Folkemøte(!) om vindparken på Gurskøyfjella

Info. saksa frå Sande kommune i dag:

Folkemøte om Haugshornet Vindpark
I samband med departementets klage- og innsigelsesbefaring den 20.04.2009, er det ope folkemøte på forsamlingshuset Vonheim den 20.04.09 kl 12:00.

Program:
kl 12:00, Korte innlegg frå:
- Olje- og energidep. og Miljøverndep.
- StatoilHydro ASA / Tussa Energi AS
- Møre og Romsdal Fylke
- Sande kommune
Etter innlegga opnar ein for debatt/meiningsytringar.

Kl 13:30 avreise befaring med buss
- Kort stopp i Gjerdsvika
- Kort stopp i Drageskaret
- Kort stopp på Almestad
- Stopp ved Leikongeidet, fottur opp i planområdet.

Retur med buss til Haugsbygda kl 17:00.

Dyrare straum for naboar til vindkraftanlegg?

Avisa Nationen melder i dag at grannar til vindkraftanlegg kan risikere å betale ei høgare nettleige som resultat av auka investeringar i linjenettet.

Les meir i Nationen

Klage på NVE sitt vedtak om vindturbinane på Gurskøyfjellet

NVE avslo som kjent konsesjonssøknaden i høve Haugshornet Vindpark. Pådrivarane, Tussa og StatoilHydro, har anka dette til OED og ein kan lese dette dokumentet og vedlegget frå Sande Kommune under.

Klage_StatoilHydro_Tussa_Energi.pdf
Vedlegg_klage_Sande_kommune_1_.pdf

NVE avslo konsesjonssøknaden

webadm3.jpg

NVE avslo i dag konsesjonssøknaden frå StatoilHydro og Tussa om etablering av vindkraftverk på Gurskøyfjella.

Her finn du grunnen til avslaget

Sande Kommunestyre sa nok ein gang ja til industriområde på Gurskøyfjella

Eit fleirtal av representantane i kommunestyret sa tirsdag 4.mars ja til etableringa av eit industriområde på Gurskøyfjella. Nok ein gang trassa kommunen folkeviljen til dei som bur i området (med unntak av StatoilHydro-kompenserte grunneigarar og kommuneadministrasjonen) og stemte for at industriutbyggarane skal få legge beslag på siste rest av urørt natur på Gurskøya.

StatoilHydro har revidert søknaden og det er no opp til NVE å fatte ei avgjer i saka.

Her eksploderer ei vindmølle

webadm4.jpg

Bergens Tidende skriv i dag om det aukande talet på vindmøllehavari i Danmark. Seinast i forrige veke eksploderte ei vindmølle i Hornslet i Århus.

Sjekk video:
http://www.bt.no/utenriks/article516820.ece

Visualisering av vindparken - sett frå Gjerdsvika

webadm5.jpg

Utklipp frå StatoilHydro sin søknad

Frist for innspel til vindparken er 29.februar

På møtet som NVE heldt på Vonheim vart det opplyst ein frist for innsending av merknader til etableringa av vindparken på fjellkanten over oss i Gjerdsvika. Søknaden går no inn i sluttfasa og dette er siste høve til å kome med innspel til NVE før dei tek eit endeleg standpunkt.

http://www.nve.no/modules/module_111/netbasNVE.asp?iCategoryID=1403&script=9&objid=-39644

Frist for innspel til vindparken er 29.februar

På møtet som NVE heldt på Vonheim vart det opplyst ein frist for innsending av merknader til etableringa av vindparken på fjellkanten over oss i Gjerdsvika. Søknaden går no inn i sluttfasa og dette er siste høve til å kome med innspel til NVE før dei tek eit endeleg standpunkt.

http://www.nve.no/modules/module_111/netbasNVE.asp?iCategoryID=1403&script=9&objid=-39644

Folkemøte om vindturbinar på Haugshornet Industriområde

webadm2.jpg

NVE kallar inn til folkemøte i høve StatoilHydro/Tussa sin reviderte søknad om industriutbygginga på Gurskøyfjella. Møt opp på Vonheim i Haugsbygda 11.februar kl 19.00.
Du finn meir på fyljande sider:

http://www.nve.no/modules/module_111/netbasNVE.asp?iCategoryID=1403&script=9&objid=-39644

eller

http://www.sande-mr.kommune.no/Default.asp?page=2639&item=34433,1〈=1

Ikkje auka tilskot til vindkraft

webadm1.jpg

Energiminister Odd Roger Enoksen vil satse på andre energiformer om ikkje vindkraftprodusentane klarer seg med noverande støttemidlar


