enn hagl på eit dårleg festa bølgeblikktak. Frå store deler av den mannlege delen av befolkninga vert det hevda at den kvinnelege delen sjølvsagt ikkje skal vere behefta med slike aktivitetar. Det vert ofte peika på at det trass alt er noko som heiter mannfolkarbeid. Det skal ikkje vere fysisk mogeleg, eller i det minste så burde det ikkje vere råd, for ei kvinne å kunne presse fram ein kakafonia av lydar og ulydar som ofte heng med slike ting. Men no til dags med lik rett til det å suse i sivet, er sjølvsagt dette berre gamlemannstankar og vrakgods frå ei anna tid. Kvinnene må sjølvsagt få lov til å la orkanen herje dei og.

Det må skytast inn at fenomenet med gassangrep kan oppstå både i ei listande illeluktande form eller meir som ein slags svovelaktig blitzkrig. Blanding er som regel den same; 59% Nitrogen, 21% Hydrogen, 9% Karbondioksid, 7% Metan og 4% Oksygen. Dette er innhaldet i ein middels norsk flatulens. Berre 1% av dette er det som skaper odør og negativ stemning.

Men kanskje kan ein sjå noko positivt i dette. Etter kvart har ein blitt meir og meir opptatt av å effektivisere samfunnet og med det flytte grensene for kva som er akseptabelt i høve til normar og reglar. Kva skjer den dagen samfunnet finn ut at ein kan nytte lydangrepet til noko positivt. Kanskje vil ein då oppleve eit opnare og meir inkluderande samfunn som omfamnar desse luktene og ulydane og muligens oppfordre til fleire måtar å utføre dåden på? Om ein kunne blåse i tåkeluren og samstundes nytte desse lydane det til eit effektivt kommunikasjonsspråk, ville det kunne vere både til nytte og glede.

Salutteringa kunne bli ein slags kul SMS-oppfølgar der kommunikasjon og nytelse vart kombinert i ei høgare symbiose, der ein lot tommelen kvile og heller slapp ein langtrekt ein for å sei OK. Då kunne folk seie ” takk og lov for fisinga, kva i all verda gjorde vi før i tida?” Og den første smygaren under teppet vart då oppfatta som at, jaudå dette lover godt for det vidare samlivet.
Erte- og bønneprodusentane kunne vertfall gå ei fin tid i møte.

Men fritt for ikkje å halde takk-for-maten-talen om dette skulle slå gjennom.


Urk! [7.3.2007]

Kva har Ben Affleck, Dianne Wiest, Will Smith, Bruce Willis, Sandra Bullock, Hugh Grant, Mel Gibson, Nicolas Cage, Adam Sandler og Diane Keaton til felles? Om du ser vekk frå det faktum at dei alle er høgt profilerte amerikanske skodespelarar? Jau eg, underteikna, finn nesten ikkje ord for kor mykje eg mislikar denne filmgjengen. Ikkje berre vert dei nytta i altfor mange filmar av middels til dårleg kvalitet i den tru at trynefaktoren til desse skal heve eit dårleg plot opp til eit blockbusternivå. Dei tilfører så lite kvalitet til filmane at ein kvar produsent med respekt for seg sjølv, etter mitt syn, må oppsøke all den profesjonelle hjelpa dei kan få tak i, før dei i det heile tatt vurderer å signerer desse falmande stjernene.

Problemet er at hatet til eksempelvis Ben Affleck og Diane Keaton er så overskyggande at dersom desse stjernene skulle vere å finne på rollelista til ein film som kanskje kunne ha eit visst potensiale, vert denne straks forkasta som tidtrøyte.

Kva kan grunnen vere til slikt eit brennande hat? Etter å ha sett gjennom lista har eg kome til at dette må ha å gjere med altfor stor filmslitasje av desse stereotypane: Kanskje dei skulle ha teke sparepengane sine og investert seg i eit AMO-kurs, slik at andre samfunnssjikt enn filmindustrien kunne ha nytt godt av kva andre talent dei enn måtte inneha.

Surmaga kritikk? Javisst.. men nokon må ta jobben.


Kaldt [10.02.2007]

Fy flate så kaldt. Alt som kan fryse til er no gjennomfrose. Ein skulle tru at observasjonen kom som eit resultat av ei midtvinters togreise gjennom tundraen i Sibir? Neinei - dette er kystSunnmøre i januar og her skal då ikkje vere så gjennomtrengande bitande beinkaldt?

Kulda, eller mangelen på denne, er ein av grunnane til at ein ikkje har busett seg i dei djupe skogane - der minusgradene står i kø gjennom heile vinteråret. Regelverket tilseier at vi her i fjøresteinane skal ligge sånn ca. litt på plussida av temperaturskalaen på denne tida av året. Heller ein god gammaldags sørvest med +4 og storm i kasta enn stilt og iskaldt. Ein får vone at våren gjer sitt inntog snart. Det er kanskje meir politisk korrekt det enn å satse på auka global oppvarming?


