Sindre si verd.

bilde_009.jpg

Her legg eg inn bilder av forskjellige turar ein kan oppleve i Gjerdsvika og omegn.

Stortur til Storetua.

Tur til Storetua frå Sædalen.

Turen gjekk frå Sædalen via Vatthornet og Kloven ( Klovevatnet ) til Storetua. Til denne turen må ein nok avsette 4 - 5 timar, men då er det tid til litt pause. Det er litt vått i "råsa" i starten, men etter ca. 10 min. er det fint å gå. Det er merka med pinnar frå Sædalen til Vatthornet og vidare til Kloven.

For fleire turar og bilde, sjå Bloggen "Sindre si verd"

God Jul ( frå fjellet )

Bilde frå fjellturar i vinter.   

For andre bilde og turar: Sjå "Bloggen / Sindre si verd"

Skitur til Sandfjelltuva, 1002 moh.

Sandfjelltuva ligger på Syvdefjella, lettast tilkomst er frå Norddalen. Frå toppen er det god utsikt i alle retningar, ein ser både Gjøna og Skorpa frå toppen.

Vårtur til Ulla fyr

Våren 2009 var vi på tur til Ulla fyr ved Harmsøya. Været viste seg frå si beste side, så dette vart perfekt.

Hidsegga på ski.

Søndag 10 januar passa det endelig med både ver og føre for å bestige Hidsegga med ski. Start frå Hide og opp Hidsdalen.  Dette var ein utrulig flott opplevelse. " kan ei forklares -  kun erfares"

Nyttårs-tur til Trolltua.

Viss du går på Bloggen og Sindre si verd, kan du sjå bilde i frå denne turen.

GODT NYTTÅR.

Leikongeidet

webadm.cgi.jpeg

Om du vil sjå bilde frå turen, kan du gå på Bloggen og Sindre si verd.

Leikongeidet

Flotte ski forhold på Leikongeidet søndag 4 januar.

Is og Skøyter

Ein søndagstur til Nyksvatnet for å få bruke skøytene kan vi anbefale...... Turen tek ca. 45 min. frå Årvika.

Nyttårs-tur til Trolltua

Vi prøver (tradisjon) å avslutte året med ein tur til Trolltua, i år var været heilt topp, så då var det berre å hive seg rundt. Vi slit litt med å få faklane vore til å brenne pga. av vind, men det var fyr i dei då vi gjekk der frå.

Tur til Sædalen.

I haust har det vore flotte forhold til å bruke kano i Sadalsvatnet. Dette benytta vi oss av ein søndag i august.

Tur til Runde Fyr

Ei mild og fin oktoberhelg bestemte vi oss for å besøkje Runde fyr. Lakenposane og litt mat for eit døgn var straks på plass i sekkane. Då vi ikkje bur så langt frå Runde, har ulike historier om Runde Fyr nådd oss, til dels også nifse historier. Dette måtte utforskast. Vi starta turen i Goksøyra på Runde, der vi parkerte bilen nede i bygda, og starta på bakkane oppover. Vegen var tydelig, og ruta mot Runde fyr, godt merka. Vårt turlag på 10 personer, derav seks mellom 6-13år var ved godt mot på turen. Vi såg fram til å nå målet, og var litt spente på nedstigninga mot fyret. Det var ein flott tur på ca 1-1,5 time. Nokre sterke karer frå Herøy Turlag var i gang med utbetring av stigen nedover med nokre trappetrinn. Rekkverk var der å halde seg i, og vi kunne levande sjå for oss korleis folk i gamle dagar måtte vere avhengig av å halde seg fast i stormfulle dagar. På trappa til hovedhuset vart vi tatt i mot av hyttevakta, som kunne fortelle at det antakelig kom til å verte fullt til natta. Ho viste oss rundt, og tilbaud oss heile loftet for overnattinga. Kvelden var trivelig og sosial, saman med ei gruppe frå Herøy Turlag som ivrig la planer for neste tur-år, og som delte det med oss. Vi fekk sjå bilder av fyret, både frå ny og gamal tid. Oddbjørg Remøy fortalte borna om historia til fyret, det var spennande. Ho fortalde om ein fyrvokter som skulle tenne gamlefyret, og vart sitjande ”landtroll” på fyret i tre dagar pga. dårleg ver. Trappa til gamlefyret som havet hadde tatt i orkanen i 1992, gjorde inntrykk. Dette var ein del av turen som sette spor. Vi var nok ganske stor-augde då ein frå Herøy Turlag kom inn etter å ha bada i fjøra, noko som visst var vanleg i ein av kulpane nede på berget. Seinare var vi på spasertur med hovudlykter opp til fyrbygninga. Det var spesielt flott å sjå lyset frå fyret og forbipasserande båtar i den stille, mørke og disige kvelden. Vi var fornøgde med loftet, -dette hadde vi faktisk ikkje gjort før, -sove på flatseng på same loft alle ti! Vi fann oss godt til

