|
Onsdag 12 mai serverer vi deilig kremet seigryte på Kafé Kuling. Vi har også tilbod på lunsj for dei som vil ha det. Vi kan lage mellom anna smørbrød, pastasalat og quiche lorraine (pai) til lunsj. Ta kontakt med Bente eller Hege på kafeen for lunsjavtale;-)
Søndag: Bacalao til middag, kaffi & kake.
Velkomen!
Klart for sjokolade & sjampanje! Då er alt klart for sjokolade-kvelden førstkomande fredag på Kafe Kuling &. Elin og Randi frå Choc O Plaisir kjem og fortel om sjokoladens historie, let oss smake og lære korleis grand cru-sjokolade smakar. Dei kjem i tillegg til å tipse om kva for vin og sjampanje som smakar godt til sjokolade. Vi har begrensa plassar, og har difor bindande påmelding. Kvelden kostar 200 kroner. Det inkluderar sjokolade, sjokoforedrag og ein valfri vin/øl. Vi startar klokka 20 og avrundar kvelden klokka 01.00. Det vert sal av mat, kaffi, vin og øl. Meld dykk på til Hege, innan torsdag 6/5: 97160235.
OBS: Dette er IKKJE ein kveld berre for damer! Menn oppfordrast til å søke... Og vert premiert for oppmøte:-)
Då må du kome på Kafé Kuling onsdag 28/4. Vi serverer Brennsnut frå cirka klokka 15. Tilslørte bondepiker til dessert...
Velkomen
Kafé Kuling vil framover IKKJE ha opent på søndagane. I staden vil Bente og Hege på kafeen satse på ulike fredagsarrangement.
Fredag 7. mai kjem Elin Blindheim frå Choc O Plaisir for å fortelje om sjokoladens historie. Vi får lære oss korleis vi kan gjenkjenne kvalitetsjokolade, og kva slags sjokolade som passar til ulike typer musserande.
Dette er ein kveld med bindande påmelding. Nærare info vert lagt ut seinare.
Verdas bokdag er fredag, 23 april. Kafé Kuling ønskjer å markere bokdagen med ein bokloppemarknad laurdag 24.april.
Då vert det høve til å sikre seg mange gode bøker for ein rimeleg penge.
Kuling inviterer også på ein uhøgtideleg miniquiz klokka 15.30 - der tema sjølvsagt er - bøker.
Det blir ein enkel quiz som mange kan svare på - også for barna!
held stengt på søndag 18. grunna boknasildlaget på Adolfbuda
Førstkomande onsdag, 14/4, vert det "strikkekafé" på Kafé Kuling. Merete og Bjørg frå Kulør (tidlegare Haugen fargehandel) kjem på besøk og har med seg mønster, strikkemodellar og tråd!
Kafé Kuling har sjølvsagt møkje godt på lur.
Ta med strikke- og snakketøy for ein triveleg stund på Kuling.
Velkomen!
Ope påskeaften på Kafé Kuling
Vi er ope frå kl. 11-15 påskeaften.
Velkomen til alle!
Mild bris med Johnny på Kuling Johnny Hide lokka nærare 60 stykke til intimkonsert på Kafé Kuling på laurdag. For å få plass til alle vart døra ut opna, slik at publikum også kunne nyte musikken utanfrå.
Det vart ein triveleg stund med ein triveleg kar. Soloalbumet "An honest try", kan kjøpast på Kafé Kuling for 150 kr.
Onsdag 24. mars vert det ny quiz på kafeen! "Nykommarane" har to strake sigre, det blir spennande å sjå om dei greier seg best denne gongen også...
Tema for quizen er det forrykande, fargeglade 80-talet. For dei som tek til å kjenne "quizmaster" veit nok at det gjerne vert lite sport, men desto meir frå popkulturelle referansar! Men slapp av, sport vert det, tilogmed fotball...
Sjåast til dyst klokka 20. Deltakaravgift kr. 20
Velkomen!
Denne helga viste vi for første gong fram dei kjende måleria til kunstnaren Roy Andreas Dahl på Kafé Kuling. Dahl har hatt fleire separatutstillingar, mellom anna i Bergen og Oslo. Denne hausten førebur han ein ny utstilling i Oslo.
