|
Hallelujastemning for DDD
Med ca. 140 personar til stades på allmøtet som Nordisk Film arrangerte på Adolfbuda torsdag 7.5, var det ingen tvil; damene i Gjerdsvika må og skal på tur. Stemninga under møtet stod i taket, forventingane var store og utsendingane frå Nordisk vart helsa med klappsalvar frå bygdafolket. Dei oppmøtte vart registerte og intervjua og det må nemnast at oppslutninga var over all forventning. Frå filmselskapet fann ein grunn til å minne om at uansett korleis det går i seleksjonen, har dei i sin søken etter det gode liv på bygda, gått frå eit utval på 800, til 30 og til slutt avgrensa det til til 3 stadar i Trøndelag, M&R og S&Fj. Det å kome ut mellom topp tre er ein prestasjon i seg sjølv.
Onsdag 13. eller torsdag 14.mai vert vinnaren av lokaliseringkonkurransen kåra og spaninga er stor for om Gjerdsvika står att til slutt.
Brevet...
Sidan alle husstandar i bygda no har fått brev i frå Nordisk Film & TV er det truleg behov for eit møte FØR allmøtet den 7.mai. Sidan ein endeleg har fått vite kva desse legg opp til i prosjektet, kan bygdefolket no diskutere og kome med innspel av ulikt slag. Onsdag 29.april kl. 1900 på buda kan vere ei høveleg tid. Underteikna finn sterk grunn til å presisere at heile prosjektet er i Nordisk Film&TV/TV2 sin regi og at det IKKJE står lokale lag av noko slag bak. Kjem attende med endeleg tid og stad på mandag.
..Mathias
Damene syng ut!
Relativt nytilflytta damer står fram i Vestlandsnytt og seier frå kva dei meiner om bygda.
Kystverket har utgjeve eit tidsskrift i høve 100 år med folk og lys på Svinøya
Svinøy fyr bemanna i 100 år
Dette er dagen der heile bygda samlast til leik og moro. Med hornmusikken i front går toget gjennom heile bygda før det endar på idrettsplassen. Der finst det leikar for store og små. Rjomegraut og lapskaus er sjølvsagt med på feiringa.
Deretter held festen fram på forsamlingshuset Fredtun med talar og diverse framføringar.
Utaførringane frå Stokseth og Hide sytte for at gjerdsvikarane vakna på slutten av nasjonaldagen. Foto Kristin Meli.
Gjerdsvikarane vakna til strålande solskin på nasjonaldagen i år. Og sjølv om vi måtte akke oss litt over den sure trekken sette gjerdvikarane pris på det fine veret. Korpset sytte for 17. mai-stemning då dei opna feiringa med ”Ja vi elsker” på Fredtun. Toget gjekk i år mot Muren, og stoppa undervegs ved Trygdebustaden. Etter togturen fram og attende til Sandanger oppløyste gjerdsvikarane seg på bana, der tradisjonelle leiker som springing med poteter og 60 meter var mellom aktivitetane. Også representantar frå meir austlege strok var møtt opp, og knipsa bilete av bunadar og løvetann og tog og barneansikt fulle med is – alt som er særnorsk og som kjem ekstra godt fram på nasjonaldagen.
Festen
Etter bacalao og rjomegraut innleia korpset festen på Fredtun. Barnehageborna sjarmerte nok både foreldre og besteforeldre i senk med stemmeprakta si, og skulekoret følgde opp med taktfast marsjering og svingande rytmar på Fredtun-scena. Svein Gjelseth var årets 17. mai-talar og la ikkje skjul på at han syntest Gjerdsvika var ei spennande og kreativ bygd, med framsynte skaparkrefter allereie frå tidleg 1900-tal. Som eit døme viste han til at Gjerdsvika hadde straum allereie i 1917, medan resten av Sande ikkje fekk straum før i 1951. Han la elles vekt på at Norge måtte vere eit foregangsland når det gjeld næringspolitikk, og slo samstundes fast at for gjerdvikarane var det naudsynt med hamneutdjuping. Elles meinte han at det rike landet vårt også burde vere ein pådrivar for miljøet. - FN`s klimapanel med 250 forskarar er samde om at 90 prosent av klimaendringane er menneskeskapte. Det er uforsvarleg av oss å tru at forskarane tek feil, slo Gjelseth fast.
Overrasking
Etter talen var det klart for dei unge pianospelarane i bygda. Martine Slettestøl. Elise Gjerde og Erlend Holseker sytte alle for ei flott framføring. Høgdepunktet kom til slutt og som ei overrasking på alle. Årets 17. mai-komitè hadde nemleg snekra saman ein revy – til stor glede og overrasking for tilskodarane. Utaføringane frå Stokseth og Hide ironiserte over 17. mai-permen som vart borte, og fleire av bygdas personlegdomer fekk gjennomgå. Mellom dei var Jonna Lise Gjerde på butikken. Ho vart karikert på ein glitrande måte av Arnfinn Hide, - med raud krøll-parykk på hovudet, sitjande bak eit kassaapparat med vantru, og høglytt uttrykk over at årets 17. mai komité som ”endå ikkje hadde bestilt lapskaus?”. Trond Hide gjorde ein artig figur som den populære doktoren som kunne det meste om alle slags kvinnesjukdommar, og sheriffen, kremt, Politiet - som ikkje hadde capasity til å etterforske saka om den forsvunne permen. Også innflytterkvinnenes aversjon mot å lage runde kakar fekk gjennomgå av bygdedamene i Veronica Hide, Elisabeth Slettestøl, Anna Haanes og Hilde Karin Longva Stokseth sine figurar. Det heile sytt saman av forteljar Bente Krumsvik, som saman med utaføringane sette prikken over i`en på ein flott 17. mai feiring i Gjerdsvika.
Ikkje noko å seie på innsatsen. Kjerringberar Aasmund til venstre, med Asbjørg på ryggen, og vinnarane Paul Endre og Wenche i det dei jublande fær over målstreken.
Både store og små kosa seg på jonsokfeiringa på bana. Her kunne ein velje mellom mange aktivitetar, som å gå på styltar, volleyball, trekke i tau og kjerringbering. Seks par deltok i beringa, og med daudt løp måtte Paul Endre&Wenche, Aasmund & Asbjørg og Anita & Bertil springe ein gong til. Det vart då spenstige Paul Endre og Wenche som vart først over målstreken, og som tok den aller første sigeren i det som no kanskje vert ein årleg aktivitet på jonsokaften. Av dei utkledde kunne ein finne både jonsokbrurer, afroamerikanarar, meitemarkar, fotballsupportarar og yppige frøkner. Ei overvekt var det likevel av skumle typar som sjørøvarar og cowboyar som rett som det var tok seg ein fektekamp på graset. Karane sytte for at bålet vart tent, og saman med sola som dukka opp seinare på kvelden var alle ingrediensar til stades for ein vellukka jonsokaften.
| |
|