Opplevelse Tur Til Vågsøy.

Viss du reiser ca.1,5 time frå Gjerdsvika, kan du besøke Vågsøy kommune. Dette gjorde vi ei helg, med overnatting på Skongsnes Fyr. Fyret var tent for første gong i 1865, automatiserig av fyret skjedde i 1985. I dag er husa til fyret tatt vare på av YNT. (Ytre Norfjord Turistforening) Du kan finne ut meir om fyer viss du søker på inernett.

Sædalsvatnet renn over.

Her er nokre bilder av Sædalsvatnet når det renn over og elva vidare nedover mot bygda.

Trolltua

Gjøna

Kajakk tur i Sædalen

Flott Kajakk tur i Sædalen, når Sædalsvatnet var fult.

Søndag 23 september var den perfekte dagen for å oppleve Sædalsvatnet med Kajakk.

I inste enden av Sædalsvatnet bar vi kajakkane vidare til det som kartet kallar "Sævtjønna". Der var det idyllisk og stille.

Ved neste annledning vert nok kajakkane tatt med heilt til Raudsandvatnet, det hadde vi ikkje planlagt denne gongen

 

FLOTT TUR.

Viltaften på Adolfbuda Laurdag 30 September 2017
Viltaften på Adolfbuda Laurdag 30 September 2017
21.08.17 13:06
 
30.03.17 11:05
Opningstider treningssenter
Kvar dag mellom 06 - 23
27.03.17 23:09
Prisar treningssenter 2017
Prisar pr år
Ordinær pris pr år 1800,-
Pris tilsett sponsor pr år: 1450,- 
Pris privat sponsor pr år: 1450,-
Ordinær pris familie pr år: 3500,-
Pris familie privat sponsor: 2800.

Pris pr halvår
Ordinær pris pr halvår 1000,-
Pris tilsett sponsor pr halvår: 800,-
Pris privat sponsor pr halvår: 800,-
Ordinær pris familie pr halvår: 1800,-
Pris familie privat sponsor pr halvår: 1450,-

Månedsavgift
200,-

Vekesavgift
100,-

Betaling til kontonr 3910 53 69542. Merk med mobilnummer
27.03.17 23:07
Reglar treningssenter
ALDERSGRENSE
Du kan trene på senteret frå det året du fyller 15 år. Dei som er mellom 13-15 år, kan trene saman med foreldre/føresette. TILGANG/MEDLEMSSKAP
Du får tilgang til senteret ved betaling av medlemsskap, og tilgangen varer til perioden er utløpt. Din tilgang er knytta til ditt mobilnummer, som vert registret ved kjøp av medlemsskap.Dette er personleg, og kan ikkje nyttast av andre enn deg sjølv. Det er berre personar med abonnement som slepp inn på treningssenteret.Dei som slepp inn personar utan abonnement kan risikere utvising. SIKKERHEIT/ANSVAR
Du kan få tilbud om gjennomgang av maskiner og utstyr. Dette ved å kontakte ansvarleg for senteret. Du er sjølv ansvarleg for å være helsemessig skikka til å nytte treningssenteret. Treningssenteret har ikkje ansvar for skader på person eller gjenstandar, eller tap av gjenstandar.
27.03.17 22:37