(Ein finn bilder nederst i artikkelen)
Namna er i første rekke frå garden Sandanger, og dei er knytte til foto frå det aktuelle området. Tala i parentes etter namn, for eksempel (Fransegari(1), eller føre namn som 7 Råsa, er referanse mellom tekst og bildematerialet.
Den lokale uttalen er brukt i størst mulig grad.
Namna har eg i hovudsak fått frå tre kjelder.
1 Eigen bruk av namna i den tida eg budde i Gjerdsvika
2 Frå mor mi Ragna Hatlebrekke.
3 Frå registreringsarbeid gjort av Emil Sandanger. Opplysningar frå denne kjelda er merka med (ES).
Opplysningar/kommentarar som er knytte til namna er mine egne, og eg oppfordrar dei som har rettingar eller tillegg å kontakte meg.
I denne samanheng vil eg nemne at folk på andre bruk kunne ha andre namn på ein eller fleire av stadane eg har lista opp nedafor. Grunnen til det kan vere at dei til vanlig såg fjellformasjonar frå ein annan kant enn det vi gjorde i Brekkegara eller at dei hadde namnsett aktuelle stadar forskjellig frå oss.
Eit godt eksempel på dette er Vatt-honnje som vi kalla Store-vatt-honnje for å skilje det frå Lissje-vatt-honnje som frå Brekkegara såg mindre (lågare) ut.
Namna på dei eldste bruka i Sandanger eller i Sannjongå som var den daglige nemninga, vart i mi tid knytte til brukaren. Det var:
1 Fransegari. (Ref. Bilde 1, 2,og 16 samt namnekartet)
Brukar var Frans (Frants).
2 Nikkengari. (Ref. Bilde 1, 2,og 16 samt namnekartet)
Bruker var Nikken (Nikolai).
3 Rasmusgari. (Ref. Bilde 1, 2,og 16 samt namnekartet)
Brukar var Rasmus.
Disse tre bruka er i Sandesoga oppført med brukarar heilt frå 1500-tallet.
4 Hansgari. (Ref. Bilde 1, 2,og 16 samt namnekartet)
Brukar er nemnt alt frå 1700-tallet. I mi tid var brukar Hans, men brukar før han var Martinus, og før han var det Gulik.
5 Brekkegari. (Ref. Bilde 1 og 2 samt namnekartet)
Første bruker frå 1875, men namnet vart knytt til bruket seinare.
Før 1875 var Brekkegari og Rasmusgari eit bruk, og det er litt usikkert om Brekkegari i 1875 vart utskilt frå Rasmusgara eller om Rasmusgari då vart utskilt frå Brekkegara.
I tidligare periodar, for eksempel 1807 til 1855, hadde Brekkegari, Nikkengari og Rasmusgari same brukar.
I dei fire første høva er det fornamnet på brukaren som er brukt i nemninga på bruka.
Brekkegari har fått namnet etter min bestefar, lærer Jakob Abelson Hatlebrekke, som var brukar her frå 1882. I bygda vart han kalla lærer Brekke, derfor Brekkegari.
I tidligare tider med andre eigarar, vart det kanskje brukt tilsvarande namn som Danielgari, Johannesgari og Gulikgari.
Det er også eksempel på at brukaren tok namnet etter garen. Til dømes: Hole-Bern. Brekke-Birger, Sætre-Johannes, Rise-Jakob, Rise-Ludvik osb.
Vi som budde i Brekkegara, brukte nemningane:
"Ned i gari" (Ned i garen). Då meinte vi "Ned i Fransegari". Nemninga "Ned i Fransegari" vart ikkje brukt av oss, og det var kanskje fordi Frants var vår bestefar (morfar).
Vidare sa vi: "Ne ti nå Nikken" (Ned til han Nikken). eller "Ned i Nikkengari".
Vi sa også: "Når ti nå Hans", (Nord til han Hans) eller "Når i Hansgari".
Andre stad-namn.
Namna var knytte til formasjonar i terrenget og/eller til bruksområde.
