Ja, det er faktisk muleg: om ein i følgje vår lærebok les fransk eit kvarter kvar dag. Vår eminente lærar er Bente Krumsvik, som med sin forbløffande gode innsikt i det franske språk får oss andre til å kjenne oss som stotrande førsteklassingar. Denne kategoriseringa av elevane gjeld sjølvsagt ikkje Veronica Bonaa som trår til med imponerande kunnskapar når det gjeld subtile grammatikalske problemstillingar.
Vi møtest ein gong i månaden, neste gong er hos Anne Dybvik fredag, 2. februar. Fram til då må alle ha lest dei fire første kapitlane i ”Fransk på 15 min”.
Kvar gong har vi som mål også å kome eit steg nærare den franske couture; sist gong med fransk espresso, baguette , og eit utval feite ostar.
Det er enno ikkje for seint å melde seg på, sei frå til nemde personar, eller til underteikna. Vert det rift om plassane praktiserar vi kjønnskvotering i mannlege deltakarars favør. Nei da, alle er sjølvsagt velkomne!
Målet for kurset er ein tur til Frankrike hausten 2007, der eksamen vert å bestille seg middag på ein fortausrestaurant i franske omgjevnader.