Referat vindparkutvalet for Gjerde og Sandanger Grunneigarlag
vindm_lleparken2.jpg

Utvalet var einige om den vidare strategien for gruppa ved at ein melder seg som part i vindparksaka. Om dette skal ein melde frå til Hydro, NVE, Sande Kommune, Møre og Romsdal Fylke v/ Landbruksavdelinga og Møre og Romsdal Fylke v/ Miljøvernavdelinga.

Ein var også samde om å undersøkje om det er andre utval ein skal informere.
Ein ville i eit slikt skriv be om å få oversendt all tidlegare og framtidig kommunikasjon som vedkjem saka og at ein vert rekna som direkte involvert i all framtid kva gjeld Haugshornet Vindpark.

Utvalet var samd om å stelle i stand eit informasjonsmøte for bygda på Fredtun 25.januar kl.1900. Der skal ein drøfte korleis vindparken vil påvirke innbyggarane i Gjerdsvika og til å hjelpe forsamlinga med informasjon vil ein be inn Alv Ottar Folkestad. Ein vil også by inn Sverre Trollnes frå Hydro.

Referat frå bygdamøte i Gjerdsvika – Haugshornet Vindpark
referat_fra_bygdam_tet.jpg

Onsdag 25.januar skipa Gjerde og Sandanger Grunneigarlag til bygdamøte for å gå gjennom konsekvensutgreiinga for Haugshornet Vindpark.

Etter gjennomgang av utgreiinga viser det seg at Gjerdsvika er ei av dei bygdene som vert hardast råka av ei eventuell utbygging av vindparken. På møtet gjekk ein nøytralt gjennom konsekvensutgreiinga og la særleg vekt på bygda si rolle i denne saka.

Alf Ottar Folkestad var og invitert til møtet. Han orienterte ut frå dei kunnskapane han hadde om natur, miljø og vindmøller som han hadde arbeidd med i ei årrekkje.
Han ga uttrykk for at utgreiinga hadde store manglar og at den i stor grad ikkje var tilnærma realitetane. Rapporten hadde etter Folkestad si meining preg av å vere eit skrivebordsprodukt der ein ikkje hadde hatt kontakt med verken fagfolk, kjentfolk eller lokalbefolkning.

Vidare kom han inn på dei erfaringane han hadde gjort seg i høve støy frå slike vindmølleparkar. Der ein frå Hydro si side hevda skarpe støygrenser med avgrensa rekkevidde, meinte han at dette ikkje var rett og at ein, mellom anna i Gjerdsvika, ved ulike retningar, truleg ville oppleve langt sterkare støy som ville strekke seg lenger enn det som var definert i rapporten.

Han peika også på at det visuelle inntrykket frå dei vindmølleparkane som han hadde erfaring med, var at møllene tok over staden og dominerte terrenget i større grad om dei stod på fjellet enn om dei stod på lavlandet. Folkestad meinte at ein har eit unikt urørt område på Gurskøy-fjella som ein må ta vare på for framtida. Han la også vekt på at sjølv om vindkraft i seg sjølv er ein fornybar ressurs, var det ikkje einsbetydande med at ein her kunne ta av alt det beste naturen hadde å by på i høve lokalisering av det som ein rekna som naturperler.

Vidare viste Hallvard Slettevoll bileter frå staden der vindmølleparken er planlagt og orienterte også om hittil ukjende sider ved vindmølledrifta. Han viste og til rotorhavari på vindmøller lenger nord i landet og at dette har skapt farlege situasjonar for både folk og fe. Likeeins viste han til korleis terrenget vart påvirka/øydelagt av vegar inn til møllene. Det vart sterkt påpeika at ein mangla visualisering som viser vindmøllene frå ulike stadar i bygda!

Etter dette vart det gitt høve til spørsmål og kommentarer frå dei frammøtte. Stemninga i salen var utvilsomt negativ til vindmølleparken og det vart diskutert korleis ein skal organisere seg for å få eit breiast mogeleg engasjement frå bygda mot vindmølleparken.

