Vinn 10.000,-

No kan du meine noko om butikken i bygda og samstundes (om mogeleg) vinne 10.000 kroner.

Gå inn på..

..denne linken

Måling av skulen

webaasddm.jpeg

Det blir måling av skulen på fredag og laurdag fk. frå kl. 1800/1030. Møt opp og ta eit tak slik at ein kan sluttføre prosjektet. Sjølv om det, noko som er lite truleg, skulle vise seg å regne, er der framleis fine målejobbar å oppdrive.

Årsmøte Fredtun 29. januar 2014, kl. 19:00.

Sjå på "Fredtun" for å få opplysningar om saksliste osb.

Årsmøte på Fredtun 29. januar 2014, kl. 19:00.

Sjå på "Fredtun" for å få opplysningar om saksliste osb.

Informasjonsmøte fibernett i Gjerdsvika

Frieri på Adolfbuda
c_114_8_356_380_w_338_h_361_135508.jpg

I mellom anna VG i dag kan ein lese om den overraskande vendinga 30-års gildet tok:

http://www.vgtv.no/#!/video/78097/se-stine-karolines-danse-frieri-til-kjaeresten

screenshot_2014_04_13_21_30_39.png
Intersport har oppdaga Gjerdsvika

Ikkje uventa har sportskjeda valgt å filme frå Hidsneset i sabmband med sine nye reklamefilm.
Sjekk sidene til Intersport

screenshot_2014_04_13_21_30_39.png
Intersport har (endeleg) oppdaga Gjerdsvika

I sin nyaste reklamefilm har Intersport vald å legge deler av den til Hidsneset. Godt forståeleg! Les meir på sidene til Intersport

MDIG 2009 i bilder

MDIG 2009 - ny suksess!

webad.jpeg

Trass i eit ufyseleg ver, må ein kunne kalle dei Maritime Dagane 2009 for ein suksess. Med den største lopppemarkanden i histora, høg kvalitet på utstillarane, den beste maten så langt og ein stor gjeng med sporty og ihuga besøkande, kan ein ikkje anna enn gratulerer med eit vel gjennomført arrangement.

Sjekk elles bildeglimta på MDIG-sida

Maritim dans på Adolfbuda

Gjerdsvika Småbåtlag steller til danse- og rekefest og Narve Lied vil spele opp på Adolfbuda laurdag 16.august kl. 2100. Pris med servering kr. 250,-

Påmelding til Roar 95780281 eller Kjetil 45013476 snarast.

Program Maritime Dagar 2009

Velkomen til ramsalte festdagar med god heimelaga sjømat, koseleg marknadsgate med eit breidt spekter innanfor kunst og handtverk, maritim historikk, båtutstillingar, velsmakande lokalmat, spanande loppemarknad og kjekke leikar. Aktivitetar for dei fleste, i ei roleg og avslappande atmosfære.


Fredag 14. august
Kl. 1800 – Diskotek for dei yngste - Adolfbuda

Laurdag 15. august
Kl. 1200 - Opning av loppemarknaden
Kl. 1200 – Marknadsgata opnar
Kl. 1200 - Kafèen opnar
Kl. 1400 - Oppvisning Herøy & Sande Seniordans
Kl. 1430 - Trylleshow med Lars Erik
Kl. 1530 – Underhaldning i teltet
Kl. 1800 - Marknadsgata stenger
Kl. 2100 - Dans på Adolfbuda, med Narve Lied, 18 års grense – påmelding til 95780281

Søndag 16. august
Kl. 1200 - Opning av loppemarknaden
Kl. 1200 - Marknadsgata opnar
Kl. 1200 – Kafèen opnar
Kl. 1300 – Historisk foredrag Per Ole Reite
Kl. 1400 - Trylleshow med Lars Erik
Kl. 1430 – Auksjon av gamle gjenstandar
Kl. 1530 – Intimkonsert
Kl. 1600 – Kåring av beste stand/utstilling
Kl. 1800 - Marknadsgata stenger

Klovnen Lars Erik gjøglar med borna - Teiknekonkurranse - Knute- og spleisekurs


Fyljande kvalitetsutstillarar vil du finne på dagane:

