Morten som trekkplaster på Sandemessa

Klikk på bildet for å kome til Vikebladet sin artikkel
<p>Klikk på bildet for å kome til Vikebladet sin artikkel</p>

Morten Schakenda vert det store trekkplasteret under årets Sandemesse

I Vikebladet skriv dei vidare at han blir å treffe på standen til Kafe Kuling og vil der signere den nye boka si "Shakendas bakeskole"

Vegskiljet startar opp

vegskiljetgraving.jpg


Verksemdene Sanco, Stadt og Enerbygg er no i ferd med å realisere husprosjektet  ”Vegskiljet”. Gravinga av tomta har starta og det vil etter kvart materialisere seg 3 nye bustadeiningar.

Marknad på Fredtun

kaffekopp.gif

Gjerdsvika IL arrangerer marknad på Fredtun 31.10 kl 16.
- Det vert premiar til spelarar frå aldersbestemte lag.
- Utdeling av premiar i fjelltrimmen
- Åresal
- Sal av kaker, kaffe og brus
- Leikar i kjellaren

HJARTELEG VELKOMEN.

Kultursamarbeid på Adolfbuda

I helga sette Brødrene Paul og Nikolai Sanganger og Måleklubben Flekken kvarandre i stemne i eit vellukka kultursamarbeid på Adolfbuda. Med konsert, allsong, kunstutstilling og kafé vart det heile eit svært så triveleg opplegg

Kundeavis Coop Marked

Her finn du Coop Marked si kundeavis for veke 35
http://kundeaviser.inkognito.no/aviser/marked/vest/index2.htm

Kunstutstilling og konsert på Adolfbuda

Brødrene Paul og Nick Sandanger og maleklubben ”Flekken” slår seg saman og held både konsert og kunstutstilling på Adolfbuda til helga. Kunstutstillinga tek til kl. 1300 laurdag og kl 1400 søndag og Paul & Nick held konsert søndag 3.okt kl. 1600. Det vert sal av kaffe og kaker.

Bokbåten kjem

epos_forsidebilde.jpg

Torsdag 30.sept. kl. 1700 kjem bokbåten EPOS innom Gjerdsvika. Vestlandet sitt flytande bibliotek ligg ved kai frå kl 1700 til kl 1830 og Øystein Vetre har forteljarstund frå kl.1745.

Søndagsskule hausten 2010

Søndagsskulen sine arrangement hausten 2010

På Fredtun kl. 11

19. september
17. oktober
14. november
12. desember

helsing Aud, Margit, Aase, Grethe og Asbjørg (90141021)

Referat 17.mai-feiring 2010

Arr. var rode 3 , nord om Storelva (så der) og tom skulen

Ein valde å ikkje annonsere i avisa og det såg ikkje ut til å vere sakna

Toget starta frå Fredtun kl. 1200 og gjekk først på nordsida før ein vende og gjekk via Risene til Storøyra. Der var det leik og moro for store og små. Roda introduserte ballongar for sal og det må ein kunne seie vart ein suksess.

Kl. 1330 starta salet av mat. Det gjekk med 80 liter lapskaus og 70 liter graut – passe mengde for hendinga. Kvar husstand stilte med 2 kaker kvar – noko som var alt for mykje. Ved neste høve bør ein vurdere om nokon kan sleppe unna litt lettare. Totalt sat ein att med ein netto på  ca. kr. 7800,-  som er litt høgare enn dei siste åra.  Besøket var truleg bra.

Festen starta kl. 1600
Hornmusikken spelte
Tale for dagen var ved Idar Muren
Ein delte ut pris til Bjørg Slettevoll
Underhaldning  ved Harald Skarbø
Skule- og barnehageungane underheldt
Brynhild Mykkeltveit akkompagnerte på piano
alt i alt; passe mengde program

Etter at Fredtun fekk dekt direkte faste utgifter, vart overskotet disponert ved at hornmusikken, idrettslaget og Fredtun fekk kr. 2590,- kvar.

Hildegunn og Ragnar Gjerde var kjøkkensjefar, Ragnar var òg kasserar, Sigbjørn Holm banemeister, Line-Beate L. Gotten festsjef og Mathias Gjerde var festleiar. Under oppsummeringsmøte kom det fram eit ynskje om at ein roterer rollene ved neste korsveg.

 

..og alle synest det hadde vore ein fin fest

Ref. 06092010

Opplæring i Folkeweb

 

  GRATIS

KURSDAG ER MANDAG 6.SEPTEMBER.

