GIL: Volda 2 - Gjerdsvika 4-1

Søndag 19. september var det oppgjer mellom dei to laga som ligg på topp av tabellen i 6. div. avd. B, Volda 2 mot Gjerdsvika på Kunstgrasbana i Volda. I surt haustver starta Gjerdsvika bra og leda 0-1 etter scoring av Jonny Leikanger etter 10 min. Denne scoringa kom etter godt spel og eit vedvarande Gjerdsvika angrep. 5. minuntt seinare hadde Volda ein stor sjanse. Frank Tore Mork brende ei straffe for Gjerdsvika, som laget fekk etter ei stygt overfall av Stian Pettersen. Volda utlikna til 1-1 etter 23 min.
Torleif Pettersen burde ha gitt Gjerdsvika ledelsen nokre minutt seinare då han var åleine med keeper, men ballen gjekk utanfor mål (lukta stygt av offside). Gjerdsvika starta best i 1. omgang og hadde mange store sjansar. Volda hadde også ein stor sjanse etter ein retur frå keeper Toni Sandanger, men litt seinare gjekk Volda 2 opp i leiinga etter mykje rot i Gjerdsvika-forsvaret.
Gjerdsvika starta 2. omgang bra, etter også ha avslutta 1.omgang brukbart. Etter bra spel frå Torbjørn Hånes la Jonny eit nydeleg innlegg, men der var ikkje nokon Gjerdsvik-spelar til å setje ballen i mål. Volda hadde også ein stor sjanse, men dommaren bles for offside. I andre omgang var det mykje kjemping på midt-bana med eit visst overtak og dei klart største sjansane til Volda 2. Heilt på slutten av kampen fekk Volda 2 inn to raske mål, og vann kampen 4-1.
Dommar: Oddmund Kaldhussæter

Gjerdsvika 2 -1 over Brandal

Gjerdsvika vann mot Brandal på heimebane. Det mest overraskande var at laget ikkje vann meir enn 2-1. Forklaringa er at Gjerdsvika er noko redusert i innspurten. Det kan verke som om Volda 2 tek førsteplassen i 6. divisjon avdeling 2, men Gjerdsvika har framleis ein sjanse til å kapre 2. plassen som gir kvalik-spel.

Brandal starta best og hadde dei største sjansane i byrjinga. Dei pressa Gjerdsvika bakover på bana og fekk seg eit mål etter mykje rot i Gjerdsvika-forsvaret. Men etter Brandal-målet kom heimelaget meir med i kampen, tetta godt igjen bakover og starta også med sjanseskaping. Laget hadde nokre svære sjansar som det fort kunne blitt mål av.
Etter pause var Gjerdsvika endå meir på hogget, og pressa Brandal til å gjere feil. etter noko press kom endeleg målet, då Rolf-Inge Sandanger fekk ballen på eit fint løp etter ei nydeleg pasning frå Stian Pettersen, og sette han i mål frå skrått hald. Det vart mykje att og fram etter dette, og ein del stygt spel. Ein Brandal-spelar fekk sitt andre gule kort og måtte gå av bana eit kvarter før slutt. Fem minutt før slutt kom Ståle Kristensen på eit langt løp, fekk ballen og gjorde ingen fiel åleine med keeper. Dermed 2-1 og stor jubel mellom spelarar og punblikum. Vår meldar meiner at Torbjørn Haanes var GILs bestemann.

Vestlandsnytt 17. september 2004

Neste kamp borte mot Volda 2 søndag 19. september kl. 15.00.

Gjerdsvika tetta bak - og vann igjen

08.05.2004

Det var Gjerdsvika som kunne juble for tre poeng på Haugvoll laurdag, etter ein kamp då Kvamsøy sløste stort med sjansane. Ein opplagt Toni Sandanger i Gjerdsvika-målet tok det som kom mellom stolpane, og hadde også god hjelp av stolpane.

Det var ein kamp der ballen rett og slett ikkje ville inn for kvamsøyingane.


Kvamsøy opna forrykande og spelte seg til fleire sjansar, men det var Gjerdsvika som laga måla. Omlag midtveis i første omgang klarerte ein KIL-spelar dårleg etter corner, og Jogeir Haanes kunne sette ballen i mål frå 10 meter. Ikkje lenge etter rykte Ivar Krokvik i KIL-målet ut og skulle fange opp ein ball, men ein gjerdsvika-spelar kom med knottane først og sparka tilsynelatande ballen ut av hendene på keeperen. Dommaren reagerte ikkje, og Torbjørn Haanes kunne enkelt sette ballen i ope mål. Resten av omgongen var jamnspela, utan særlege sjansar.

 

Etter pause var Kvamsøy overlegne. Dei jobba og sleit heile omgongen, men måla uteblei. Gjerdsvika kom på nokre kontringar, men eit ungt og godt KIL-forsvar rydda opp.

 

Fin jobb av KIL-spelarane, og eit kjempeløft frå sist. Kun måla mangla, men dei er som kjent det viktigaste. Den jobben tok Gjerdsvika seg fint av. Toni Sandanger var svært god, og også resten av forsvaret. Gjerdsvika har no teke full pott (12 poeng) etter dei fire første serierunder, og har sleppt inn berre eitt einaste mål. Sterkt!

 

PS: 46-åringen Oddvin Kragset og Ivar Krokvik frå ÅVK var hyra inn og spelte for samarbeidspartner Kvamsøy i denne kampen.

Henta frå Kvamsøy IL sine sider