Vindrósa - Kulturdagane i Gjerdsvika

Hjarteleg velkomen til Vindròsa 2010!

Frå den forsiktige starten i 2006, til fjorårets utstilling av små og store kvardagsminne frå vår nære fortid, har vi heile tida freista å tilby eit variert og spennande program for alle i bygda.

Sidan i fjor har det skjedd så mangt på kulturfronten her i bygda, med bygdabladet Tynnjaknuten, Hidsfestivalen, og ikkje minst med den flotte bokkafeen vår. Vi i Kulturlaget helsar denne utviklinga velkomen, og ser fram til å samarbeide med Kafè Kuling under årets Vindròsa.

Fredag 04.06.: Kul kveld for dei yngste…
Som det etterkvart har vorte tradisjon for, er det dei yngste som får gleda av å sparke i gong Vindròsa, når Knut Nærum les frå barnebøkene sine. Kafé Kuling kl. 18.00. Passar for aldersgruppa ca 4-12 år. Gratis inngang.

…og for dei litt eldre
Kafeen held ope utover fredagskvelden for dei over 18. Vi har invitert Knut Nærum til å kose seg saman med oss ei stund utover kvelden, og håper bygdafolket også kjem og nyt ein kul kveld med quiz og lekre smårettar på Kulingen.

Kafé Kuling kl. 21.00 – 01.00. Inngang kr 50,-.Påmelding til kafeen. 18 års aldersgrense.    

Laurdag 05.06.: Internasjonal kafé
Har du tenkt over kor mange nasjonalitetar som er representerte i vesle Gjerdsvika? Her er folk frå den amerikanske prærien, frå Balkan og Baltikum, frå paddeflate Nederland og solrike Filippinane, berre for å nemne nokre. Hadde det ikkje vore fantastisk om vi fekk smake på matrettar frå alle desse landa, heime i vår eiga storstove, tenkte vi i Kulturlaget. Som sagt, så gjort: gamle og nye tilflyttarar til bygda vart spurde om dei ville lage ein matrett til Vindròsa, og det ville dei svært gjerne. Så denne laurdagen bør du leggje kaféturen til buda, og smake på nydeleg mat frå heile verda. Og får du lyst på eit ekte gjerdsviksk kakestykke attpå, så har vi det òg. Det heile får musikalsk fylgje av det unge talentet Katarzyna Kietkowskaja.Adolfbuda kl. 13.00 – 16.00. Buffet kr. 80,-/40,- (born). Sal av kaffi og kaker.

Laurdag 05.06.: Knut Nærum-kveld og dans på buda
Knut Nærum skulle vere eit kjent namn for dei fleste, etter fleire år i panelet i Nytt på nytt. Nærum har også gitt ut opptil fleire humorbøker om såpass ulike tema som krig, klimaproblema og norsk litteraturhistorie, og på buda får vi smakebitar frå produksjonen hans. For dei som likar frekk satire og harselas med politikarar, media og andre som fortener det, er Knut Nærum glitrande også på scenen. Her kan kva som helst skje! Etter showet speler Harald Skarbø opp til dans.

Adolfbuda ca kl. 21.00. Dørene opnar kl. 20.00.
Pris kr 250,-. 18 års aldersgrense. Bindande påmelding til Veronika Bonaa, tlf 41 45 89 00

 

 

 

Kul kveld for dei yngste!

n10341242326_5312.jpg

Knut Nærum les frå barnebøkene sine på Kafe Kuling.

Fredag 4.juni kl. 1800. Passar best for dei mellom 5 og 12 år. Gratis inngang.

KNUT NÆRUM-SHOW I GJERDSVIKA 5. JUNI

knut_n_rum_n_rum_t_854097x.jpg

Høgdepunkt frå bøkene til Nytt på nytt-favoritten og alt mogleg-forfattaren!

Ein uunnverleg kveld for alle som likar frekk satire og harselas med dei som fortener det. Adolfbuda ca kl. 21.00. Dørene opnar kl. 20.00. Pris kr 250,-. 18 års aldersgrense.
Bindande påmelding til tlf 41 45 89 00

Knut Nærum til Vindrósa

knut_nc3a6rum.jpg

Vindrósa har klart det på nytt. Den kjende (og nauta artige) komikaren Knut Nærum kjem til festivalen den 5.juni  

Program Vindròsa 2009

Fredag 05.06., kl. 18.00:
“Den selviske kjempen”
Biblioketet. Gratis inngang.

