|
Bruken av gymnastikksalen skuleåret 2013-2014 Dei som er interessert i å nytte salen etter skuletid, kan sende ein søknad om dette til post.gjerdsvika@sande-mr.kommune.no
Skriv kva gruppe det gjeld, kva tidspunkt ein ynskjer og namn på ansvarleg person over 18 år.
Søknadfrist er 4. september 2013 Opning av gymsalen laurdag 2. mars Gjerdsvika Oppvekstsenter og Gjerdsvika Idrettslag byd inn til opningsfest i gymsalen laurdag 2. mars kl. 14. Ymse kulturinnslag, snorklipping og servering av mat og drikke. Vel møtt!
Jammen tok ikkje julenissen turen innom barnehagen i år også. Mot slutten av julesamlinga dukka han opp og vart kjempepopulær mellom små og store. Han hadde visstnok teke turen heilt frå Nordpolen, men sekken var uansett fylt av gode søte saker.
Elevar, tilsette og foreldre ved Gjerdsvika Skule stelte i stand ein feiande flott julefest på Fredtun torsdagskvelden. Spesielt elevane si framføring av eit tablå av bodskapen knytta til jula var framifrå. Ein mektig opplevelse av song og tekst. Utanom anna godt program var det gang kring juletreet og ei kaffiykt med masse god mat. Ja til gymsal i Gjerdsvika
Etter 30 års kamp ser det no ut til at gymsalen kan kome til oppstart i 2010. Kommunestyret gjorde på tirsdag einstemmig vedtak i høve budsjettet der det mellom anna vart vedteke å løyve snart ein million i startløyving for neste år.
Du kan lese meir i Sunnmørsposten
Heimeside Gjerdsvika Oppvekstsenter
Epos til Gjerdsvika
Bokbåten kjem til Gjerdsvika 17.09.2009 frå kl. 13:15 til 15:00. Her kan du mellom anna oppleve "Trommelars og Rytmen som forsvant" av og med Lars Kolstad.
Kor er det blitt av rytmen til Trommelars? Bli med Trommelars og løyse mysteriet, og sjå om han får seg ei overrasking eller to undervegs...(!) Lars Kolstad har i følgje seg sjølv halde på med trommar og rytmar så lenge han kan hugse. Han har musikklærarutdanning ved Høgskolen i Bergen og har jobba ved Steinerskulen på Skjold i 10 år, der han har fått full fridom til å utforske ”Rytmisk Musikk Pedagogikk”.
Store og små fra skole og barnehage med ansatte, foreldre og søsken koste seg i sola med god prat og grillmat.
Fredag 19. juni var siste skoledag for elevene ved Gjerdsvika oppvekstsenter - og nok et skoleår er historie. Avslutningen ble holdt på tradisjonelt vis torsdagskvelden førut - først var det program på Fredtun og deretter grillling på skolen. Rektor Margrethe Kvamme ledet programmet - og kunne fortelle om et fint år med kjekke elever. At Gjerdsvika skole har mange talenter innen sang og musikk fikk vi virkelig bevist denne kvelden. Barnehagebarna åpnet med noen morsomme sanger og de sang med iver og lyst så det ljomet over salen, spesielt er de nok glad i tante Monica og hennes klær. Skolekoret med Petra Husøy var imponerende. Håvard Hedde i en moderne versjon og Halleluja ble sunget med innlevelse og gode solister. Hver klasse framførte også fram hver sine skjetser/sanger. Det er i år hele åtte elever som går i 5. og derfor skal inn i Gursken til høsten - de hadde laget sang til lærer Petra og hun fikk en velfortjent gave med takk for fine år. Tilslutt var det en avdeling der mange av bygdas musikere spilte, på piano og gitar. Vi gleder oss til å følge disse talentene videre. Kvelden ble avsluttet på skolen. Der hadde FAU ordnet med store griller - nok til "å ta unna trykket" når så mange skal grille samtidig. Her var både den tradisjonelle pølsen og litt mer avensert grillmat. Og med et så flott uteområde kunne de voksne betrakte ungene i god lek på lekeplassen og i ballbingen. Var det noen som egentlig ville hjem etter en så fin kveld? Kristin
Kommunestyret i Sande vedtok på budsjettmøtet i kveld å starte bygginga av ny gymsal i Gjerdsvika i 2008. Ei samla bygd stod bak ynskjemålet og lukkast med det.
Prosjektet ny gymsal ved Gjerdsvika Oppvekstsenter
Her er resultatet av prosjektarbeidet til arbeidsgruppa for ny gymnastikksal i Gjerdsvika.
Pengeløyvingar til ny gymsal
I ein jubelkveld av dimensjonar for Gjerdsvika skule og sjølvsagt også for bygda, løyvde kommunestyret i går pengar til bygging av gymsal. Vedtaket var einstemmig og ber bod om ei fornya satsing på skulen i Gjerdsvika.
Forholda ved den eksisterande gymsalen ved Gjerdsvika Oppvekstsenter er bokstaveleg talt mugne. Elevar med asmatiske tendensar kan ikkje opphalde seg der, og lærarane kvir seg for å ta med seg elevane i den vesle gymsalen utan garderobemoglegheiter og tilgang til toalett.
Det er difor grunn til å heise flagget og feire at ein no, i lag med Sande Kommune, har teke eit viktig steg vidare i høve realiseringa av gymsalen i bygda. I budsjettet vart det sett av kr 500.000,- i 2008 og kr. 1.000.000,- i 2009.
Skulestart med forviklingar
Dei fleste elevane i Sande starta skuleåret 04/05 utan andre problem enn å stå tidlegare opp om morgonen. Det vert rapportert om spente 6-åringar, glade elevar og smått stressa lærarar, slik det skal vere ved skulestart. Berre i Gjerdsvika har det vore visse komplikasjonar. Barnehageutbygginga ved skulen har gjort området til eit anleggsområde meir enn ein skule, og ikkje alle klasserom var tilgjengelege. Nokre av elevane har derfor fått utsett skulestarten eit par dagar. Ein ber om forståing for at ikkje alt ligg like godt til rette medan utbygginga pågår. Etterpå vil alt bli "så meget bedre".
Les meir om dette på Sande kommune sine sider
Endeleg er ballbingen ferdig og klar til bruk. Mange hadde møtt opp for å få med seg denne begivenheita.
Veret holdt seg og åpninga vart ein suksess! Brynhild M. Sandanger haldt tale og lukkelege vinnarar av teiknekonkurransen klipte band og markerte dermed ballbingen for offisielt åpna.
Etter åpninga vart det servert kake, bolla og brus.
Vi håpar at ballbingen vert nytta til eit stort mangfald aktivitetar. Ballbingen er konstruert for å kunne spele fotball, handball, basketball, volleyball, fotballtennis, tennis, badminton, landhockey og mykje meir. Det er kun fantasien som set stoppar for kva ein kan nytte bingen til. Lat alle få sleppe til slik at vi kan lære nye aktivitetar!
Ballbingen er ferdig og er klar for åpning!
Då er ballbingen ferdig og klar til bruk. Dette vert markert med ei feiring på Søndag 3 oktober kl. 16.00. Staden er sjølvsagt i og rundt bingen.
Alle er velkomne!
Som kjent manglar det fortsatt ein del pengar før finansieringa av bingen er på plass, så alle pengegåver vert tatt gledelig i mot. Henvend deg då til Brynhild M. Sandanger.
Bygginga av ballbingen er i gong!
Allereie no kan ein sjå konturane av ballbingen og det er ikkje lenge før den kan takast i bruk.
| |
|