Åpningstid Kuling-lørdag

Lørdag 29/1 er kafeen open frå 12-16. Gulrotkake og ostekake på menyen.

Velkomen!

Espen Tarberg-night

Espen Tarberg kjem til kafé Kuling førstkomande fredag 28/1.

Den gjerdsvikætta musikaren er kjend frå både seglbåten "Berserk" som han var med på i lag med Alex Rosén og Jarle Andhøy, og sjølvsagt som hard core rockemusikar frå Hidsfestidalen.

Espen har laga ein liten film frå festidalen, som han også kjem til å vise i dei inneleiande rundene på fredagskvelden.

Deretter vert det intimkonsert. Han har med seg gitaren og både eigenkomponerte og covra låtar.

Vi startar arrangementet klokka 19.

Det er 18-års grense og bindande påmelding.

Cover kr 150.

Meld dykk på til Bente (97059592) eller Hege (97160235)

OBS: Liten kafé med få plassar ... Ver snare!

Meny laurdag

Karamellrull

Sjokoladekake med sjokolade- og karamellsaus

Kanelsnurrar

Salat med røde linser og spekeskinke

Livet er som ein kjeks - sprøtt og søtt <3

 

Kafëdiett

Bente og Hege må dessverre, etter et litt for fornøyelig kaféår, kjøre en litt strammere (liv)linje. Heretter blir det derfor et sunt SALATalternativ på menyen, i tillegg til smoothieshots stappa med frukt og sunne ting. Vi oppfordrer dere også til å "ferske" oss i å kvalittetssikre mer enn strengt tatt nødvendig! Kaffi i premie! Velkommen! Exclamation point!

PS: Vi har sjølvsagt kaloribombene på plass også! Smaker (altfor) deilig!

Kult nytt år!

Bente og Hege på Kafé Kuling ønskjer velkomen til eit nytt år! Vi startar 2011 med brennsnut til middag på onsdag 5/1, og sjølvsagt kaffi og kake.

I januar kjem det til å verte onsdagsquiz (12/1), og i februar kjem Stig Ulvestad og speler på kafeen. Vi gler oss.

Velkomen!

Juleope og underhaldning på Kuling

Då tek Kafé Kuling juleferie!

MEN - vi har ope i onsdag i romjula, frå kl 13-17. Erlend intervjuar rappar Bjørnar H. kl 15. Det blir heftig skitt, og skikkeleg freeesht!

Kom, kom!

God jul, helsing Bente og Hege

Kaféope fredag 17/12

Kafeen er ope fredag 17/12 frå kl.15-18. Velkomne!

Kafé Kuling 1 år!

Ja, førstkomande helg er kafeen vår 1 år! Det feirer vi med gode tilbod, god kaffi og gode kaker. For dei minste så løner det seg å halde seg rundt kafeen i 13-tida - då kjem nemleg sjølvaste Pippi Langstrømpe på besøk!

Dei eldre kan kose seg i lag med bursdagsbarnet heile dagen, og gjerne vere med oss på lukka lagpå kvelden. Vi har skjenkeløyve og någgå åttåt. Men som de veit har vi liten plass, og dermed få plassar ... Meld dykk på til anten Bente; 97059592 eller Hege; 97160235.

Hjarteleg velkomne både store og små!

 

~ Livet er som ein kjeks - søtt og sprøtt ~

Kaféen på Sandemessa

Kafé Kuling deltek på Sandemessa på Larsnes i helga, og held difor stengt i Gjerdsvika laurdag.

Men ta gjerne turen til Kuling på Larsnes likevel. Vi tek med kaffimaskina, masse Madelynn-kaffi og kakemix, brød og småbakst frå Bakeriet i Lom og diverse kulingprodukt!

Velkomen

Infomøte på Kuling i dag!

Klokka 18 i dag kjem Detlef Sandanger til Kafé Kuling. Han skal snakke om misbruk av narkotika, og hvordan vi som foreldre kan oppdage dette.

Detlef kjem til å orientere om symptomer på narkotikamisbruk, og snakke om erfaringar han har gjort som lensmannsbetjenti distriktet dei siste 16 åra. Han kjem også til å vise oss ferske nasjonale og lokale statistikkar.