6 Geita-haui. (Bilde 2)
Dette var ei lita "terrasse" i terrenget bak låven i Nikkengara. Terrassen var også synlig langs bakkeskråninga bortover i Fransegara. Geitene brukte å samle seg her når dei venta på kome i hus etter å ha vore ute om dagen. Terrassen vart jamna ut i samband med utvikling av meir effektive driftsformer i jordbruket.
7 Råsa. (Bilde 2)
Stikkveg mellom tre av bruka i Sandanger. Den gikk frå tunet i Fransegara, gjennom ei opning i steingarden, vidare gjennom tunet i Nikkengara og ned i Rasmusgari. Før den nådde Rasmusgari kryssa den vegen "fram i Brekkegari", så dette var også den vanlige gangvegen mellom Fransegara og Brekkegara.
8 Rennjå. (Bilde 2)
I min barndom rann det ei elvasikle frå eit utspring nest i Svåra(114). Den rann i dagen ned til buråsa (8a) frå Fransegara. Derfrå rann den i veite nedafor Geitahaua(6), gjennom Nikkengari og ut i Botnelva(22) der denne svinga mot nordaust og vidare mot sjøen like søraust for tunet i Rasmusgara. Sjå namnekartet og bilde 16.
Det er trulig at denne siklå rann i dagen fram til Botnelva heilt opp mot 1920-talet då dei fekk elektrisk kraft i Gjerdsvika. Før den tid vart det brukt kvennja-kal eller vasshjul for å drive truskeverket i Sannjongå. Vatnet frå kvennja kala fylgde denne siklå til Botnelva. Sjå vidare om dette under pkt. 16.
Der buråsa i Fransegara kryssa elvesiklå, var det lagt ei trerenne inn i elva. Derav namnet Rennjå. Ved enden av rennjå var det så vidt eg hugsar ein stamp som vatnet rann opp i. Før det vart innlagt vatn i våningshus og fjøs i Fransegara, henta dei vatnet her. Rennjå vart også brukt som skyljeplass for klær, fisk og innvolar frå dyr i slaktetida.
9 Storesteini. (Bilde 2 og 8)
Ein stor stein i udyrka mark søraust for husa i Fransegara. Frå den eine sida var det forholdsvis lett å ta seg opp på toppen. Dette var ein mykje brukt "leikeplass" i min barndom.
10 Helljå (Bilde 8)
Dyrka stykkje i elles udyrka mark. Eg er usikker på kva namnet kjem av, men der ligg ein stor flat stein i øvste kant av området. Den ligg på skrå ned i jorda slik at det er lett å gå innpå den frå sørvest medan den er ganske høg mot nordaust. Denne kan gi bakgrunn for namnet. Det kan også vere at namnet viser til at dette området er ganske flatt samanlikna med terrenget rundt.
Når vi trampa på marka inntil den skråstilte steinen gav det ein hol klang, akkurat som om det var eit "rom" under torva, og vi borna var viss på at det var grave ned ein skatt der.
11 Jære. (Bilde 2)
Bilde viser ikkje det fyrste Jære, som også var et oppdyrka område i utmark. Etter det eg kan hugse, låg det litt lenger bak i terrenget, men det låg som dette inntil steingarden. Langs kanten av det dyrka området gikk buråsa til utmarka eller "fram om gari" som vi uttrykte det. I min barndom var utmarka felles beitemark
12 Steingarden som var mura opp i byte mellom Fransegara og Nikkengara. (Bilde 1)
For å få til drift av ei treskemaskin som trulig vart brukt av bruka 1, 2 og 3, vart det bygd ei kombinert grøft og renne som leia vatne frå Reite-elva(16), ned om Geitahaui (6) der kvennja-kalen stod. Denne grøfta/renna gikk langs steingarden på nordaustsida.
13 Vårfjøsi hass Nikken (Namnekartet). Fjøsen var nok bygd lenge før Nikken si tid.
Denne låg som dei andre vårfjøsane med endegavlen og inngangsdøra i flukt med utgjerdsgara. I andre gavlen, mot innmarka, var det ei luke der gjødsla vart kasta eller moka ut på ein gjødseldunge. I den tida vårfjøsen var i bruk vart dungen innblanda tang og tare som var tilkjørt frå tarefjøra og jord som var tilkøyrd frå felles moldtak, for eksempel Deplanje(18). Om våren eller ettervinteren når det var sledeføre, vart gjødsla så køyrt ut på åker og eng.
