Reglar treningssenter

ALDERSGRENSE
Du kan trene på senteret frå det året du fyller 15 år. Dei som er mellom 13-15 år, kan trene saman med foreldre/føresette.

TILGANG/MEDLEMSSKAP
Du får tilgang til senteret ved betaling av medlemsskap, og tilgangen varer til perioden er utløpt. Din tilgang er knytta til ditt mobilnummer, som vert registret ved kjøp av medlemsskap.Dette er personleg, og kan ikkje nyttast av andre enn deg sjølv. Det er berre personar med abonnement som slepp inn på treningssenteret.Dei som slepp inn personar utan abonnement kan risikere utvising.

SIKKERHEIT/ANSVAR
Du kan få tilbud om gjennomgang av maskiner og utstyr. Dette ved å kontakte ansvarleg for senteret. Du er sjølv ansvarleg for å være helsemessig skikka til å nytte treningssenteret. Treningssenteret har ikkje ansvar for skader på person eller gjenstandar, eller tap av gjenstandar.