
Dialogmøte i høve kommuneplanen - Gjerdsvika
Sande kommune inviterer innbyggarar, næringsliv, frivillige lag og organisasjonar til ope dialog-møte på Adolfbuda 3.november kl. 1800. Frå Sande kommune vil det m.a. bli informert om dei planprosessane som no går føre seg. Sande Næringsforum KF vil vidare orientere om si rolle som rådgjevar og støttespelar for næringslivet.
Dagens Næringsliv rapporterar frå Sande..
No har også storavisa Dagens Næringsliv teke til å vise interesse for resultatet av lokaliseringsstriden knytta til NAV-kontoret i Sande kommune.
Rullering av kommuneplan for idrett i Sande Kommune
I kommuneplanen er det gjort framlegg om å sette gymsalen i Gjerdsvika inn på 5.plass etter rehabilitering av grusbana på Larsnes, etter gymsal på Larsnes, etter utviding av klubbhus Larsnes og etter Sandehallen i Gursken. Trass i at ein frå Gjerdsvika si side har bedt om at gymsalen i Gjerdsvika går føre, ved at denne er ei rein kommunal oppgåve, stiller administrasjonen prosjekta opp i mot kvarandre.
Som ein kan sjå av vedlagt innkalling skal det gå føre seg ein møte i idrettsrådet på Larsnes 18.09.07 kl. 1745 og det er viktig at ein møter og gjev beskjed.
Gjerdsvika hamn
Det Faste Planutvalet har i sak 16/07, vedteke eit revidert framlegg til reguleringsplan Gjerdsvika hamn. Planframlegg og tilhøyrande saksdokument vert med dette utlagt til offentleg ettersyn på Sande Rådhus i tidsromet 26.06. - 12.08.2007, jmf.§ 27-1 nr. 2 i Plan og bygningslova.
Evt. merknader til planane skal sendast til Det Faste Planutvalet 6085 Larsnes innan 12.08.2007.
Sjå elles sande kommune sine nettsider


Fantastisk attraktive tomter i byggefeltet i Dekkjene - klar til bygging.

Scroll ned og finn ei oversikt over dei breibandsaktørane som ein kan velge mellom i høve breiband i Gjerdsvika. Ein kan også finne prisar på dei ulike hastigheitene som vert tilbudt.
..feil eller manglar? - ta kontakt for oppretting

På sidene til Sande kommune finn du meir informasjon om kva som skjer i kommuna og kva debattar og saker som er aktuelle. Dersom fleire les kva som kjem frå det politiske miljøet kan ein sete seg meir inn i kva som skjer og kvifor.
Gå derfor inn på Sande kommune sine sider og engasjer deg!

Det vart eit godt møte for representantane med synfaring av eit nytt flott byggefelt i Dekkjene og ein visitt på den nye barnehagen i bygda. Det heile vart avslutta med møtevirksomheit, middag og kaffe og kaker på Adolfbuda.
Resultatet av Kommunevalet i Sande 2007
AP (2) Kjell Martin Vikene & Annbjørg Rovde Frågot
SP (4) Jon Garen, Olav Myklebust, Tore Almestad & Anker Hagen
SV (0)
KRF (2) Per Arne Lillebø & Åge Sandvik
H (5) Dag Vaagen, Arne Dyrhol, Inge Jonny Hide, Ivar Slettevoll & Mathias Gjerde
FRP (3) Kåre Fjørtoft, Kjartan Bleie & Henriette Hauge
TLKS (5) Helge Støylen, Bjørn Vaage, Bjørn Flatøy, Kristin Grande & Ragnar Kvamme
Gjerdsvika.no tek atterhald om alle mogelege feil!