I motsetning til den andre gamle vårfjøsen i Sannjongå, "Vårfjøsi hass Hans når i gara", var det meste av veggane i "Vårfjøsa hass Nikken" mura av gråstein. Berre øvst oppe var det brukt tremateriale. Taket var torvdekt med store heller som gav tyngde og heldt torvet på plass. Så langt eg veit var denne vårfjøsen i bruk til langt ut på 40-talet.
På nedsida av fjøsen voks det eit par hylletre. Dei var riktblomstrande og blomeklasane vart samla inn, bunta saman, tørka og brukt til hylle-te.
14 Vårfjøsi hass Frans. (Namnekartet).
Dette var ein vårfjøs i gamal stil, men til liks med "vårfjøsa hass Hans når i Gara" hadde den kledning av tre. Den seig ned, mett av dage, ein eller annan gong på 30-talet.
Denne vårfjøsen vart nok til liks med (13) bygd av tidlige brukarar.
15 Reitanje. (Bilde 2, 6 og 7)
Forholdsvis steinfri "natureng" langs sydvest sida av Reiteelva (16).
Enkelte stadar er det mulig å sjå restane etter grøfta som leia vatnet ned til kvernkallen som vart brukt til drift av treskemaskina om hausten. Sjå (16)
16 Reite-elva. (Bilde 2, 6 og navnekart)
Dette er ei flomelv som har sitt utspring i fjellet syd og vest for Grøt-honnje (100).
I dette terrenget, Pesbakk-hålå (104) (ES), hadde nokre av bruka på Sandanger og deler av Haugsbygda i Gursken sine "torvtak"eller "torvspad", der dei tok ut brenntorv. I flomperiodar kan denne elva verte nokså stor, medan den til vanlig har lita vassføring. Det er fortalt at vatn frå denne elva vart brukt til drift av treskemaskina som vart brukt av Nikken-gara, Rasmus-gara og Franse-gara. Vatnet vart då leia i grøft over "Reitanje"(15), og vidare i trerenne og grøft langs nordsida av steingaren (12) mellom Franse-gara og Nikken-gara og ned om Geitahaui (6).
Denne grøfta er det mulig å finne spor etter i dag.
Nedafor Geita-haua (6) rann det i den tid ei elvesikle, sjå (8), som hadde sitt utspring i Svåra (114). I denne elva var kvernkallen plassert og vatnet rann vidare i denne elvesikla og ut i Botn-elva (22), der den gjorde ein skarp sving mot nordaust, og rann forbi husa i Rasmusgara.
Sjå namnekartet og bilde 16.
Frå kvernkallen vart krafta overført til truskemaskina, som etter tur stod på låven i dei tre bruka, ved hjelp av tauverk og trinser (blekre).
Vi borna bygde demming i Reite-elva. Demminga låg i utmarka, like ovafor Reite-elva sitt utløp i Botn-elva(22). Demminga danna ein dam der vi hadde stor maritim aktivitet. Langs elvebredda bygde vi eit omfattande vegsystem, der landtransporten gikk føre seg. På nedsida av demminga hadde vi kvennja-kal som vi brukte til drift av forskjellige heiseinnretningar.
Det var ikkje alle i Sannjongå som likte dette "beverarbeidet" vårt.
17 Grøt-steinanje. (Bilde 2 og5)
Område med forholdsvis store steinar. Kantet, urunda form tyder på kort transport. Det er derfor trulig at Breen eller seinare erosjon har løyst dei frå bratthenget i Honnja(94) ovafor.
18 Deplanje. (Bilde 18).
Vått og sølete område. Her vart det, heilt fram til 1930-åra, teke ut mold til utviding og forbetring av jordsmonnet på garane i Sannjongå. Vi borna laga mykje sølekaker på denne staden, eller vi stod og stampa i varm jørme om sumrane. Det gav ein god kjensle rundt føtene. På dei mange steinane i området voks det ein tørr mose som vart nytta til strø i kalve-garane.