Les artikkelen i Europower

Sande Kommunestyre sa ja til industriområde på Gurskøyfjella
gursk_yfjella.jpg

Eit fleirtal av representantane i kommunestyret (alle stort sett på sørsida av Drageskaret og på Sandsøya/Kvamsøya) sa på tirsdag ja til etableringa av eit industriområde på Gurskøyfjella.
Representantane trassa då folkeviljen til dei som bur i området (med unntak av Hydro-kompenserte grunneigarar) og stemte for at industriutbyggarane skal få legge beslag på siste rest av urørt natur på Gurskøya.
Det er no opp til Noregs Vassdrags- og energidirektorat (NVE) å behandle søknaden. Desse har tidlegare signalisert at dersom lokale styresmakter gjekk imot søknaden, ville truleg ikkje NVE gje konsesjon til Hydro/Tussa. Slik gjekk det som kjent ikkje.

Sjekk fråsegn frå Haugshornet VP sin sakshandsamar; Nils Henrik Johnson

 

Brev til Sande kommune i høve underskriftsliste mot etabl. av Haugshornet Vindpark

Sande Kommune
Kommunestyret

Gjerdsvika 29.mai 2006

Underskriftslist - Synleggjering av vindparkmotstanden

Administrasjonen og den politiske leiing i Sande kommune har forsøkt å ”latterleggjere” motstandarane av vindparken på Haugshornet.
Difor har det vore naudsynt å ta ei opptelling av motstanden i Gjerdsvika i denne saka.

Etter ein aksjon med kort tidsfrist i Gjerdsvika, var det klart at talet på personar som seier nei til vindturbinar på Gurskøya, er langt større enn det som ein finn att i den tynne argumentasjonen til rådmannen og enkelte medlemar i formannskapet.

Under handsaminga av saka vart det nærast hevda at alle dei som ikkje hadde notert seg på motstandslista, vart tekne til inntekt for ei postiv haldning til vindparksaka – og med det, eit forsøk på å minimere gruppa med motstandarar.

Underskriftslista har vore meint som eit initiativ for å vise stemninga i Gjerdsvika, men har òg innslag frå andre nabobygder, ved at desse har teikna seg som motstandarar. Sjølv med kort tidsfrist, har aksjonen medført at 160 innbyggarar frå Gjerdsvika og 65 frå nabobygdene (særskilt frå Gursken), har skreve under på oppropet om å seie nei vindturbinar på Gurskøya.

Ein må stille seg undrande til at ein som nærast naboar på nordsida av den planlagde vindparken, ikkje har blitt større vektlagd som høyringspart i denne saka. Etablering av ein slik vindpark vil gripe inn i liva våre i form av ei sterk redusering av livsgrunnlag, livskvalitet, eigedomsverdiar på inn og utmark eller som forringing av samfunnsutviklinga på Ytre Søre Sunnmøre.

Ein vil difor oppmode Sande Kommunestyre om å stemme nei til etableringa av vindparken på Haugshornet.

Med helsing
160 gjerdsvikarar og 65 personar frå nabobygdene
Sjå vedlagt liste

Høyringsfråsegn Haugshornet VP - Rute 6A

Les Rute 6A si høyringsfråsegn i høve kosesjonssøknaden for Haugshornet Vindpark.

 UTTALE_rute6a.pdf

Innspel til høyring Haugshornet Vindpark - Gjerde og Sandanger Grunneigarlag
haugshornet_vindpark.jpg

Her kan du lese høyringsfråsegna som Gjerde og Sandanger Grunneigarlag har sendt til NVE i samband med konsesjonssøknaden om etableringa av Haugshornet Vindpark.

 gsg_innspel_til_nve_haugshornet.pdf

Høyr og sjå kva Miljøvernforbundet meiner om vindmøller

Her kan du sjå ein video av Kurt Oddekalv i Miljøvernforbundet der denne snakkar om deira sitt syn på vindmøller.

NMF sitt syn på vindkraftutbygginga

Høyringsfråsegn Norges Naturvernforbund - Haugshornet Vindpark
norges_naturvernforbund.jpg

Her kan du lese Naturnvernforbundet si fråsegn i høve Hydro/Tussa sin konsesjonssøknad om etablering av Haugshornet Vindpark

 Hoyringsfraasegn_Haugshornet_naturvernforbund.pdf

Høyringsfråsegn Haugshornet vindpark - Stopp Raseringa Av Kysten (SRAK)
srak.jpg

Her kan du lese Stopp Raseringa Av Kysten sin høyringsfråsegn i høve NVE si behandling av Haugshornet Vindpark.