Det vart avgjort at ein går vidare med dette og dannar ei gruppe som representerer eit tverrsnitt av bygda og ikkje minst kjem frå dei ulike større organisasjonane i Gjerdsvika.

Det vart bestemt at ein sender ut eit referat frå møtet til alle hustandane i bygda og at ein tek kontakt med ulike organisasjonar for eit vidare arbeid.

Ref. MG/260106

Bygdamøte om Vindmølleparken

Onsdag 25.januar kl. 1900 kallar Gjerde og Sandanger Grunneigarlag inn til informasjonsmøte på Fredtun om Haugshornet Vindpark. Bakgrunnen er at den planlagte vindparken får konsekvensar for innbyggarane i Gjerdsvika.

Tema for møtet vert gjennomgang av konsekvensutredninga for parken og ein får besøk av Alf Ottar Folkestad. Sverre Trollnes frå Hydro vert også invitert til å ta del.

Alle er hjarteleg velkomne til møtet

Vindmøller vil sprenge støygrenser - artikkel i Smp.
Hallvard Slettevoll, Ragnhild og Svein Kvalsund (foto SMP)
Hallvard Slettevoll, Ragnhild og Svein Kvalsund (foto SMP)

Les artikkel i Sunnmørsposten.

Vindmøller vil sprenge støygrenser

Konsekvensutredning for Haugshornet Vindmøllepark
utredninga.jpg

Det er i dag lagt ut ei konsekvensanalyse for vindmølleparken på Gurskøyfjella. Sjå linken nedanfor:

Til utredninga

Vindmølleparken: Omdefinering av tittel!

Redaksjonen har fått tilbakemeldingar på tittelen for vår artikkel om vindmølleparken på Haugshornet! Kartet som vart lagt ut er sjølvsagt offentleg, men tittelen påpeikar at det ikkje vert vist fram til folket, anna enn på eit bygdamøte i Haugsbygda.

Tittelen er endra.

(redaksjonen)

Vindmøllekartet Gjerdsvikarane ikkje har sett!
kart.jpg

Vi har motteke eit kart over plasseringa av vindmølleparken på Haugshornet. Ut i frå dette kartet kan ein sjå kor dei 150 meter høge vindmøllene vil synast frå heile distriktet og kanskje spesielt Leikong og Gjerdsvika. Dette til tross for at tilhengarane seier at dei ikkje vil vise igjen noko nemneverdig. Her kan de sjå sjølve.

Det har danna seg ei uoffisiel gruppe av motstandarar av vindmølleprosjektet som jobbar hardt for å informere innbyggjarane i distriktet om tiltaka som er på gong.


Kartet er meget utydeleg, så vi har laga ein illustrasjon som syner korleis plasseringa vil påvirke omgjevnaden. Merk at illustrasjonen kan avvike frå verklegheita.

 Kart_Vindm_lleplassering.pdf
 Illustrert_vindm_ller_1.gif
 Illustrert_vindm_ller_2.gif

Kritisk til vindmøller på Haugshornet
Vindmøllene sett frå Gjerdsvika. (Illustrasjonsfoto: Gjerdsvika.no)
Vindmøllene sett frå Gjerdsvika. (Illustrasjonsfoto: Gjerdsvika.no)

Gjennom ein artikkel i Vestlandsnytt tek Øyvind Gjerde føre seg vindmølleparken på Haugshornet og kva konsekvensar dette kan få for Gjerdsvika.

(Artikkelen er henta frå Vestlandsnytt)


Vindmøller kjem til å verte svært skjemmande. Dei vert synlege over store delar av Ytre Søre Sunnmøre. Eg trur ikkje folk heilt skjønar kor store dimensjonar det er snakk om.

Informasjon om vindmølleparken

 

Prev12