Per Ole Reite - forfattar
Maribakst - bakevarer
Hege Sørdal - filtprodukter
Ira Ulvan - papertole
Laila Solhaug - måleri
Ruben Solhaug - trykk
Ivar Sulebakk - fotografi
Cecilie Lid Hole - trykk og makramèsmykker
Caroline Kvalen - glasblåsing
Gode Greier - saft, gele og sylte
Humborstad - kjøtprodukter
Njardar - Sjømat
Gjerdsvika Kulturlag - historisk materiale & t-trøyer
Kristin Blomvik – handstrikk
Anna Iwaniec – fotografi & måleri
Inger Harsjøen – strikk
Brit Muren - handverksprodukter
Else K. Garshol – pilfletting
Brit T. Dimmen - smykker
Tone Tjervåg - smykker

På menyen: grilla kvalkjøt, kvit & raud bacalao, fiskesuppe, skaldyrsuppe, sveler og eit hav av ulike kaker. Alt laga på gamlemåten. Snoperi med is, brus, popkorn, kjærleik på staur, tombola osb.

Det er bankterminal på området. Parkering på tilvist plass - høve til transport til og frå. Gratis inngang.

Maritime Dagar hos TVSunnmøre

Leiar i Adolfbuda, Magne Hjelle, var onsdag gjest hos TV Sunnmøre og fortalde om festdagane på hamna i Gjerdsvika.

Link til TV Sunnmøre

Søkjer lokale artistar

Maritime Dagar søkjer etter lokale artistar til underhaldning i marknadsgata den 15. august. Ta kontakt med Roy Muren på telf. 91852550

Coop Marked vekeavis

Coop Marked tilbodsavis veke 27

Loppemarknad MDIG 2009

Har du lopper som du gjerne vil bli kvitt? Ta kontakt med Jona-Lise 99106311 eller Margit 41550298. Alt, unnateke elektriske artiklar og stoffmøblar, er av interesse.

Langope & gode tilbod på Coop Marked Gjerdsvika

I samband med kulturfestivalen Vindròsa held Coop Marked Gjerdsvika ope til kl. 18 på fredag og laurdag.
Gode tilbod med mellom anna 40% rabatt på frukt og grønt samt smaksprøver frå C&C bakeriet på sjokolade og marsipankake.

Ta turen innom for ein hyggeleg handel.

Tilbod Coop Marked Gjerdsvika

Tilbudsavis for Coop Marked Gjerdsvika

Jonsokaftan

Vi arrangerer jonsokfeiring på fotballbana frå kl. 17:30.
Fantetog frå Fredtun kl. 17:00.
Sal av rømmegraut mm.
Vel møtt!

Gjerdsvika IL.

Mykje lefse på julemessa

webadm.jpeg

Førstkomande søndag (15.11) klokka 14 er det julemesse på Fredtun. Der vert det sal av heimebakst, handarbeid og diverse småartiklar laga av nemmsame hender i bygda. Jungeltelegrafen kviskrar at Husmorlaget vil syte for nærare 800 lefser til messa!


- I tillegg vert det kake- og kaffisal, seier Jonna Lise Gjerde, ei
av damene i komiteen som har arbeidd for å få alt på plass til dørene opnar på søndag. Saman med kulturlagsleiar Veronika Bonaa var ho tysdag i gong med å dyppe, rulle og lage til kokosstenger. Andre damer tok seg av kokosmakronene.
- Det viser seg at julebakst er noko folk vil ha. Det er nok
fleire og fleire som synest det er greitt å supplere med småkaker frå messa til jul, seier Bonaa. Komiteen har bede inn til juleverkstad kvar tysdag og torsdag på Adolfbuda siste månaden, og har etterkvart laga seg opp ei flott samling med julegåveartiklar. Bonaa presiserer likevel at dei viktigaste bidraga kjem frå bygdafolket som sit heime og lagar ulike ting.
Husmorlaget er ein av dei viktigaste støttespelarane.

Mykje lefse

Kvart år møtest dei driftige damene i Gjerdsvika Kvinne- og familielag for å bake lefser til messa. Det gir kjærkoma pengar i kassa til dei frivillege laga, og er ikkje minst eit trekkplaster for dei som sett pris på heimebaka lefse.
I tillegg til lefse og heimebakst vert det også strikka småplagg, duker, brikkar, kort og trearbeid. Det er fjerde gong Fredtun, Adolfbuda og Kulturlaget samarbeider om å ha julemesse.
- Vi ønskjer alle velkomne for både kike og kjøpe, reklamerer damene, og legg til at det også vert høve til å ta lodd på tombola der ein kan vinne flotte premier. Hovudpremien er ei dokke med tilhøyrande heimelaga garderobe.

Prev12345