|
Saksa frå Herøynytt: Det vert ikkje arrangert Hids-fest-i-dal i Gjerdsvika i neste år.
I sommar arrangerte Trond Hide og Stig Gjerde festival for andre gong oppe i Hidsdalen, men gjekk på eit underskott på 20.000 kroner som dei må dekke av eiga lomme.
- Det er ikkje slik at eg vil tene ein masse pengar på dette, men eg vil heller ikkje tape pengar etter å ha lagt ned så mykje jobb, fortel Hide til Herøynytt.
240 betalande Til trass for bra ver fekk festivalen berre knappe 240 betalande tilskodarar då den gjekk av stabelen i midten av juli.
Hide seier at det einaste som kan få dei til å satse på nytt, er at dei får inn sponsorar som er villige til å dekke eit eventuelt underskott. Samstundes ser dei at det krevjast betydelege utbetringar oppe i Hidsdalen om arrangementet skal helde fram.
Blueskonsert No satsar karane frå Gjerdsvika i staden på å arrangere konsert med The Red Roosters Blues Band frå Volda den 18. september på Adolfbuda. Eit overskott herifrå skal verte nytta til å dekke underskottet frå Hids-fest-i-dalen.
- Bandet består av det originale kompet frå Bokkereidars Blues Band og spelar variert blues innan fleire sjangre. Vi har søkt om skjenkeløyve og håper så mange som muleg tek turen, fortel Stig Gjerde.
Den 18. juli hoppar vi i det og inviterer DEG til å være med på tidenes første sommarfestival i Gjerdsvika på Sunnmøre! Øvst i Hidsdalen, med storhavet rett ut og Hidsegga i ryggen set vi ramma for ein kjempefest! Band og underhaldning: BON SCOTCH: Tributebandet frå Bergen som hyllar Bon Scott som var vokalist i AC/DC i perioda 1973-1980. Bandet har spela fleire gonger på både Garage og Ricks i Bergen. Meir info om bandet: www.bonscotch.com
ESPEN TARBERG og RAMPEGUTTA: Espen Tarberg ættar frå Gjerdsvika. Han er kanskje betre kjend for dei fleste som ein av mannskapet ombord i seglbåten Berserk som segla over norske tv- skjermar i 2004/06, saman med Alex Rosén og Jarle Andhøy.
EXPOSED TO FAILURE: Band frå Moltu/ Gjerdsvika. Karl Andre Sydhagen er vokalist og Lars O. Fylling, Torleif Pettersen og Jogeir K. Haanes utgjer resten av bandet. Er og å finne på lista til P3s "Urørt". Høyr og les meir på: www.myspace.com/exposedtofailure.
FATTY SUNROAD: Alexander Goksøyr kjem frå øyperla Runde i nabokommuna Herøy. I 2006 tok han og tre andre til å jamme i lag – og med eitt var bandet Fatty Sunroad ein realitet. Til vanleg held dei til i Volda, men no tek det dei sjøl karakteriserar som verdas kosligaste band turen til Hidsdalen. Meir info om bandet: www.myspace.com/fattysunroad
ANNETT WINGSTERNES: Stand- up.
MEIR INFO OM FESTIVALEN: Festivalområdet ligg snaue 2 kilometer frå hovudvegen, og grusvegen opp i dalen gjev moglegheita til å nyte Sunnmørsnaturen i fulle drag. For dei som allikevel ikkje ser seg spreke nok til å ta turen til fots vil det vere høve til transport opp. Det vil derimot ikkje vere mogleg å køyre opp sjølv.
Eventfirmaet "Bakkar og Berg" som har base i Ørsta/Volda- området vil og stille med ulike aktivitetar. Det vil mellom anna verte høve for å prøve seg på mountainbiking, spele volleyball og teste balansen på slakk line. Dei stiller og med fleire lavvoar på festivalområdet, der det vil vere mogleg å trekke inn.
