Sanco bestiller enno eit seismikkskip!

sanco_swift.jpg

Båten skal leverast frå Myklebust Verft i Gursken i mai 2013.

Dei vitale måla på skipet er 88,9 m, 21,5 m breidde og ei dødvekt på 2 700 tonn. Kontrakta inneheld også ein opsjon på eit skip til.
Den flotte båten vil leggen ein alen til veksten for Sanco-reiarlaget og med det utvide flåta til 6 skip.

Gjerdsvika.no stiller seg i rekka av gratulantar.

Exposed To Failure ute med ny plate

etf_plate.jpg

"They left us here" er klar!

Les meir på myspace:
http://www.myspace.com/exposedtofailure

Sandanger-Data på nett

sandangerdata.jpg

Sandanger-Data ved Detlef Sandanger er i gang med sal av dataprodukter og tilknytta servicetenester.
Du finn meir på http://www.sandangerdata.no/

 

Kom ver med på fjelltur til Klovevatnet

 Torsdag 7.april er det trimgruppa i GIL sin tur til å arrangere tur til Klovevatnet

 Sett av tid og ver med på tur!!

kom_ver_med_p__fjellet.pdf

Gode ord

Geir Gjerde har fått fyljande melding attende frå sin omfattande kommunikasjon med omverda:

Hei Geir. Det var litt av ei stasbygd et helt lite Norge i miniatyr, dere har jo alt der. Og det går jo bra å dyrke til langt på fjellet. God havn og sikkert muligheter for fiske utfor landet har dere også. Bygden, viken skulle vært kåret til Norges fineste fjordbygd, ikke minst at det ble gjort til støtte for de som driver med turisme hos dere

Nytt styre i Adolfbuda

Det vart på årsmøtet 22 mars valgt nytt styre i adolfbuda:

 Det nye styret er:

 Leiar.                          Paul Endre Sætre

Utleigeansvarleg:        Jonna-Lise Gjerde

Kasserar:                    Solfrid Møller

Styremedlemmar:       Sindre Slettestøl

                                   Paula Sandanger

 Vara:                         Jonny Muren

                                   Wenche Bjørkeng

Budsjettet er GODKJENT!

Fylkesmannen har i dag godkjent budsjettet til Sande kommune for 2011 og økonomiplanen for perioda 2011-2014

Noko som vil bety at dei postane som står på investeringsbudsjettet er å rekne som realiserbare.

budsjettgodkjenning_2011_1_.pdf

Torskemiddag søndag 6/3

boknasild_5.jpg

 

 

 

På bildet flekkjer Magne Hjelle og Even Gjerde sild, men søndag 6/3 inviterer dei på torsk, lever, kams og rogn.

TORSKEMIDDAG

ADOLFBUDA

 

 

Søndag 6. Mars 2011 kl 1300.

Adolfbuda i Gjerdsvika inviterer på Torskemiddag med kams, lever, rogn og fiskesuppe.

Søndag den 6. mars kl 1300.

 

 

Sal av kaffi og kaker.

 

 

Vel møtt til ein triveleg søndag på Adolfbuda !

Årsmøte i Adolfbuda

Innkalling til Årsmøte i Adolfbuda

 

Tirsdag 22.mars 2011 kl. 1930 på Adolfbuda

 

Sakliste

 

1.          Godkjenning av innkalling og sakliste

2.          Val av møteleiar

3.         Val av referent

4.          Val av to luteigarar til å underskrive årsmøteprotokollen saman med møteleiar

5.          Årsmelding

6.          Rekneskap for 2010

7.          Val

8.          Eventuelt

 

 

Dersom ein som luteigar ynskjer å ta opp saker på årsmøtet, må forslag kome styret sin formann i hende seinast torsdag 17.mars 2011.

 

Styret ber dei som har utført dugnad på Adolfbuda om å melde inn desse timane til Magne Hjelle mob. 91839284, snarast råd.

 

Det vert servert kaffe og kaker – møt opp for ei stund i triveleg lag!

