GJERDSVIKA HAMN
gjerdsvika_hamn.jpg

09.09.2003

Gjerdsvika hamn kan verte det neste store næringspolitiske prosjektet i Sande.

Prosjektet ligg pr. i dag inne i Kystverket sitt handlingsprogram med 7.2 mill. kroner i 2005 og 19.8 mill. kroner i 2006.

I tillegg skal opparbeiding av nytt industriareal på land og utbygging av kaier delfinansierast gjennom Regionalt utviklingsprogram (RUP)

Henta frå Arbeiderpartiet sine sider

 

Den økonomiske ramma til Kystverket vart i Statsbudsjettet for 2003 redusert med 30 mill.kroner i høve til året før og sentrale styresmakter har pålagt Kystverket å prioritere farleidene i dei komande åra.

Dersom regjeringa sine skatteløfter på 13 milliardar kroner for dei neste åra skal gjennomførast vil det ikkje være sjølvsagt at dette prosjektet fell på plass av seg sjølv.

Det vil ikkje være nok at tiltaket vert programfesta i dei ulike lokale partia sine program.

Det vil krevje at framtidig politisk leiing i Sande tek tak i dette prosjektet og gjennomfører møter med Kystverket og sentrale myndigheiter for at prosjektet skal falle på plass.

Utbygginga av Gjerdsvika hamn vil kunne gi industrien konkurranse fordelar gjennom betre sjøtilgang og opparbeiding av rimeleg industriareal. Men ein kommunal andel på 1-2-3 mill.kroner kan ein løyse ut investeringar på godt over 30 mill.kroner og dette er god lokal industripolitikk.

Kjell Martin Vikene

ordførarkandidat for Sande Arbeiderparti