Leit fram teltpluggane og soveposen din, for sjølsagt vert det festivalcamp! Du har høve til å invitere med deg vener, men det er viktig at dei du inviterer med, melder si interesse ved å sende oss ein mail, til adressa som står lenger nede på sida.
Ved å melde seg på før 1. juli kostar billettane 250,- kr pr pers. Ein må då sende mail til hidsdalen@yahoo.no. Kontonummer og betalingsinformasjon vert tilsendt deg når du har meldt deg på. Det vert og mogleg å kjøpe billett i døra, men desse vil då koste 350,- kr. Aldersgrense 20 år.
HJARTELEG VELKOMNE!
Hidsfestivalen 2009
Den 18. juli hoppar vi i det og inviterer DEG til å være med på tidenes første sommarfestival i Gjerdsvika på Sunnmøre! Øvst i Hidsdalen, med storhavet rett ut og Hidsegga i ryggen set vi ramma for ein kjempefest!
Band og underhaldning: BON SCOTCH: Tributebandet frå Bergen som hyllar Bon Scott som var vokalist i AC/DC i perioda 1973-1980. Bandet har spela fleire gonger på både Garage og Ricks i Bergen. Meir info om bandet: www.bonscotch.com
ESPEN TARBERG og RAMPEGUTTA: Espen Tarberg ættar frå Gjerdsvika. Han er kanskje betre kjend for dei fleste som ein av mannskapet ombord i seglbåten Berserk som segla over norske tv- skjermar i 2004/06, saman med Alex Rosén og Jarle Andhøy.
EXPOSED TO FAILURE: Band frå Moltu/ Gjerdsvika. Karl Andre Sydhagen er vokalist og Lars O. Fylling, Torleif Pettersen og Jogeir K. Haanes utgjer resten av bandet. Er og å finne på lista til P3s "Urørt". Høyr og les meir på: www.myspace.com/exposedtofailure.
FATTY SUNROAD: Alexander Goksøyr kjem frå øyperla Runde i nabokommuna Herøy. I 2006 tok han og tre andre til å jamme i lag – og med eitt var bandet Fatty Sunroad ein realitet. Til vanleg held dei til i Volda, men no tek det dei sjøl karakteriserar som verdas kosligaste band turen til Hidsdalen. Meir info om bandet: www.myspace.com/fattysunroad
ANNETT WINGSTERNES: Stand- up.
MEIR INFO OM FESTIVALEN: Festivalområdet ligg snaue 2 kilometer frå hovudvegen, og grusvegen opp i dalen gjev moglegheita til å nyte Sunnmørsnaturen i fulle drag. For dei som allikevel ikkje ser seg spreke nok til å ta turen til fots vil det vere høve til transport opp. Det vil derimot ikkje vere mogleg å køyre opp sjølv.
Festivalen vil verte lagt opp som eit lukka arrangement, der kvar og ein tek med seg det ein treng av mat og drikke. Leit fram teltpluggane og soveposen din, for sjølsagt vert det festivalcamp! Du har høve til å invitere med deg vener, men det er viktig at dei du inviterer med, melder si interesse ved å sende oss ein mail (adresse lenger nede på sida). Dei vil då havne på lista som vi må ha utarbeida i god tid før festivalen tek til, og som syner at dei er del av eit lukka lag denne kvelden/natta. Dersom ein ikkje står på denne lista, vil ein ikkje ha tilgang til området. Det vil heller ikkje verte solgt billettar ved inngangen.
Pris: 250,- kr pr pers. Festivalavgifta må betalast på førehand. Kontonummer og vidare informasjon kjem seinare – når du har meldt deg på.
Og det må du gjere allereie no! Skriv ein mail med navn og telefonnummer, merk han med ”HIDSFESTIDALEN 09”, og send han til: Hidsdalen@yahoo.no Frist er 15. mai 2009. ALDERSGRENSE 20 ÅR Begrensa opplag billettar; fyrstemann til mølla- prinsippet
| |
|