Sande Cup 2004
Den tjuesjette Sandecupen vart arrangert helga 3. og 4. juli på Storøyra Stadion. For første gong i Sande cupen si historie vart det i år invitert damelag 7-ar. Forutan Gjerdsvika var Tjørvåg og Gursken/Larsnes påmeldt. På herresida var 6 lag påmeldt, fordelt på 2 puljer.
Pulje 1: Sande Junior, Gjerdsvika, Flø
Pulje 2: Gursken/Larsnes, Bergsøy 2, Tjørvåg
Dommarar: Kjell Erik Slinning og Oddmund Kaldhussæter.
På laurdag var det regn/yr tidleg på dag, men vart lettare ut på dagen. Søndag var det nydeleg ver.
Publikum: laurdag 67 betalande og søndag 120.
Før årets Sande-Cup hadde Gursken, Bergsøy 2 og Gjerdsvika to napp kvar i vandrepokalen. Etter at Bergsøy 2 vann finalen 4 - 2 over Gjerdsvika, fekk dei dermed vandrepokalen til odel og eie.
For ytterlegare resultat frå kampane viser vi til vedlegget.