Informasjon om årsmøtet vert også lagt ut på www.gjerdsvika.no

 

 

Styret i Adolfbuda ynskjer vel møtt!

 

Gjerdsvika 3. februar 2011

Ball på Kuling?

... Potetball, altså.

Dersom det vert mange nok som bestiller ball, lagar Bente tradisjonsrik sunnmørsball i morgon.

Kontakt: Bente: 97059592 eller Hege 97160235

Om du vil bestille deg middag.

 

 

Livet er ...

OBS: ny dato for Tynnjamøte

Redaksjonsmøte for bygdebladet Tynnjaknuten vert mandag 14/2 på Kafé Kuling.

Bli med på Tynnjaknuten!

Bygdebladet Tynnjaknuten kjem ut éin gong i året  - til kulturfestivalen Vindrósa i juni.

Vi inviterer skriveglade i alle aldrar til å bli med i redaksjonen. Vi treng også folk som vil jobbe med layout og sal av annonsar.

 

Første redaksjonsmøte vert på Kafé Kuling mandag 14/2 kl. 20.

Møt opp, eller ta kontakt med Hege, tlf 97160235.

Opningstider Coop Marked - Jula 2010 

Onsdag 22.12   10-18
Torsdag 23.12  10-18 (tek desverre ikkje mot pant denne dagen)
Julafta                10-13
Romjula             10-15
Nyttårsafta        10-13

Let’s Zumba alle saman!

zumbaplakat2011[2].jpg


Eg, Marita T.V. Refsnes startar opp igjen med den latinamerikanske danseinspirerte aerobicen, 5. og 6. januar 2011, i Gursken og Myrvåg!

Dette er treningsforma som passar ALLE!  Zumba er sosialt, morosamt og effektivt. Du vert glad, muskelgruppene i kroppen din vert styrkja for ikkje å snakke om rumpa som garantert vil få eit løft. Ta med drikkeflaske, handkle, gode dansesko/aerobicsko og JOIN THE PARTY!

For meir informasjon, ta kontakt på tlf.: 992 51 417 eller gå inn på www.aerobicdans.no
Ønskjer du å vere med våren 2011, kan du MELDE DEG PÅ: www.aerobicdans.no

 

VELKOMEN
Mvh. Marita Refsnes

Gjerdsvika.no søkjer (på nytt) etter nettsjef

ny_redaktor2.jpg

Gjerdsvika.no er bygda sin eigen informasjonskanal og eit naturleg oppslagspunkt for nye og gamle hendingar. Nettstaden er eit demokratisk organ ved at alle som vil, kan legge ut informasjon som er av interesse for lesarar i og utanfor bygda.

Gjerdsvika.no står i fare for å bli utan administrator etter nyttår (med dei konsekvensar det medfører) og ein søkjer difor etter folk som kan ta på seg oppgåva. For meir informasjon om stillinga, ta kontakt på e-post: leiar@gjerdsvika.no

Video frå utdelinga av
bygdeutviklingsprisen 2010

mortenpris.jpg

Morten Schakenda vann som kjend bygdeutviklingsprisen 2010 under årets Skaperkraft. Klikk på bildet for å kome til videoen av prisutdelinga

Morten vann bygdeutviklingsprisen!

morten_lom.jpg


Morten Schakenda og Bakeriet i Lom vart vinnaren av den nasjonale Bygdeutviklingsprisen for 2010. I konkurranse med 19 andre fylkesvise vinnarar sopa Morten med seg sigeren. Vi gratulerer!!

Fotpleie

fotmassasje.jpg

Det blir høve til å få stelt føtene på Johan Riises Minne 7. og 8. desember.

Påmelding til Bodil Leikanger tel. 97194476 eller Margrethe Gjerde tel. 99587521

Nyydeleg brennsnut på Kafe Kuling i dag

brennsnut.jpg

Kafe Kuling har fått noko av det mest sunnmørske ein kan tenke seg på menyen i dag: Brennsnut! Ta turen innom for ein tradisjonrik og god matrett

Prev12345Next