|
Familietur, Sædalen til Hidsdalen
Det vert familietur frå Sædalen til Hidsdalen søndag 16 juni.
Avgang kl.12.00 frå Sædalen, det vert server pølse m/brød i Hidsdalen. Dette er ein tur som passar for dei fleste.
Klippekort for Fjelltrimmen 2013
Klippekort til Fjelltrimmen vert å få kjøpt på Marknaden fyrstkomande søndag kl.16.00.
Klippekorta må innleverast til trimnemnda innan 1. oktober 2013.
Sjå vedlegg for kart og informasjon.
Familietur søndag 9. september.
Det vert familietur frå Muren ( ved busskuret ) søndag 9. september. Turen startar kl.12.00.
Vi går via. Selhaugane og Hanen til Botnen.
Det vert servert pølse med brød på Hanen.
Det var 34 stk. var med på Fellesturen frå Hide til Hidsdalen og Trolltua torsdag 5 juli.
Fellestur på Torsdag.
Fellestur til Hidsdalen og Trolltua på torsdag, vi startar frå Hide kl.18.00.
Vi reknar med å bruke 1 1/2 til 2 timar på turen.
Denne turen passar for alle aldersgrupper.
Søndag 17 juni arrangerer Trimgruppa i GIL familie-tur frå Tussa via Botnen til Kloven.
Start frå Tussa kl.12.00.
Vi tek sikte på ein liten Quiz på vegen opp.
På toppen servere vi pølse med brød.
Turen er 7 km. tur - retur, total stigning er på ca.530 m.
Vi trur at vi vil bruke ca. 2 timar opp.
Sjå også vedlegg.
Utskifting av gamle boksar, til nye og moderne boksar for oppbevaring av bøker på dei forskjellige toppane.
Fjelltrimmen er i full gang med å bytte ut dei gamle boksane med nye og betre boksar. Vi var så heldige å få litt støtte til dette arbeidet med Sparebank 1.
Planen er å få bytta alle boksane i løpet av våren. Det vert også nye og betre bøker i forbindelse med denne oppgraderinga.
Det er flotte forhold å gå på fjellet no når Kong-vinter ikkje vil kome. Både ein kjapp tur på Storholen og ein tur på Vatthornet, kan anbefalast. Flott utsikt er det i frå begge plassane.
Minner om at ein må vere påpasselig med og stengje dei nye boksane skikkelig etter seg, då vil dei nye bøkene vare mykje lenger.
I 2011 var det 3269 besøk på dei tretten plassane som er utplasserte bøker på, vi håpar på at det vert fleire besøk for 2012 sesongen.
HUSK Å SKRIV DEG I BOKA OM DU ER PÅ TUR.
Fjelltrimmen status 2011.
Oversikt over antal besøkande på dei forskjellige toppar/bøker.
Vi hadde i sesongen 2011 ( 1 oktober 2010 til 30 september 2011 ), 3269 besøkande på dei forskjellige bøkene som er plasserte rund på fjella i Gjerdsvika.
Dette er kjempe flott.
Fordelinga er slik:
Hidsegga: 681
Synken: 643
Trolltua: 427
Hidsdalen: 338
Storholen: 171
Fjellsenden: 164
Gjerdseidet: 156
Vatthornet: 138
Gjøna: 130
Selhaugane: 125
Hanen: 110
Storetua: 95
Kloven: 91
Morotuen frå Sædalen til Hidsdalen søndag 26 juni.
Heile 50 personar møtte opp og vart med på turen som Trimgruppa arrangerte søndag 26.juni frå Sædalen til Hidsdalen. Det var ei fint samansett gruppe mellom 3 og 80 år, der 26 av deltakarane var under 18 år. Med innslag frå Gursken og Ulsteinvik, resten frå Gjerdsvika.
Etter dagar med gråver og regn kom sola og varmegradene som bestilt og la ei fantastisk ramme rundt det heile! Penn og papir vart utdelt med informasjon om rebus som kunne løysast på vegen, før både store og små tok beina fatt oppover bakken.
