|
SPING aktivert for Fredtun
Laste ned Sping appen på telefonen din,og betal med denne på arrangement holdt av Fredtun. BENSINSTASJON I GJERDSVIKA
Vyrde bygdefolk; Ålesundselskapet Bunker Oil AS har sagt seg villig til å sette opp ein bensinstasjon med diesel og bensin ved COOP Marked i Gjerdsvika, truleg noko liknande den i Tjørvåg. Dette er ei fantastisk mulegheit for gjerdsvikarane - dersom mange nok støttar opp om tiltaket. Det å etablere ein slik stasjon er ei investering i millionklassa og det krev at bygda stiller opp med litt av kapitalen.
Ein må difor be alle husstandar om å støtte tiltaket med eksempelvis kr 2000.- med eit mål om å samle inn kr 100.000.-. I tillegg reknar vi med å få inn like mykje frå næringslivet. Dersom nok støttespelarar betalar ein sum innan kort tid, kan stasjonen vere opp å gå alt no i sommar! GI DIFOR DI STØTTE til etableringa av ein bensinstasjon i bygda. Kontornummeret er 3910.10.05430 v/Gjerdsvika Næringsutvikling. Merk innbetalinga med " Drivstoffutsal Gjerdsvika" .
Eventuelt overskytande midlar vil gå til opprusting av butikken/kafeen. Folkemøte Adolfbuda måndag 9. mai kl 183019. mai er det folkerøysting i høve korleis ein stiller seg til vegvala som er aktuelle i samband med kommunereforma. Måndag 9.mai vert det difor møte på Adolfbuda der kommuneleiinga stiller med meir informasjon og kan svare på spørsmål frå publikum. Vel møtt GIL Vårmarknad 26 April - 2015
Det vert vårmarknad på Fredtun 26 April, klokka 16. Gollj og Gråstein kjem og syng.
Masse gode kaker, pølse m/brød, artige aktivitetar o.a.
Vel møtt til ein koseleg ettermiddag. Gjerdsvika hamn inne på NTP 2014-2023
Flagget til topps i Gjerdsvika. Hamneprosjektet er inne på prioritet på første del av den nye nasjonale transportplanen til regjeringa
Vi saksar frå Fiskeri- og kystdepartementet si pressemelding i dag 12.04.2013:
Gjerdsvika, Sande kommune Kostnad 110 mill. kr
Målet med utdjupinga er å gjere hamna betre tilgjengeleg for større fiskefartøy. Dette vil også betre rammevilkåra for fiskerindustrien i hamna med enklare transport av råstoff. Det er planlagt utdjuping av innseglinga og eit større område innanfor moloane fram til nyetablert kai for fiskemottak/hermetikkfabrikk. Det er forslag om at innseglinga blir utdjupa til –7 meter og hamna til -6,0 meter. Boknasild med mjølkesuppe på Adolfbuda søndag 14. april kl. 13.00 Adolfbuda inviterer til årets boknasildmiddag med mjølkesuppe søndag 14. april kl. 13.00.
Vel møtt til ei smakfull og triveleg stund i Gjerdsvika.
Det kan og verte anledning til å kjøpe boknasild etter arrangementet.
NB. Vi har betalingsterminal! Odd Tarberg ute med bok
Odd Tarberg har teke føre seg bygging av siloar på 50-talet i ei bok som du kan lese eller laste ned her:
DOC_20130320123105.PDF
Opning av gymsalen laurdag 2. mars Gjerdsvika Oppvekstsenter og Gjerdsvika Idrettslag byd inn til opningsfest i gymsalen laurdag 2. mars kl. 14. Ymse kulturinnslag, snorklipping og servering av mat og drikke. Vel møtt! Nytt styre i Gjerdsvika Skulekorps
I samband med konstitueringa av styret i skulekorpset 6. februar, vart følgande medlemar valde:
Angela Hauge - leiar Rita Pettersen - kasserar Line-Beate Leikanger Gotten - styremedlem Margit B. Gjerde - styremedlem
Informasjonsmøte Sparebank1 Søre Sunnmøre
Invitasjon til informasjonsmøte
SpareBank 1 Søre Sunnmøre ønskjer å invitere deg til eit møte der vi fortel og viser kva vi kan tilby av bank og forsikring.
Stad: Adolfbuda i Gjerdsvika Tid: Onsdag 14. nov. kl. 18.30 (ca. 1,5 time)
Enkel servering Du kan melde deg på ved å ringe eller send SMS til Johanne på tlf. 98 28 78 86
Beste helsing frå oss i SpareBank 1 Søre Sunnmøre
Johanne, Rikard, Margareth, Atle og Svein
Stadt AS søkjer nye medarbeidarar
Har dere glemt igjen jakken deres på Fredtun?
Vi har også en hel del paraplyer liggende.
Ring Bjørg 97716850
Medlemsmøte Gjerdsvika småbåtlag.
Innkalling til medlemsmøte i Gjerdsvika småbåtlag
Det vert med dette kalla inn til medlemsmøte i Gjerdsvika småbåtlag på Adolfbuda tysdag 31.01.12. kl.1900.
Sak:
Eventuelt utskifting av brygger/utriggere i småbåthamna.
Styret har henta inn pristibod som vert lagt fram på møtet. Det er viktig at så mange som råd møter opp og gir uttrykk for sine meiningar om kva som bør/skal gjerast.
Medlemar som ikkje har høve til å møte må gi melding til styret slik at dei kan få informasjon på anna måte.
Vel Møtt!
Styret i Gjerdsvika småbåtlag. God sommar til alle aspirantane!
Det har vore veldig kjekt å dirigere dykk! De er ein fin gjeng.
Mvh. Marita
Stiftingsmøte barne- og ungdomsklubben Det vert stiftingsmøte for den nye barne- og ungdomsklubben på Adolfbuda onsdag 4. januar kl. 1930. På programmet står forslag til vedtekter, val og drøftingar. Ta gjerne med forslag til kult namn på klubben.
Velkomen både til unge og eldre.. I forbindelse med felles fjellturar med dei andre idrettslaga på Gurskøya, byd trimgruppa i Moltustranda Idrettslag inn til fjelltur til Storehanen.
Vi håpar at mange vil vere med.
Oppmøte Torsdag 29.09.11 klokka 18.00 ved Kviletua (Gml. skytebana) - Sving av ved Coop Marked Moltu og følg fjellvegen.
Alternativ: Fra Gjerdsvika, følg Sædalsvegen.
Marita T.V. Refsnes startar opp igjen med zumbatreningar no i haust, i gymsalen ved Gursken oppvekstsenter onsdagar kl 19.15-20.30
Oppstart: 19. oktober. Pris: 400 kr
For påmelding, klikk på: www.aerobicdans.no Sande kommune har starta opp arbeidet med revisjon av arealplanen og inviterer med dette til folkemøte i Gjerdsvika, 19. sept. kl. 18.30 på skulen. Cardinal ( Ex. Strandheim ) til Maritime Dagar.
Om alt går etter planen, vil Cardinal kome til Gjerdsvika under Maritime Dagar.
I mail frå Kaptein Paul, kan han bekrefte at han planlegger å ta turen innom Gjerdsvika i forbindelse med Maritime Dagar.
Sjå link under for meir info om båten.
http://www.wix.com/cardinal/cardinalny#!historien Sunnmørsposten på besøk i Gjerdsvika Som einaste bygda i Sande, fekk Gjerdsvika besøk frå Sunnmørsposten si sommarpatrulje. Klikk på bildet og sjå video frå besøket | |
|