Laurdag 06.06., kl. 13.00:
Kulturminnekafé på Adolfbuda
Utstilling av store og små kvardagsminne
frå vår nære fortid.
Sal av kaffi og kaker heile dagen.
NB! Fotballkamp på Storøyra kl 14.00: Gjerdsvika A-lag mot Åheim
Heile dagen: Hot rod-utstilling på buda
14.30: Geir Stormbringer kåserer
om amerikanske gatebilar
Kl. 15.30: Unge talent
Alle frå 4. klasse til ca 20 år
er velkomne til å delta.
Førstepremie kr 500,-.
Påmelding til Marte Gjerde,
tlf. 92 66 40 82
(frist 04.06.)


Johnny Hide, Magnus Jørgensen, Dag Sørås
Laurdag 06.06:
Heilaftan på Adolfbuda
Konsert, komedie og dans!
Pris kr 300,-.
Sal av fiskesuppe.
Dørene opnar kl. 19.30.
Konserten startar kl. 20.00.
18 års aldersgrense.
Påmelding
til Veronika Bonaa,
tlf. 41 45 89 00

Sundag 07.06., kl. 12.00:
Kulturminnekafé på Adolfbuda
Utstillinga frå i går held fram.
Kl. 12.30: Ordføraren helsar Vindròsa,
og kårar vinnaren av Unge talent.
Ca. kl. 13.00: Kulturstafett!
Stafettpinnen går mellom andre til Idar Muren, Fridtjov Hatlebrekke,
Per Sandanger, Peter Muren,
Trine Lise Vik og Matilde Hauge Saure.
Ca kl. 14.00:
Madelynn serverer
nydeleg middag.
Pris kr 150,- /80,- (born)
Sal av kaffi og kaker heile dagen.

Vindrosa 2009

For fjerde gong arrangerer gjerdsvikarane Vindròsa, kulturdagane som innleiar sommaren. Festivalen er helga 5. til 7. juni, hovudsakleg på Adolfbuda.
Årets festival er prega av at 2009 er utnemnt til Kulturminneåret. Det markerer dei med ei utstilling av kvardagens kulturminne og ein kulturminnestafett. Gjennom visesong, kåseri og sketsjar, framført av yngre og eldre gjerdsvikarar, innflyttarar, utflyttarar og utanbygdes folk, vil dei få fram noko av den rike kulturarven i bygda.
På Adolfbuda blir det utstillinga av små og store kulturminne frå Gjerdsvika. Husmorlaget stiller med smakebitar på gjerdsviksk tradisjonsmat.
Hot Rod
Laurdagen blir det utstilling med amerikanske gatebilar utanfor Adolfbuda. Geir Stormbringer skal kåsere om hot rod-bilar.
Talentiade
Laurdag ettermiddag blir det eigen talentiade for unge talent. Ungdom i alderen 10-20 år får opptre med musikk eller skodespel. Ein kvalifisert jury vil peike ut tre vinnarar. Dei lovar å ikkje pipe ut nokon.
Komikarar frå Oslo
Laurdagskvelden blir det heilaftan på Adolfbuda. Kvelden opnar med konsert med bygda si eiga popstjerne, Johnny Hide i Number Seven Deli.
Vindròsa har tradisjon for å få komikarar til å kome og opne latterdørene. Tidlegare har Are Kalvø, Møre Banan og Terje Sporsem opptredd. Denne gongen kjem Dag Sørås og Magne Jørgensen. Dei to har vunne Komiprisen to gonger og er høgt rosa komikarar frå Latter i Oslo.
Etterpå blir det dans med dei lokale heltane Jogeir Haanes og Jonny Leikanger.
Elles kan kulturdagane by på både god mat og barneteater.
Leiar i Gjerdsvika kulturlag, Veronika Bonaa, ønskjer alle velkomen til Gjerdsvika denne helga.
- Me gler oss til å underhalde deg, lokkar Bonaa

(..saksa frå Vikebladet)