Vi køyrer felles gjennomgang av FolkeWeb i lokala til Ulstein IT Senter. Tema er:

• Oppretting av menypunkt og undermenyar
• Bruk av tekstredigering og redigering av bilde i tekstbehandlaren
• Oppretting av skjema
• Bruk av kalendar i FolkeWeb
• Siste nytt funksjon
• Eventuelt andre ting

Kundar som har spørsmål kring redesign av nettsider kan også gjerne kome innom for samtale. .

 

 

 

MARITIME DAGAR 2010

Martime dagar trakk - i år som tidligere år - fulle naust og bud.

Zumba!

plakat_zumba1.jpg

Zumbainstruktør, Marita T.V. Refsnes startar opp att med Zumba i Gursken, Larsnes og Myrvåg. Ynskjer du å vere med må du melde deg på. Gå inn på nettsida www.aerobicdans.no for meir informasjon.

Alle er velkomne og menn går gratis!

Til helga er det klart for nytt Arthurspel

..og her er programmet:

Fredag 13.august:

* Open Pub, Restaurant, Kiosk på Rosenlund frå kl. 18.00

* Åmdalskoret Berre Damer underholder med sin kabaret "SmakeBeat" i   storteltet kl.2030. Inngang 150,-

* Utstilling på Fiskarheimen av Karin Flatøy Svarstad.

* Diskotek på Dollstun.

* Dans på Rosenlund m/ Andre Leikanger.   Kl. 22.00,  inng. kr. 150,-

  Båt til Larsnes, Åram, Kvamsøy kl. 02.00

 

Lørdag 14.august:

* Kiosk, Restaurant, Pub på Rosenlund.  Ope kl. 12.00-20.00

* Matteltet åpent kl.1200-1800. Tombola.

* Marked/krambu åpent kl.1200-1800. Bruktbokmarked.

* Utstilling på Fiskarheimen.

* Breidablik Bygdemuseum åpent kl.1500-1700

* Konsert i Sande Kyrkje kl.1900 m/ Wolfram Syrè og St.Petersburg Trio

* Spelkiosk ved Kongsvollen åpen under spel.

* Dans Dollstun

* Dans Rosenlund m/ Karane

  Båtar til Larsnes, Åram, Kvamsøy frå kl. 02.00

 

Søndag 15.august:

* Matteltet åpent kl.1200-1700

* Kiosk, Restaurant og Pub på Rosenlund. Åpent kl. 12.00-19.00

* Marked/ krambu kl.1200-1700

* Breidablik bygdemuseum åpent kl.1500-1700

* Utstilling på Fiskarheimen

* Festgudstjeneste med musikalske innslag i Sande Kyrkje kl.1100

* Spelkiosk ved Kongsvollen, etter spelet flyttes den til Voksa fergekai.



Exposed To Failure er med og tevlar om musikkpris

etf.jpg

ETF er med og deltek i konkurransen om årets "Musikkpris på Nordvestlandet". Opplegget er i regi av Sunnmørsposten, Sparebanken Møre, Sommerfesten på Giske, Jugendfest og Ocean Sound Recordings.

Gå til denne sida - og gi stemma di til ETF.

Klart for Hids-fest-i-dal!

Stig Gjerde og Trond Hide gjentek suksessen frå i fjor og er godt i gong med førebuingane til årets Hids-fest-i-dal. Forskjelen i år er at arrangørane har flytt festivalen til tre veker tidlegare på sommaren for å utnytte sommarlyset. Det vil seie at festivalen går av stabelen allereie no på laurdag, 26 juni.

Det kan ved første augekast synest som om Herr Hide og Herr Gjerde ikkje heilt veit kva dei styrer med. På styremøtet over kjøkenbenken på Bøen gard, ligg papirene litt her og litt der og Trond fiskar ned endå ein bunke frå skapet over kjøleskapet. Det er trass alt ein forbetring frå i fjor, då alle papira vart borte. Men sjølv om ting tilsynelatande er kaotiske, er kvar minste detalj på stell.

- Når det gjeld musikk, finnest det ingen kompromiss, seier Trond og Stig.

 

Utbetra vegen

Bon Scotch, Black Age, Fatty Sunroad, Number Seven Deli, Espen Tarberg & Johnny Hide  er namna på artistane som skal boltre seg på scena laurdag. Festivalen i Hidsdalen vart første gong arrangert i fjor, og fleire enn 300 menneske fann vegen opp i fjellet. I år er grusvegen planert og grusa av Jan Kenneth Bergsnes, aldersgrensa er senka frå 20 til 18, og Stig og Trond har leigd inn eige ambulansepersonell. - Det er både for vår og publikum sin sikkerheit, seier Trond, som synest det er greit å ha helsepersonell for handa om ulukka skulle vere ute. Det kostar nokre tusen ekstra, men det er det verdt, meiner karane. Hidsfestidalen har også auka teltkapasiteten frå i fjor, då dei såg at mange trekte inn under duken utover natta. Dei håper på minst like mykje besøk i år, og har kapasitet til å ta imot fleire tusen.