Velkomne!

Nyydeleg brennsnut på Kafe Kuling i dag

brennsnut.jpg

Kafe Kuling har fått noko av det mest sunnmørske ein kan tenke seg på menyen i dag: Brennsnut! Ta turen innom for ein tradisjonrik og god matrett

Infomøte på Kafé Kuling

Neste onsdag, 17. november, kommer lensmannsbetjent Detlef Sandanger på kafeen kl. 18. Han skal informere litt om den auka pille- og narkotikabruken her ute i bygdene våre, og korleis vi som foreldre kan oppdage om ungane våre brukar det. Ungdom og foreldre er hjarteleg velkomne!

Potetball på kafeen

Onsdag 13. oktober serverer vi potetball til middag på Kafé Kuling, og epler er stikkord for desserten!

Vi har også fått inn dei ferske bøkene til Morten Schakenda: "Schakendas bakeskole". Dei kan kjøpast signerte hjå oss.

 

Velkomen!

Brennsnut på laurdag

Laurdag serverer vi brennsnut og risengrynsgraut til middag på Kafe Kuling!

Vi har også lunsjrettar (blingsar og pizza), Tilslørte bondepiker, kaffi og kaker. Hjarteleg velkomne til alle!

Bente og Hege

Kulingquiz onsdag 22/9

Djup konsentrasjon. Frå quiz i fjor vinter.
<p>Djup konsentrasjon. Frå quiz i fjor vinter.</p>

Kafé Kuling inviterer til Quiz førstkomande onsdag klokka 20.

Det vert sal av ferske kveitebrød, pizza, kake og god kaffi.

Inngang kr 30.

Tema: Hege kjenner på seg at det vert ein god blanding, alt frå Dynastiet til Berlinmuren!

Velkomne alle!

Brødbestilling

kul_13.jpg

 

Kafé Kuling oppmoder folk til å kome med brødbestilling seinest mandag kl 13.00 til kafedagen på onsdag.

I ei periode framover kjem vi kun til å ha brød frå Bakeriet i Lom på onsdagar, og grunna dyr frakt over fjellet, ser vi oss nøydde til å auke prisen til 45 kroner brødet. Det er muleg å hente brøda cirka frå klokka 9.30 på kafeen.

 

For brødbestilling eller andre spørsmål, kontakt Bente: 97059592, eller Hege: 97160235

 

...Flott fest!

Opnar 10 laurdag!

Etter oppmoding frå bygdafolket har vi frå og med førstkomande laurdag og framover kafeen open frå klokka 10.00!

Bente & Hege

Haustsesongen på Kuling i gong!

kk1.jpg

Kafé Kuling har starta opp att kafésesongen og ønskjer alle sine gjester hjarteleg velkomne att!

Vi har fleire spennande prosjekt på programmet i haust, og oppmoder folk om å følgje med på gjerdsviksida og på facebook.

Foreløpig har vi stengt søndagar, men held ope kvar onsdag og laurdag. Grupper som vil kome på besøk, må gjerne ta kontakt med anten Bente, tlf: 970 59592, eller Hege, 97160235.

Vi gler oss til å sjå dykk!

Og hugs: Livet er som ein kjeks ...

Sommartider

Kafé Kuling har siste opningstid onsdag, 30/6 før Bente og Hege tek ferie.

God sommar!

Kval & Quiz på Kuling

Fredag 4. juni startar med boklesing for dei yngste. Knut Nærum les frå ein av bøkene sine, og vi har utlån av barnebøker etterpå! Også Knut Nærum sine.

Klokka 21 fyrer Even Gjerde opp grillen og serverer nydeleg marinert kvalkjøt med tilbehøyr. Det vert elles sal av vanlege kafévarer i tillegg til vin og øl.

Litt seinare stiller Bente og Hege med ein liten quiz som vi håper dei fleste vil delta på! OBS: Flotte premier...

Sidan dette er eit lukka lag, må de melde dykk på om de vil vere med. Vi har få plassar igjen, hiv dykk på telefon til  Bente (tlf. 97059592) eller Hege (Tlf 97160235).

 

Velkomen!

Prev123Next