Vil du bidra i Tynnjaknuten?
Tynnjaknuten er Gjerdsvika sitt eige bygdeblad som kjem ut ein gong i året. Neste utgåve skal vere klar til kulturfestivalen Vindrosà 5. og 6. juni.
Vi vil gjerne ha enno fleire skribenter og bidragsytarar, og oppmoder interesserte til å møte på Kafé Kuling i dag (mandag 15.februar) klokka 20.
Bidrag kan vere artiklar, bilete, historier frå gamle eller nyare dagar, gamle brev o.l.
Er du interessert i å vere med, men ikkje kan møte i dag, kan du ta kontakt med: Hege tlf 97160235.