Fritidsbustad/tomt søkjast!

Vi får heile tida inn mange e-postar frå personar som ynskjer tomter til både bustadar og fritidsbustad. Folk er òg interresserte i hyttetomter rundt om i Gjerdsvika.

Dersom du sit på eit hus eller tomt, som du ynskjer å selje, kan du legge det ut på Gjerdsvika.no. Då vil det nok ikkje ta longe stunda før du får solgt.

Ved spørsmål send gjerne en e-post til post@gjerdsvika.n

Endring av gjeldande reguleringsplan i Gjerde/Riise byggefelt!

webadm9.jpg

Eksisterande bustadar i feltet
Teknisk etat i Sande kommune må etter å ha mottatt klager på den eksisterande reguleringsplanen, endre heile planen. Dette medfører so store endringar at utbygginga kan drage ut i tid. Tilkomst vegen til feltet vert brattare en planlagt og ein må sjå på konsekvensane for dette før ein kan starte.

Kommunen skal ha eit møte om dette 28 September. Vi vil då få vite meir om ståa.