|
Jammen tok ikkje julenissen turen innom barnehagen i år også. Mot slutten av julesamlinga dukka han opp og vart kjempepopulær mellom små og store. Han hadde visstnok teke turen heilt frå Nordpolen, men sekken var uansett fylt av gode søte saker.
Elevar, tilsette og foreldre ved Gjerdsvika Skule stelte i stand ein feiande flott julefest på Fredtun torsdagskvelden. Spesielt elevane si framføring av eit tablå av bodskapen knytta til jula var framifrå. Ein mektig opplevelse av song og tekst. Utanom anna godt program var det gang kring juletreet og ei kaffiykt med masse god mat. Søndagsskule hausten 2010
Søndagsskulen sine arrangement hausten 2010
På Fredtun kl. 11
19. september 17. oktober 14. november 12. desember
helsing Aud, Margit, Aase, Grethe og Asbjørg (90141021) Exposed To Failure er med og tevlar om musikkpris
ETF er med og deltek i konkurransen om årets "Musikkpris på Nordvestlandet". Opplegget er i regi av Sunnmørsposten, Sparebanken Møre, Sommerfesten på Giske, Jugendfest og Ocean Sound Recordings.
Gå til denne sida - og gi stemma di til ETF.
Vestlandet sitt flytande bibliotek er på tokt og kjem til Gjerdsvika søndag 24.01.10 kl. 15.30. Kulturprogrammet startar kl. 16.00.
31.januar kl. 1600 går UKM 2009 av stabelen på Breidablikk, Larsnes
Meir info her
Her finn du meir info om og frå dei unge i Gjerdsvika Bilder fra åpninga av ballbingen 2004!Teikningane frå teiknekonkurransen!
Ballbingen er ferdig og er klar for åpning!
Då er ballbingen ferdig og klar til bruk. Dette vert markert med ei feiring på Søndag 3 oktober kl. 16.00. Staden er sjølvsagt i og rundt bingen.
Alle er velkomne!
Som kjent manglar det fortsatt ein del pengar før finansieringa av bingen er på plass, så alle pengegåver vert tatt gledelig i mot. Henvend deg då til Brynhild M. Sandanger.
Bygginga av ballbingen er i gong!
Allereie no kan ein sjå konturane av ballbingen og det er ikkje lenge før den kan takast i bruk.
| |
|