Gjerdsvika hamn inne på NTP 2014-2023

10325499.jpg

Flagget til topps i Gjerdsvika. Hamneprosjektet er inne på prioritet på første del av den nye nasjonale transportplanen til regjeringa

Vi saksar frå Fiskeri- og kystdepartementet si pressemelding i dag 12.04.2013: 

Gjerdsvika, Sande kommune Kostnad 110 mill. kr

Målet med utdjupinga er å gjere hamna betre tilgjengeleg for større fiskefartøy. Dette vil også betre rammevilkåra for fiskerindustrien i hamna med enklare transport av råstoff. Det er planlagt utdjuping av innseglinga og eit større område innanfor moloane fram til nyetablert kai for fiskemottak/hermetikkfabrikk. Det er forslag om at innseglinga blir utdjupa til –7 meter og hamna til -6,0 meter.

Sanco bestiller enno eit seismikkskip!

sanco_swift.jpg

Båten skal leverast frå Myklebust Verft i Gursken i mai 2013.

Dei vitale måla på skipet er 88,9 m, 21,5 m breidde og ei dødvekt på 2 700 tonn. Kontrakta inneheld også ein opsjon på eit skip til.
Den flotte båten vil leggen ein alen til veksten for Sanco-reiarlaget og med det utvide flåta til 6 skip.

Gjerdsvika.no stiller seg i rekka av gratulantar.

Vegskiljet startar opp

vegskiljetgraving.jpg


Verksemdene Sanco, Stadt og Enerbygg er no i ferd med å realisere husprosjektet  ”Vegskiljet”. Gravinga av tomta har starta og det vil etter kvart materialisere seg 3 nye bustadeiningar.

Fylkesmannen stadfestar reguleringsplanen for Gjerdsvika Hamn

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har no stadfesta Sande kommune sitt vedtak i høve reguleringsplan for hamneområdet i Gjerdsvika  

klagesak_etter_plan_og_bygningslova__regu2.pdf

Sanco Spirit på prøvetur

sanco.jpeg

"Sanco Spirit" er snart klar til levering frå Vaagland og har den siste tida gjennomført prøveturar.

Kystverket held fast på hamn i Gjerdsvika

jay.jpeg

I Handlingsprogrammet for Kystverket perioda 2010 – 2019 er framleis Gjerdsvika hamn inne på lista. Ramma er, etter det ein kan forstå, auka frå 119 til 132 mill. Oppstart er framleis 2014..

9951237.pdf

Gjerdsvika hamn med prioritering på NTP!

hmhm.jpeg

Gjerdsvika hamn har fått plass på NTP tiltak i 2014-2019. Tiltaket består av utdjuping ned til -7 meter i innseglinga og ned til -6 meter i hamna. Det vil gi rom for større fartøy og gjer at ein står rusta for å møte framtida i høve industriutbyggingar. Det vil også bli bygd ein infatningssjete for å nytte mudringsmassen til oppfylling av areal til framtidig industriføremål.

Nationen: Gjerdsvika, ei nyskapande bygd

I ein artikkel saksa frå Nationen sin serie om nyskapande bygder i Midt-Norge, står Gjerdsvika lista opp som eit nyskapande bygdesamfunn og det i godt selskap.
Ei kjekk påminning om at ein her i bygda har å gjere med noko heilt spesielt og som vert lagt merke til ut over landet.

Save0002.PDF

Konferanse i Gjerdsvika

chacha.jpeg

Sande kommune og Gjerdsvika Næringsutvikling sette kvar andre i stemne på Adolfbuda torsdag formiddag. Bakgrunnen var behovet for ei oppdatering av nosituasjonen og den framtidige utviklinga for verksemdene i bygda.

Næringsareal i Gjerdsvika - Brev til Sande Kommune

Feilaktig gjengjeving av brevet i media, gjer at vi ynskjer å legge ut brevet i si heilheit på Gjerdsvika.no. I dette brevet bed vi om å få vite kvar ein kan sette opp næringsbygg. For nokre å sidan vart det lagt fram ein reguleringsplan for industriområde, men det kan likevel ikkje byggast her. Derfor bad Gjerdsvika Næringsutvikling om informasjon om kvar ein evt. kan setje opp eit slikt bygg.

Brevet viser til eit tidlegare møte med Sande kommune. På dette møtet kom det fram at det ville ta 2-3 år å gjere klart areal i det allereie regulerte industriområdet. Det var også avhengig av mudring for å få dette til.

Gjerdsvika Næringsutvikling kan ikkje vente på ei evt. mudring før areal til næringsbygg er klart.

 Jon_Garen_-_N_ringshage_Gjerdsvika_2.doc

May Helen Molvær vitjar Sande Kommune
May Helen Molvær (www.krf.no)
May Helen Molvær (www.krf.no)

I samband med eit møte for Kristelege Folkeparti Fredag 15. oktober, har Gjerdsvika Næringsutvikling og KRF teke initiativ til å få Molvær med seg på ein tur rundt om i kommuna for ein presentasjon av nokon av bedriftene i Sande.

I Gjerdsvika skal dei innom Sandanger as og Sanco as for orientering om både bedriftene og behov for hamneutdjuping.

Denne turen innom nokon av bedriftene i Sande kan gje politikarane meir informasjon og betre innsikt i behova ute i distrikta.

Sunnrent as - Eit nytt foretak i Gjerdsvika

Enda eit nytt foretak har teke till i Gjerdsvika. Sunnrent as skal drive med formidling og utleige av ferieboligar, samt selge produkt og teneste innan reingjering for Heile Norge og europa.