Vellukka lødekonsert

l_ekonsert_johnny_281724c.jpg

Konsert med Johnny Hide på Bøen Gard gjekk over all forventing. Over 100 personar nytta høve til å få med seg opplevinga i helga.

Les meir på smp.no

Lødekonsert med Johnny!

Førstkomande laurdag held Johnny Hide konsert i løda på Bøen gard.

Hide har nett gitt ut eit nytt album "An honest try", og mellom anna fått terningkast 5 i VG. GP-melodien "Rewind love" er IKKJE med på den nye plata, men Johnny har derimot mange andre vare, rolege og nedstrippa melodiar han har skreve sjølv. Mandag starta han på release-turneen og laurdag har han altså sett av til heimbygda med ein litt annleis konsertoppleving.

- Kvifor løda?

- He-he. Det virka som ein god idé. Trond sa ja med ein gong, og annleis er ofte gøy, gliser Johhny på telefon frå Oslo. Mandag spelte han for flybasen på Ørlandet, noko som også var både, ja,  annleis og gøy!

Det er fem år sidan Johnny gav ut sitt første soloalbum. Denne gongen er tekst og melodi mykje rolegare, og meir eit konsertalbum.

Førstkomande laurdag stikk han først innom Kafé Kuling for ein liten minikonsert og cd-signering, deretter vert det konsert på løda. Her vert det oppmoda frå arrangørane  å kle på seg godt og ikkje ha for "fin" nase!

Arrangørane nemner at det også vert høve til å trekkje seg tilbake i bokstaveleg talt meir stovereine områder av løda, der det er fleire sitjegrupper og ein lifleg matlukt frå kjøkenet. Dei kjekke jentene på Kafé Kuling stiller nemleg opp med alt frå kulingpizza til turrsild og sjølvsagt forfriskningar.

Minikonsert & cd-signering på Kafé Kuling kl 14

Lødekonsert  kl. 21.30, inngang kroner 100.

Påmelding hjå Kafé Kuling, eller til Trond: 95421248

|

Johnny Hide med i "siste sjansen" i MGP!

johnny_hide.jpg

Etter fintelling av stemmer viser det seg at Gjerdsvika sin eigen Johnny Hide er klar for "siste sjansen" i MGP. Programmet går av stabelen førstkomande laurdag i Sarpsborg.

Les meir her: http://www.nrk.no/programmer/tv/melodi_grand_prix/1.6953642

Hjelp dei jordskjelvråka på Haiti

haiti_girl_1558332c.jpg
 

Folket på Haiti treng det meste. Ring Redd Barna på telf. 82044789 og gi di støtte.

..eller trykk på bildet for å kome til Røde Kors

"Rewind Love"

johnny_hide.jpg

Klikk på bildet slik at du kan høyre sangen som burde ha vunne MGP 2010.

Zumbatrening

Kvar onsdag i gymsalen ved Gursken oppvekstsenter kl 19.30-20.30 vert det zumbatrening.

Zumba er aerobicdans inspirert av latinamerikanske dansestilar. Kjenneteik på zumba er mykje hoftebevegelsar til pulserande rytmer. Du lærer mellom anna grunntrinn frå merengue, samba, salsa, reggeaton og cumbia. Det er lettlært, og ein spanande og kjekk måte å trene på!

Ønskjer du å vere med? Meld deg på! Pris 500 kr/12x
Oppstart, onsdag 6. januar 2010
Eg håpar mange ønskjer å prøve ut denne nye treningsforma som passar alle. Hugs! Gode aerobic/danseskoJ
Instruktør: Marita T.V. Refsnes
Mob.: 992 51 417

Johnny Hide i Melodi Grand Prix

Gjerdsvikaren Johnny Hide skal opptre under MGP på Ørland 8.januar neste år. Johnny er mest kjent frå gruppa Number Seven Deli, som han starta opp på slutten av 90-talet.
I Melodi Grand Prix skal Hide syngje ein song av Julian Berntzen som heiter Rewind love. – Låten er ein klassisk poplåt med hjarte/smerte-tematikk. Den er moderne, varm og autentisk, forklarer Hide til NRK.no.