 SRAK_h_yringsut_Haugshornet_Vindpark.pdf

Heftig vindmølledebatt i Gjerdsvika

Fredag kveld hadde Gjerde og Sandanger Grunneigarlag eit ope møte om Haugshornet Vindpark. Frå Danmark hadde vindkraftspesialisten Erwin Thorius teke vegen til Gjerdsvika.
Han heldt eit interessant innlegg om danskane sine erfaringar med vindkraft dei siste åra. Sjølv er han nabo til 3 vindmøller, og er også leiar for landsforeninga ”Naboer til vindmøller”. Dette er ein interesseorganisasjon som arbeider for å få vindmølllene plassert langt borte frå der det bur folk . Men foreninga er også tilslutta SDE – ein organisasjon som jobbar for El-forbrukarane sine interesser i Danmark. Danske forbrukarar betalar ein god del meir for straumen enn vi gjere, sjølv om skilnaden har minka i det siste.

I Danmark gjer vindkrafta at forbrukarane får ein ekstrakostnad på straumrekninga på 2 Milliardar kroner årleg, noko dei godt kunne ha tenkt seg å unnvere.Danskane har problem med å selje vindkrafta si, dei må ofte gi den frå seg gratis til Norge,Sverige og Danmark . Kvar gong danskane spør Norge om dei treng kraft, får dei til svar at det er greit så lenge dei får den gratis. Dette kostar danskane milliardbeløp kvart år, fordi vindkraftprodusentane er garanterte ein fast pris på straumen. Differansen er det dei danske straumforbrukarane som må betale. Også av denne grunn kan Thorius ikkje forstå at det er
nødvendig med store vindkraftparkar i Norge. Den lokale kraftkrisa som det vert truga med, må løysast nasjonalt,ikkje lokalt, seier han.

I Danmark er det så godt som slutt med bygging av vindmøller på landjorda. Dei har konkrete planar om å fjerne så godt som alle vindmøller på landjorda , og plassere dei langt til havs der dei ikkje er til sjenanse for folk.
Thorius var denne veka på Vigra og fekk der inngåande kjennskap til Havsul-prosjektet og konsekvensane av dette. Han fekk også omvisning på Gurskøya og i Fosnavåg. Budskapet han hadde til folket på Søre Sunnmøre, var at dette var reine galskapen.Han trudde ikkje det kan ha gått opp for folk at vi har ein fantastisk natur, og at vi kan nyte stillheita slik det no er. - Dette kan vi gløyme om prosjektet vert utbygd. Folket spesielt i Gjerdsvika og Gursken vil få ein sterkt redusert livskvalitet.

Han påpeikte også at lysblink frå vindmøllene vil verte eit betydeleg problem i området. Erfaringar han hadde , tilsa at minst 2 % av befolkninga ville ta direkte skade av denne form for påvirkning, som ville gi stress, søvnproblem, auka agressivitet, og auka risiko for blodpropp. Dette ville belaste kommuna sin økonomi meir enn det Hydro sin kompensasjon ville gi.

Erwin Thorius avviste også at prosjektet ville vere positivt for turisme, slik enkelte har hevda. ”Eventuelle turistar vil kome av medlidenhet med folket ” sa han.
NATUR:
Hallstein Lynge får ”Rute 6A” heldt så ein interessant bildeframsyning om naturen vår på Søre Sunnmøre. Han la spesielt vekt på at dette prosjektet ville rasere naturen vår, og at han som maskinkonstruktør såg store betenkjelegheiter med å plassere desse konstruksjonane på fjelltoppane ved Gjerdsvika. Han følte seg overbevist om at dei i ein ny nyttårsorkan ville dette som dominobrikker, med dei konsekvensane det ville få.

STØY:
Hallvard Slettevoll, som representerte Stopp rasering av kysten, snakka så om støy frå vindmøller. Han peikte på at regelverket som staten har om akseptabel støy frå vindmøller,er svært mangelfult utforma, og meir eigna til å tekkjast vindkraftindustrien, enn å verne dei som bur i området mot for mykje støy. SFT som har ansvaret for dette, har faktisk ikkje laga noko øvre krav om kor mykje støy som kan tillatast, berre ”anbefalingar” . Desse anbefalingane er attpåtil utrekna etter eit årsgjennomsnitt, og tek ikkje hensyn til lavfrekvent, buldrande støy, noko som er typisk for vindmøller. Og utan eit skikkeleg regelverk på området, er det i prinsippet fritt fram for utbyggarane.
Då er det ikkje så rart dei hevdar at støy ikkje er noko problem. Nei -kanskje ikkje, i høve til eit mangelfullt regelverk, men folket vil site igjen med problemet. Folket som soknar til Lindesnes Vindpark veit kva dette handlar om. Der har dei no, etter at støyen vart utåleleg for mange, fått tilbud om ” Stille uteplassar ” . Dette er nok ein ny type konstruksjon som er ukjendt for dei fleste av oss. Dette er eit lydisolert glasbur som kan setast opp i hagen, der ein kan ” nyte ” litt stillheit.

