Halvspelt sesong for gutar 12

Ikkje heilt nøgde etter tapet mot Tjørvåg, men gutane har grunn til å vere stolte over kjempefint spel.
Tysdag spelte gutar 12 sin siste kamp før sommarferien. Det skjedde på grusbana til Tjørvåg, der gutane leverte mykje fint spel. I sommar har dei spelt mange jamne kampar, og kampen mot Tjørvåg enda tilslutt med 4-3 til heimelaget etter to spennande omgonger.
Fleire av dei unge spelarane som går i 5, 6 og 7. klasse hadde ikkje hatt noko imot å spele sjølv om det er ferie, og gler seg til å ta fatt att når kampane tek til att i august.