19 Deple-steinanje. (Bilde 2).
Ei samling store steinar som ligg i utkanten av et område som vart kalla "Deplanje" (18).
Ein stor stein som ligg i hjørnet på "utgjerdsgara" – eit nettinggjerde mot utmarka, vart kalla "Deple-steini". Sjå Namnekartet. I dag ligg denne steinen inne i eit skogholt.
20 Leginje (Namnekartet).
Slik namnet vart brukt i Brekkegara var dette eit flatt graskledt og forholdsvis steinfritt område på nordaustsida av Botnelva(22) like ovafor "vårfjøsa hass Strand"(49). Kyrne likte å ligge her. I dag er det meste av området tilplanta med gran.
21 Spyle-rennjå. (Bilde 2 og 4).
Før tunnelen mellom Sedalsvatne og rørgata til Gjerdsvika Kraftverk vart teken i bruk i 1955, vart den rensa for slam og grus. Vatn, slam og stein kom fram i dagen gjennon ein sidetunnel som munna ut i Vatthonnj-sloka(75). Gjennom Spyle-rennjå og vidare i grøft vart spylevatnet leia ned i Botn-elva(22).
22 Botn-elva. (Bilde 2, 4,16 og namnekartet).
Elva har sitt utspring i Telavatna bak Botna-hombranje(84) og området rundt.
I min barndom rann den ned Botni(88) og vidare langs innmarka i Brekkegara. Lenger nede dannar den grensa mellom Nikkengara og Brekkegara. Den rann vidare i krok og krik gjennom innmarka i Rasmusgara og Hansgara og munna til slutt ut i Garsenda(54) saman med Storelva(52).
På 60-talet vart Botn-elva lagt tilbake til eit eldre far ned til fylkesvegen. Den renn nå i rett linje gjennom innmarka til Rasmusgara og "over" Hansmyra(27) til den møter det gamle løpet like ovafor fylkesvegen i Hansgara. Derfrå renn den i rett linje og munnar ut i sjøen sydvest for Måse-steinanje(58).
Store deler av terrenget søraust for Rasmusgara er vesentlig lågare enn tunet der husa står og det er også lågare enn Flotanje(35) nedafor. Det er derfor rimelig å tenkje seg at elva i dette området har hatt vekslande far opp gjennom tidene. Er det mulig at den ein gong i tida har hatt utløp til sjøen gjennom Søynde? Sjå 33a.
23 Gari has Strand. (Bilde 2 og namnekartet).
Den som mura opp denne solide steingarden i byte mellom Brekkegara og "Stykkja hass Strand". var Jakob Strand den eldre. Han vart til daglig kalla "Strandi", og han budde "ut i Strandinje, ut me Sannjongesjønå".
Ved utskifting på 20-talet vart dette stykkje, som då var utmark, ein del av Stranda sin eigedom. Garden er mura av stein han "fann" då han drenerte og kultiverte jorda..
Ein del av steingarden står også som vern mot Botnelva(22), og nedste del av dette vernet er nok mura opp av brukarane i Brekkegara..
24 Øyra. (Bilde 2 og namnekartet).
Dette området har fått namnet etter si plassering i terrenget. Her gjer Botn-elva (22) ein sving, og skaper denne flata, på si ferd mot sjøen. For å få betre slåttemark er elvekanten mot øyra mura opp av naturstein. Når dette vart gjort veit eg ikkje. Det er trulig at det i tidlige tider er køyrt mold til Øyra for å få betre vekst. Molda kan være henta i Deplanje (18).
Vi kan også fundere på om elvefaret til Botn-elva i tidligare tider rann nordaust for øyra og at Botn-elva og Reite-elva då møttes nedafor Øyra.
25. Skjeise-leidinje (Bilde 1).
Frå toppen av Hans-bakkja(26) og ned til området der huset til Ragnhild og Svein Kvalsund ligg i dag, førte det to "rennje" eller leider. Desse vart kalla "Skjeise-leidinje".