Andre stadar har ein sett at naboar har vorte avhengige av medisin for å få sove.
Dei som har bedt om å få innløysing på eigedomane sine, har så langt , etter 7 års kamp , ikkje kome nokon veg.

DEBATT:
Til slutt vart det ein lang debatt der dei frammøtte fekk høve til å kome med sine spørsmål. Ein kommunepolitikar hadde teke turen til Gjerdsvika. I tillegg møtte Sverre Trollnes frå Hydro opp som tilhøyrar, ingen frå administrasjonen eller leiinga i Sande kommune. Oddmund Sandanger ville ha betre simulering av støyforholda i bygd enn det som til no var laga. Otto Sandanger etterlyste også visualiseringsbilder frå Gjerdsvika. Geir Gjerde stilte spørsmål til Trollnes om dei maksimale vindpåkjenningane som er registrerte på Haugshornet. Til fleire sin overraskelse måtte Trollnes bekrefta at det ikkje eksisterer nokon logg for kor høge maksimalverdiar for kastevind som er på fjella, då dette var krevande å måle.

Svein Kvalsund uttrykte stor engstelse både for støy, iskasting, lause delar som kunne kome igjennom lufta, samt lysblink når sola skin igjennom vindmølleblada. Han kunne vanskeleg sjå føre seg at det vart buandes dersom vindmøllene vert bygde.

Hjalmar Slettevoll peika på at det ikkje var å undrast at Gjerdsvikarane er skeptiske til ”lovnadar og garantiar” som tilfeldige representantar frå utbyggarane kom med. Også dei som bygde kraftverket i Gjerdsvika for meir enn 50 år sidan, kom med slike. Slike lovnadar har hatt null verdi i ettertid. Slettevoll peika også på at Gjerdsvikarane har teke eit betydeleg
samfunnsansvar ved å bygge ut Sædalsvatnet til vasskraftverk, og med dei ulemper dette har påført bygda i snart 100 år.

Også Erwin Thorius gjentok fleire gongar at lovnadar som ” vi tror, vi mener, vi ønsker, eller vi garanterer ” ikkje har nokon verdi for dei som er naboar til vindmøller. - Når først vindmøllene har kome opp, vert dei aldri fjerna.

Ope møte om vindmølleparken
vindm_lleparken.jpg

NVE arrangerer offentlig møte på Vonheim tirsdag 7. februar 2006 kl 1900. Møt opp og vis at du bryr deg!!

Her finn du søknaden som Tussa og Hydro har sendt inn

12Next
Viltaften på Adolfbuda Laurdag 30 September 2017
Viltaften på Adolfbuda Laurdag 30 September 2017
21.08.17 13:06
 
30.03.17 11:05
Opningstider treningssenter
Kvar dag mellom 06 - 23
27.03.17 23:09
Prisar treningssenter 2017
Prisar pr år
Ordinær pris pr år 1800,-
Pris tilsett sponsor pr år: 1450,- 
Pris privat sponsor pr år: 1450,-
Ordinær pris familie pr år: 3500,-
Pris familie privat sponsor: 2800.

Pris pr halvår
Ordinær pris pr halvår 1000,-
Pris tilsett sponsor pr halvår: 800,-
Pris privat sponsor pr halvår: 800,-
Ordinær pris familie pr halvår: 1800,-
Pris familie privat sponsor pr halvår: 1450,-

Månedsavgift
200,-

Vekesavgift
100,-

Betaling til kontonr 3910 53 69542. Merk med mobilnummer
27.03.17 23:07
Reglar treningssenter
ALDERSGRENSE
Du kan trene på senteret frå det året du fyller 15 år. Dei som er mellom 13-15 år, kan trene saman med foreldre/føresette. TILGANG/MEDLEMSSKAP
Du får tilgang til senteret ved betaling av medlemsskap, og tilgangen varer til perioden er utløpt. Din tilgang er knytta til ditt mobilnummer, som vert registret ved kjøp av medlemsskap.Dette er personleg, og kan ikkje nyttast av andre enn deg sjølv. Det er berre personar med abonnement som slepp inn på treningssenteret.Dei som slepp inn personar utan abonnement kan risikere utvising. SIKKERHEIT/ANSVAR
Du kan få tilbud om gjennomgang av maskiner og utstyr. Dette ved å kontakte ansvarleg for senteret. Du er sjølv ansvarleg for å være helsemessig skikka til å nytte treningssenteret. Treningssenteret har ikkje ansvar for skader på person eller gjenstandar, eller tap av gjenstandar.
27.03.17 22:37