Vi på Kafé Kuling kjenner oss stolte over å kunne vise fram nokre av måleria hans. Dahl er frå Langevåg, og tek ofte med seg fotoapparatet rundt om på Sunnmøre for å finne nye motiv. Det gjorde han også sist laurdag då han besøkte Kafé Kuling. Han såg ikkje vekk frå at nokre av dei neste motiva ville vere frå Gjerdsvika og nærområdet vårt.
Det ser vi i så fall fram til!
Du kan lese meir om Roy A. Dahl på heimesida hans www.royandreasdahl.com
Ønskjer med dette alle velkomne til stemningsfull stund på Kafé Kuling i Gjerdsvika - kvar onsdag, laurdag og søndag!
Søndag 28. februar satsar vi på finevêr og sol i Gjerdsvika. Vi byd difor friskt på både inne- og uteservering på Kafè Kuling. Bålpanna og saueskinna får stå for noko av varmen, resten satsar vi på at sola ordnar!
Pølser og pinnebrød ute, sprøtt og søtt inne.
Vi opnar klokka 13!
Velkomen
Gumbo, gulrotkake og gurskingbrød
Søndag: Kafé Kuling er ope frå klokka 13-17. Vi serverer nydeleg chili con carne, også kalt gumbo, av Belinda Strand!
Vi har også mykje anna godt, mellom anna "Kveitebrødgursking"; kveitebrød med vaniljekrem. Gurskingane bør skunde seg før det vert utselt!
Velkomen til ein triveleg stund på Kafé Kuling!
Bente og Hege på Kafé Kuling ønskjer å kome i kontakt med folk som har, eller hugsar gamle oppskrifter på mat og kaker. Kuling ønskjer å ta vare på gamle mattradisjonar, og kanskje kombinere dei med nye.
Vi ser også for oss at vi kan prøve oss på nokre av oppskriftene som kjem inn, eller kanskje vi er så heldige at einkvan har lyst til å kokkelere litt i kafeen?
Om du har ei lita historie som følgjer med oppskrifta, set vi stor pris om du vil dele han med oss...
Greier å samle inn mange nok oppskrifter, har vi lyst til å samle dei i eit hefte, eventuelt ei lita bok. Har du innspel, tips eller oppskrifter, kan du:
sende e-post til: hegestormbringer@hotmail.com
eller ringe: Bente: 97059592 eller Hege: 97160235
Du kan også gjerne stikke innom kafeen!
Meir enn 40 stykke kom for å høyre Maria Parr lese på bok-kafeen Kafé Kuling sist laurdag. Forfattaren las med innleving frå den siste barneboka si "Tonje Glimmerdal" som er blitt belønna med både Brageprisen og Teskjekjerringa. Parr vert også omtala som Norges svar på Astrid Lindgren.
Små og store
Både vaksne og ungar tok plass i sofakrokene på kafeen for å høyre på ein vassekte forfattar fortelje. Vendel-Agathe Hide og Ingeborg Lillestøl var ute i god tid, utstyrte med både fotoapparat og bøker.
- Ho skal få signere, og så skal vi ta bilete av henne, fortalde jentene, som også på skulen skal få besøk av den prislønte forfattaren.
Kafé Kuling var svært glade for å få besøk av Maria, og presiserte innleiingsvis at kafeen også har bøker til utlån. Fleire nytta høvet til å låne bøker, og dei gjevaste var sjølvsagt dei to bøkene til Maria; "Vaffelhjarte" og "Tonje Glimmerdal".
Kafeen ønskjer å bidra med små kulturelle opplevingar i bygda, i tillegg til å vere ein sosial møteplass. Drivarane nyttar høvet til å takke Gjerdsvika Kulturlag for støtte til arrangementet.
Maria Parr til Kafé Kuling
Førstkomande laurdag kjem forfattaren Maria Parr til Kafé Kuling. Ho har fått Brageprisen og Teskjekjerringa for den siste boka si "Tonje Glimmerdal", og skal lese høgt frå denne.
Kafé Kuling ønskjer særleg dei små og mellomstore velkomen til høgtlesning kl. 15! Etterpå vert det bokutlån, med mellom anna ein del nye bøker.
Velkomen!
Åpningstider:
Onsdag 11-18 Laurdag 12-17 Søndag 13-17
Info: 97160235
| |
|