Gjerdsvik-verksemder på Nor-Shipping

f.v. Hallvard Slettevoll- Stadt AS, Roger Gjerde - Metall Teknikk AS og Mathias Gjerde frå Ventiq AS
<p>f.v. Hallvard Slettevoll- Stadt AS, Roger Gjerde - Metall Teknikk AS og Mathias Gjerde frå Ventiq AS</p>

Gjerdsvikbedriftene Metall Teknikk, Ventiq og Stadt gjorde denne veka felles front på den store internasjonale skipsmessa Nor-Shipping i Oslo.

Erfaringane frå messa var udelt positive, både i høve til måten å samarbeide på ved slike høve, og responsen dei tre bedriftene fekk på messa. Nye kontakter vart knytta, og gamle forbindelsar vart haldne ved like.
Dei tre bedriften vil truleg nytte denne forma for felles marknadsførings-samarbeid i åra som kjem.

Mellom nyhendene på messa, er Stadt AS sin avtale om eit samarbeid med
ein større aktør innan maritimt utstyr knytta til dieselelektriske framdriftssystem på skip. Hallvard Slettevoll i Stadt knyttar
store forhåpningar til det nye konseptet som no vil verte introdusert.

Ventiq as

iiiiii.jpeg

Ventiq AS er eit selskap som opererer innafor tankventilasjonssegmentet for lastetanker på olje-, kjemikalie- og produkttankarar. Selskapet sine produkt vert også nytta på forsyningsfartøy som frakter flytande/brennbare produkter til og frå oljeinstallasjonar. Sidan starten i 2000 har selskapet utvikla kompakte og vektbesparande Høg Hastigheits Trykk/Vakuum ventilar med fokus på sikkerheit og praktisk bruk ombord på skipa.
Selskapet er lokalisert til Gjerdsvika, Sande kommune i Møre og Romsdal

Produkt

The Ventiq VQHV-ISO high velocity relief valve
<p>The Ventiq VQHV-ISO high velocity relief valve</p>

Kontaktinformasjon:
Ventiq AS
Sanco Industripark
6083 Gjerdsvika

70026540 (tel)
70026550 (faks)
91611701 (mob)

office@ventiq.com (e-post)
www.ventiq.com (internett)"