Kulturlageta er klare for kulturfestivalen Vindròsa til helga. Arild Hoksnes og Red Roosters band er noko av det som står på menyen.
Ikkje minst for ungane er det mykje som skjer denne helga. Det startar allereie på fredag med kunstworkshop.
– Vi brukar å starte helga med noko for dei yngste. Denne gongen er det Hege Sørdal frå kulturskulen i Herøy som skal ha eit kurs i akrylmaling, informerer Hilde Beate Hestås.
Resultata av kurset vert vist som ei eiga måleriutstilling på søndag. I tillegg står SSR bak ein konkurranse der skulane i heile Sande har vorte oppmoda om å teikne eller lage ein rap om gjenvinning. Resultata av dette vert også vist under festivalen på søndag.
Og sist, men ikkje minst vil skulelevar frå heile Sande kommune få høve til å opptre saman i ei danseoppvising ute på asfalten mellom nausta.
– Dette vert fantastisk! Seier kulturlagsmedlemane entusiastisk.
Kunst og internasjonal mat
Lisa Liavåg er årets festivalkunstnar, og smykker ut Adolfbuda med biletkunst i akryl. Lisa er frå Hareidlandet og er utdanna grafisk designar. Dei siste åra har malinga blitt meir og meir viktig for henne. Dette har resultert i ei rekkje utstillingar, både kollektive og separate.
– Lisa lagar utruleg vakre bilete som folk kan nyte, og få høve til å kjøpe både laurdag og søndag, seier Annie Vos.
Ho er ein av to nye medlemar i Kulturlaget med internasjonal bakgrunn. Annie er frå Nederland, medan Evy Sandanger er frå USA.
Kulturlaget gjentek også suksessen med internasjonal kafé som vart oppstarta i fjor, der ulike matrettar frå 10 land vert servert.
– Gjerdsvika tek til å bli internasjonal, og har innbyggjarar frå mange ulike land. Ved å samlast over mat og matlaging, skapar vi eit hyggjeleg sosialt møtepunkt, seier Brynhild Mykkeltveit.
Humor og haner
Laurdag kveld er Arild Hoksnes atter klar for Gjerdsvika. Humoristen og foredragsholdaren har gjesta bygda tidlegare, med både revykurs og kåseri. No underheld han gjester på Adolfbuda nok ein gong, før The Red Roosters band avsluttar kvelden med svingande bluestoner.
Søndagen vert avslutta med eit spennande program på og rundt buda.
Veronika Bonaa vil lese oldefaren, Paul Stokseth, sitt kåseri om «Då Amerikafeberen kom til Gjerdsvika». Kulturlagsmedlemane har fått høyre ein liten smakebit, og kan love at det vert ein svært morosam seanse.
Som avslutning byd Kulturlaget inn på middag.
– Sidan vi køyrer internasjonal mat på laurdag, vert det norsk tradisjonskost på søndag med sosakjøt og kremkaker til dessert, smiler dei blide damene, som nytter høvet til å ønskje alle hjarteleg velkomne til ein innhaldsrik kulturfestival neste helg.
Fredag: Kunstworkshop for barna kl 18-20, påmelding Hilde Beate, tlf 975 42 42
Laurdag: Internasjonal kafé kl 13-16. Kr 100/50
Humorshow Arild Hoksnes og dans Red Roosters kl 21-02. Kr 300. Påmelding Eldbjørg Sandanger 95841550
Søndag, danseoppvising kl 13.30, sal av sosakjøt Kl 14-16