Stiftingsmøte barne- og ungdomsklubben

Det vert stiftingsmøte for den nye barne-  og ungdomsklubben på Adolfbuda onsdag 4. januar kl. 1930. På programmet står forslag til vedtekter, val og drøftingar. Ta gjerne med forslag til kult namn på klubben.

Velkomen både til unge og eldre..

Oppstart av barne- og ungdomsklubb?

I samband med eit ynskje om å starte opp ein barne- og ungdomsklubb, byd ein inn til drøftingsmøte onsdag 7. desember kl. 1900 på Adolfbuda. Barn og ungdom i alle aldrar er velkomne til å delta med inn- og utspel i høve ei mogeleg realisering av ein slik klubb.