Gjerdsvika damer ferdig med sesongen

Frå venstre; Hege Gjerde, Hege N. Stormbringer, Angela Hauge, Ida M. Sandanger. Foran frå høgre; Aileen Tarberg, Tanja Borvik og Bente Krumsvik.

Frå venstre; Hege Gjerde, Hege N. Stormbringer, Angela Hauge, Ida M. Sandanger. Foran frå høgre; Aileen Tarberg, Tanja Borvik og Bente Krumsvik.

Sjølv om damene no er ferdig med sesongen, tyder ikkje det at dei let vere med å trene. Resultatlista i år vart ikkje så bra som dei hadde håpa, dels pga få spelarar, dels pga skade, og for ikkje å stikke det under ein stol; litt for dårleg kondis.
Men sidan Gjerdsvika damer er eit typisk haustlag (…) kom dei seg til att når lauvet byrja å gulne. Dei siste kampane kjempa dei med nebb og klør, og særleg topplaget Bergsøya fekk seg nok ei overrasking over tempoet og teknikken til dei godt vaksne damene då dei møttest på grusbana til Moltu.
Damene er difor ved godt mot, og sigerssvoltne som dei er, er dei allereie i gong med å planlegge ein skikkeleg revansj til våren. For å få til det har damene no dei siste månadene fram til jul to treningar i veka saman med nokre mannfolk. Etter jul vert treninga oppgradert til fire gonger i veka, der to er felles, og to er eigentreningar. Hovudmålet er å få opp kondisen enno eit hakk, samt innarbeide gode rutinar i spelesituasjonar som til dømes corner, avspark og utspel.
Men det Gjerdsvika damelag treng aller mest, er ein trenar og fleire spelarar. Dei gamle travarane Bente Krumsvik, Aileen Tarberg, Hege N. Stormbringer, Britt Sølvi Hauge og Tanja Borvik utgjer den harde kjerne, men treng sårt fleire å støtte seg til.
Er du interessert ta kontakt med Aileen Tarberg tlf 99010415, eller Hege N. Stormbringer tlf 97160235

Gjerdsvikdamene i siget!

Endelig nærmer fotballsesongen seg, og Gjerdsvika damer er i rute. I år har laget meldt seg på til 7-er serien med et 5-er lag. Dette fordi at en i fjor var svært få spillere, og strevde nesten hver kamp med å stille fullt leg. I år betyr det at de andre lagene må møte oss med fem spillere.
Vi mangler fortsatt sårt en trener, og alle som er interessert i å trene oss må ta kontakt!
Vi er selvfølgelig også svært interessert i nye spillere. Treningstider er på tirsdag kl 20, og torsdag kl 19.
Ta kontakt med Hege Stormbringer eller Aileen Tarberg.

GIL: Spelarar på Kvinner senior avd. 2

Vi har hatt med følgjande spelarar på Kvinner senior, avd. 2:

Bente Krumsvik, Anna Mork Pettersen, Hege Stormbringer, Wenche Gjerde Sætre, Britt Sølvi Hauge, Angela Hauge, Marianne Hauge Sætre, Janne Gjerde, Hege Gjerde, Alise Sandvik, Linda Flusund, Wenche Bjørkeng, Ida Sandanger, Eva Lise Hauge Lilleide

Oppmann Britt Sølvi Hauge
Trenar Toni Sandanger

Det er første året vi har påneldt lag i kvinne-serien i fotball i Gjerdsvika. Dei starta med trening i vinter, og har med det utgangspunkt gjort det kjempe-bra. Laget vårt er eit "eldre" lag enn mange av dei andre laga dei møter, som består av mykje jentespelarar. Tilsaman har spelarane 23 born, og det er berre å ta av seg hatten for desse spreke damene som tok iniativet til dette positive tiltaket i bygda.

Damelaget i gong med serien

damelag.jpeg

Etter ein knallopning mot Hasundgot på heimebane, der gjerdsvik-damene banka byfrøknene 8-2, vart det eit surare tap mot topplaget Bergsøy. Medan dugnaden for å få på plass dei siste kunstgrasbitane på andre sida var i gong, måtte jentene frå Gjerdsvika springe i det høge, tunge graset på bana ved sidan av.
Men damene let seg ikkje utan vidare affisere av høgt gras og det faktum at dei spelte mot 90-modellar. Husmødrene (nokre frå 69-talet) beit kraftig frå seg, og ved pause var resultatet 4-4.
Aileen Tarberg kjempa med nebb og klør, og sytte for tre vakre mål i Bergsøy-buret. Også Britt Sølvi Hauge var på rett plass til rett tid då ho plasserte mål nummer 4. Og sjølv om Angela Kristin Hauge i målet til strutsane gjorde ein formidabel keepar-jobb, var det mellom anna ei haudelaus høne i forsvaret som ikkje heilt greidde å finne plassen sin (sjølvsagt underteikna) som nok må ta på seg ein god del av skulda for tapet.
Men på fredag klokka 18.30 vert det nok eit høve for damene å overtyde om at dei er av vinnar-kaliber. Då er det kamp mot Åram, som i skrivande stund har innteke andreplassen på tabellen.

H.N.S

Tabell Kvinner senior 7-ar avd. 2

Tabell for Gjerdsvika Damelag


Her ser du tabellen for Gjerdsvika Damelag