 

Variasjon i band

- Kan de seie at det var ein suksess i fjor?

- Kva meiner du med suksess, kvitterar Trond.

- Om du meiner i popularitet så var det ein ubetinga suksess. Men om du meiner i kroner og øre, så gjekk det omtrent ut i null, seier Stig. Begge stiller seg sjølve som økonomisk ansvarlege og er glade for kvar sponsorkrone dei får. For å få ein festidal med kvalitet, må ein rekne med å bruke litt pengar. - Vi ønskjer å presentere lokale og nasjonale band, seier karane, som har fått band frå både Bergen, Haugesund og Oslo. I tillegg opptrer lokale band som Black Age og Fatty Sunroad. Billettar kan kjøpast på Kafé Kuling eller ved å kontakte Stig eller Trond.

- Vi er svært takksame for velvillegheita til frivillege i lokalmiljøet, seier Trond. - Utan dei hadde vi ikkje greidd å gjennomføre arrangementet.

Kong Arthurspelet 2010 treng aktørar

Kong Arthurspelet har hatt si fyrste øving sist helg og sjølv om mange gamle og nye aktørar møtte fram på Kongsvollen laurdag, er det framleis plass til fleire.

Helga 14 og 15 aug. er det spel og neste øvingar er lagt til veka før spelet.Unge og eldre karar i rollene som riddarar eller gardsfolk står øvst på ynskjelista, men alle kan ta kontakt så får ein vite meir. Ingunn Notøy har oversikta og henne når ein på tlf 90181259 eller e-post nota@nota.no  Noko av det mest spennande i år er ny musikar. Namnet er Nils Iver Holtar ( bildet), han er 24 år, kjem frå Oslo og spelar m.a i gruppa Ultra Sheriff. Kom og ver med på heile kommuna sitt kulturelle høgdepunkt i år. Her bryr vi oss ikkje om bygdegrensene.

Referat frå møte i 17.mai-komiteen 2010

Kjøkennemnda melde at både graut og lapskaus var bestilt. Hildegunn og Solfrid kjøper inn alt av mat elles til utsala på Storøyra og Fredtun. Alle husstandar på roda syter for 2 kaker. For husstandar der snittet ligg over 70 år er det opp til kvar enkelt om dei vil delta.

Festnemnda var godt i gang og programmet er på det næraste ferdig mellom aanna er Idar Muren talar for dagen. Det kom ei oppmoding om å supplere programmet med eit innslag til. Festnemnda syter for blomster og ballongar.

Toget tek til kl. 1200 og går på nordsida i bygda. Matserveringa  på Fredtun startar kl. 1330. Festen tek til kl. 1600.

Alle møter på tilordning laurdag 15.mai kl. 1100. Mathias ordnar med plakatar og lappar om kaker.
Det vart bestemt at Fredtun skal ha inndekt faste utgifter før fordelinga av sluttsummen.

 

 

Boknasild på Adolfbuda 18. april 2011

 

 

Adolfbuda i Gjerdsvika inviterer til årets Boknasildmiddag med mjølkesuppe, Søndag den 18. April kl 1300.

Vel møtt til ei smakfull og triveleg stund på Adolfbuda !
Det kan og verte høve til å kjøpe boknasild etter arrangementet.

Countryline-dans i kveld!

Allereie i kveld, tysdag 6. april, er det høve til å prøve seg på såkalla linedance.

Vår nyinnflytta Hilde Beate Hestås er, heldigvis for oss, nemleg instruktør i countrylinedance. Ho startar opp i gymsalen i kveld klokka 20, og ønskjer velkomen til alle som har lyst til å prøve seg på "parketten". Det krevst inga forkunnskapar, heller ikkje treng du å ha erfaring som danseløve. Gode sko derimot, det må du ha!
Det er høve for alle å delta, frå 7. klasse og laaaangt oppover.

Velkomen til god – og artig trim!
OBS: Gratis inngang...

Mild bris med Johnny på Kuling

johnny_hide_1.jpg

Johnny Hide lokka nærare 60 stykke til intimkonsert på Kafé Kuling på laurdag. For å få plass til alle vart døra ut opna, slik at publikum også kunne nyte musikken utanfrå.

Det vart ein triveleg stund med ein triveleg kar. Soloalbumet "An honest try", kan kjøpast på Kafé Kuling for 150 kr.

|
Prev12345Next