Storegjerdesamlinga

ung.jpg

Olaf Storegjerde gjorde eit stort og mektig arbeid i det å fotografere samtida si. Storegjerde-arkivet er rikt på historie, det er eit av dei få, og mest truleg det største eldre fotografarkiv i regionen og handverket fotografen utførte er fagleg sett særs godt. Ein spesialitet i retusjarbeidet viser bruk av blåfilolett fargestoff (kaliumpermanganat) «malt» på ansikt på glasplatenegativa. Dette er truleg gjort for å bløtgjere eller «softe» bileta. Men teknikken kravde retusjering på kopiane etterpå. I dei 25-30 åra frå Storegjerde døydde til Sande Sogelag fekk hand om arkivet, har nok delar av materialet tatt skade og kan hende i periodar lege opent for vær og vind. Med arbeid i kommunane Herøy, Sande, Vanylven, Ulstein, Hareid og deler av Nordfjord gjennom 40-50 år er det ikkje utenkjeleg at arkivet har vore større enn de ca. 6-7.000 glasplatene ein har berga.

I omlag 15 år har Sande Sogelag arbeidd med kopiering og identifisering av bilete i arkivet etter fotograf Olaf Knutsen Storegjerde. Arkivet er på omlag 8.000 einingar. Det meste på fotografiske glasplater, men ein heil del også på sjølvøydeleggjande nitratfilm. Omlag 4.500 bilete er kopiert opp, montert på papp og delvis identifiserte.


Her finn du Storegjerdesamlinga på nettet