http://www.nrk.no/programmer/tv/melodi_grand_prix/1.6868551

Romjulsdans på Adolfbuda

 Laurdag 2. juledag kl. 21:00 – 02:00 vert svingande danserytmer levert av Andrè Leikanger sitt einmannsorkester. Enkel servering med muligheit for pizza om kvelden. Aldersgrense 18 år

Kr. 200,- pr. person Påmelding innan 22. desember til Stian, 95230577.

Det har vist seg at romjulsdansen er populær, så her er det først til mølla som gjelder.

Julemesse på Fredtun fk. søndag

webadm4.jpeg

Søndag 15.november kl. 1400 blir det julemesse på Fredtun. Bygdafolket har lagt seg i selen og laga til flotte handverksprodukt og nydeleg julebakst - alt saman for sal. Det vert òg sal av lodd, tombola, kaffe og kaker.

Ny juleverkstad på Adolfbuda

I høve den komande julemessa, blir det på nytt juleverkstad på Adolfbuda torsdag 22. oktober kl. 1900 (same tid). I tida fram til julemessa, vert det verkstadskveldar kvar tirsdag og torsdag. Ta med idear og litt material.

Kundeavis Coop Marked Gjerdsvika

Her finn du gode tilbod frå Coop Marked i Gjerdsvika.


Kundeavis veke 43

Juleverkstad på Adolfbuda

I høve den komande julemessa, blir det juleverkstad på Adolfbuda tirsdag 20. oktober kl. 1900. Velkomen.

Sanco Spirit på prøvetur

"Sanco Spirit" er snart klar til levering frå Vaagland og har den siste tida gjennomført prøveturar.

"Sanco Spirit" er snart klar til levering frå Vaagland og har den siste tida gjennomført prøveturar.

Kystverket held fast på hamn i Gjerdsvika

webadm2.jpeg

I Handlingsprogrammet for Kystverket perioda 2010 – 2019 er framleis Gjerdsvika hamn inne på lista. Ramma er, etter det ein kan forstå, auka frå 119 til 132 mill. Oppstart er framleis 2014..

Aerobic med Marita startar opp igjen!

60 min. aerobicdans og styrketrening onsdagar i gymsalen ved Gursken oppvekstsenter kl 19.30-20.30. Oppstart 23. september 2009!

Du lærer enkle dansesteg i kombinasjonar til fengjande og rytmisk musikk.

Du får sterkare rygg og ein litt flatare mage
Du får meir overskot i kvardagen
Du blir glad
Det er sosialt
Det er eit billigare alternativ

For meir informasjon, gå inn på www.aerobicdans.no

Mvh.
Marita T.V. Refsnes

Fredtun fyller 50 år!

Fredtun fyller 50 år i år og det skal markerast. Søndag 20. september kl 1700 vert det storslagen feiring. Les meir i programmet..

Fredtun_50_aar.pdf

Epos til Gjerdsvika

Bokbåten kjem til Gjerdsvika 17.09.2009 frå kl. 13:15 til 15:00. Her kan du mellom anna oppleve "Trommelars og Rytmen som forsvant" av og med Lars Kolstad.

Kor er det blitt av rytmen til Trommelars? Bli med Trommelars og løyse mysteriet, og sjå om han får seg ei overrasking eller to undervegs...(!)
Lars Kolstad har i følgje seg sjølv halde på med trommar og rytmar så lenge han kan hugse. Han har musikklærarutdanning ved Høgskolen i Bergen og har jobba ved Steinerskulen på Skjold i 10 år, der han har fått full fridom til å utforske ”Rytmisk Musikk Pedagogikk”.

Prev12345Next