Uprøvd [31.01.2007]

Det var i dei dagar eg gjekk rundt og skraut på meg at eg ikkje hadde sett ”Titanic” på kino. Ikkje lenge etter var eg mellom dei svært få som ikkje hadde sett ”heftig og begeistret” via det nemnde mediumet.Dette var ting som gjorde meg rett så stolt og glad og noko eg til irriterande stadigheit ikkje la vekk i samtale med andre. Seinare då filmane kom på TV var tanken; dette skulle eg då verkeleg ha sett i widescreen på kino?

Det er i grunnen mange ting ein har stått over i livet som burde ha vore utprøvd. Sidan det er så populært med lister, så skal eg prøve kome opp med nokre uprøvde ting som kanskje burde har blitt..nettopp utprøvd?

Det står uprøvd å ta kontakt med ei spåkone for å høyre om kva framtida ber med seg. Men sånn generelt sett; burde ikkje ein sleppe å ringe til dennne yrkesgruppa? Dei burde då vite at ein hadde tenkt å ringe og i staden kontakte deg deg og sei ..jau eg tenkte meg at du var i ferd med å plukke opp telefonrøret, så no skal du høyre...
Eit moment som stadig kjem fram er kvifor ikkje denne gjengen med slike eineståande framsynte eigenskapar, støtt og stadig vinn rubbel og bit av det som er av pengelotterier. Ein får som regel til svar at dei ikkje skal nytte evne sine til å skaffe seg økonomiske fordelar. Det skal visstnok ikkje vere etisk korrekt..Når ein ser satsane dei opererer med på Dagbladet sine annonsesider, må ein vel sei at 30 kr. minuttet er å vinne i lotto kvar dag heile året. Nah..skeptisk.

Av grunnar som eg ser på som innlysande, har eg ikkje vore på såkalla latterseminar. Du veit, slike møte der vaksne folk utan vidare set seg til og haukar og ler. Det frigjer etter sigande store mengder endorfinar, som i sin tur er bra for helsa. Etter mi meining skubbar dei i dette tilfellet konvolutten vel langt..eit ganske irriterande opplegg.. Kva i all verda gjer desse når ting vert verkeleg morosame? Ein lyt takke og bukke for at dette står uprøvd.

Har heller aldri fått beskjed frå ein rettsal om ikkje å kome ein eller annan nærare enn 100 meter.

Har ikkje vore med og gått i fakkeltog for kvar gong eit eller anna helseføretak har trua med nedskjeringar i budsjettet. Litt rart å tenke på det der med fakkeltog. Det er kun aktuelt når eit sjukehus skal misse tilbudet inanfor ettervernet på ortopedien eller styret skikkeleg markerer seg i mediabildet og foreslår å legge ned behandlingstilbudet for kreftsjuke born (heilt utenkjeleg sjølvsagt – men kva gjer ein ikkje for å presse meir pengar på bordet) Men då er det fram med fakkelen og stille seg i toget som går nedom pasientinntaket og oppom bosstativa før det ender i apell framfor vindauget til møterommet der styret har sitt avgjerande og dramatiske styremøte. Du ser aldri fakklane elles i samfunnet. Krig i Irak, global oppvarming, aidsepedemi i Afrika og så bort etter. Men går ein tom for kaffe i sjukehus-kafeteriaen så er dei der, fakkelbererane, og tek til å rasle med fyrstikkøskjene.

Har heller ikkje teke skrittet (!) og kjøpt meg skrittellar. Og takk for det.

..kanskje det er best som det er. Betre å vasse på grunna..


Credo 2007 [03.01.2007]

2007 skal pokker meg bli litt av eit år.. No skal alt endrast og feittranda som ligg som eit åk kring livet skal raderast vekk permanent. Banksjefen skal få ro i sjela, slekta skal få besøk ut i eningen og velduftande gåver i hopetal. Vedlikehaldet på huset skal trappast kraftig opp og hagen, oohhh ja hagen, den skal sjå ut som eit paradis - kvitt all høymole, skvalderkål og depel. Mosejekelskapen, som dekker det meste av det som normalt sett vert kalla plen, skal gå ei svært så utrygg framtid i møte. Alt dette og meir til skal skje i 2007. Trur jammenmeg at jobben også skal få seg ein real opptur, med ekstremt gode tal på bunnlinja og overekstatiske aksjonærar. Hadde eg vore avhengig av sigarettar skulle eg definitivt kvitta meg med den lasta også. No skal eg slutte med alt det tullet som eg dreiv med i 2006. Slutt på dagdrøyming og slysnefære, ikkje meir opptirring av folk frå fjern og nær..Ikkje meir slaskestell på denne karen nei. Velkomen 2007, no skal det bli action her. Vertfall sånn ideelt sett.. Trur eg.