Alle fekk utdelt headneckers frå Møre og Romsdal Fylkeskommune www.morotur.no etter endt tur.
Takk til alle kjekke turkameratar for ein flott dag!! Har allereie fått bestilling på ein neste tur, -og det vert det!
Om nokon ikkje fekk med seg rett svar på rebusen så var det altså SOMMARFERIE.
Vel blåst!
Helsing oss i Trimgruppa
Familietur søndag 26 juni kl. 12.00.
Det vert familietur frå Sædalen til Hidsdalen søndag 26 juni. Start frå Sædalen kl. 12.00. Turen går frå Sædalen via Fjellsenden, Gjerdseidet og Trolltua til Hidsdalen. Info. om turen, sjå vedlegg. 7.april kl. 1800 går startskotet for turprogrammet for idrettslaga på Gurskøya. Første turen går til Klovevatnet i Gjerdsvika.
Sjå elles programmet i vedlegget
Endelig er toppen av Hidsegga nådd - da smaker det godt med drikke.
Trimgruppa i Gjerdsvika idrettslag har i mange år satt ut bøker på ulike steder som kan være naturlige mål for fotturer her i Gjerdsvika. Her kan du skrive deg inn hver dag om du er ute på tur - og bli premiert med poeng. Poengene er gradert etter hvor lett tilgjengelig bøkene er. Tar du deg en skikkelig langtur blir det mange poeng. På den tradisjonelle idrettslagsbasaren på høsten blir de med mest poeng premiert. Det er et krav om at du må ha vært på alle stedene, men at du om du vil, kan velge mellom Gjøna eller Hidsegga. I år er det trimbøker i Sædalen, Hidsdalen og på Hidsegga, Gjøna, Trolltua, Gjerdseidet, Sælhaugane, Hanen, Storholen og Hanen - flotte turmål. Til de fleste stedene er det gode stier å gå på, men kanskje er Gjøna den mest utfordrende... Høsten er ennå ung og det er ennå gode muligheter for fine fjellturer på fine, klare høstdager. Og husk, det finnes ikke dårlig vær, bare dårlige klær...
Oppdatert status på løyper / stier på fjellet.
Merking og rydding av stier er i fult arbeid, legger ved ei liste over status pr. 21.05.2011. I tida framover, vert det fjella på "Mura" sida som vert prioritert. Vi håpar på at i løpet av denne sessongen vil klare å merke/rydde ein sti frå Sædalsvegen ( bak huset til Stian og Rita ) til Gjerdseidet.
KLIPPEKORT.
Frå sesongen 2011 er det lagt ut klyper på kvar post/topp. Klippekort til disse postane, kan kjøpast med: Coop Marked Gjerdsvika, Kristin Meli ( 916 80 610 ) og Elisabeth Slettestøl ( 916 44 159 )
Her er tre sprekinger på tur ned fra Gjøna den 1. mai, Wenche Bjørkeng, Brage Stokseth og Irina ...
Det er sommer og god anledning til turer i fjøre og fjell. Trimgruppa vil minne om bøkene som er satt ut til fjellfolk rundt om i Gjerdsvika. Bøkene er plassert på Storholen, Gjøna, Hanen, Selhaugane, Synken, Gjerdseidet, Trolltua, Hidsdalen og Hidsegga. På idrettslaget kafè i høst blir det premiering - kanskje blir det du?
Klippekort 2012 for Fjelltrimmen.
Klippekorta for 2012 er klar.
I år er klippekorta klar til Påske og er no klare for salg.
Prisen er som i fjor: 50 kr. for vaksne og 30 kr. for dei under 16 år.
Klippekorta kan kjøpast på Coop Marked Gjerdsvika og med Elisabeth Slettestøl / Kristin Meli.
Kom ver med på fjelltur til Klovevatnet
Torsdag 7.april er det trimgruppa i GIL sin tur til å arrangere tur til Klovevatnet
Sett av tid og ver med på tur!! | |
|